Møter god kollegial kritikk
LUKK

BOKMELDING

Møter god kollegial kritikk

Av Oddgeir Osland

Publisert 16. juni 2014 kl. 09:47

Boka er ikkje utan lyte. Men eit nesten perfekt avtrykk av eit skriveliv?

m-ter-god-kollegial-kritikk

Fakta
<

Korleis kommentere tekstane til ein som vandrar i dødsskuggedalen? Når ein endatil ikkje veit om han, når teksten kjem i omlaup, framleis går der? Eller om han har kome gjennom på den andre sida, eller – som ein kan vone – står på ein tuvetopp, i sollyset, ei kort stund? Korleis kommentere tekstane til ein som har offentleggjort sin eigen dødsdom, slik at medias monumentale kraft gjer det vanskeleg å lausrive tekstkommentaren frå alvoret i situasjonen til personen?

Kanskje med same realismen som hovudpersonen sjølv, Per Fugelli, målber? For Fugelli har gjennom tiår sett orda sine – ofte patosfylte og dei siste åra fandenivoldske, men paradoksalt nok alltid nøkterne – på ei grunnkjensle fleire av oss har: Det er så underleg her, i den medieverda som omkransar oss, når temaet er sjukdom og død. Det er som sjukdommens emosjonelle tyngde, også i filleplager, gjev den sjuke større argumentativ tyngde enn andre, til og med i spørsmål som knapt vedkjem sjølve sjukdommen. Det er som om årsaka til sjukdom alltid er urettvise, feilvurderingar, uansvarlege politikarar, dårlege styringssystem eller for lite pengar. Og av og til er det jo slik, også her, i verdas mest privilegerte nasjon. Men det er all tid eit spørsmål om tid, før den alvorlege sjukdommen råkar, før døden er eit andedrag unna. Lever ein lenge nok, vert sjukdom og død kvardag. Vi er alle dødsdømde. Og inga regjering kan endre det. Vi kan berre velje korleis vi skal leve med det. Og korleis vi skal vere overfor kvarandre.

Fleire av tekstane er eksemplariske døme på korleis den kritiske diskusjonen på det akademiske seminaret bør vere.

Fire kollegaer er inviterte til å kommentere i ei bok med 68 utvalde tekstar og tekstutdrag, skrivne av Fugelli gjennom 45 år. Ein kommentar knytt til kvart av hovudområda Fugelli har engasjert seg i, som laust samsvarer med hovudinndelinga av boka: Allmennmedisinen (Kirsti Malterud), Helsesamfunnet og fremmedfrykten (Steinar Westin), Himmelsyken, nokpunktet og livet (Anne Kveim Lie) og Medisinen og døden (Jan Frich). Alle kommentarane er gode. Fleire av dei er eksemplariske døme på korleis den kritiske diskusjonen på det akademiske seminaret bør vere. Dei søkjer å ekstrahere det beste i tekstane dei vurderer, in casu Fugellis moralske fordring, argumentasjon og form: Blikket for det sårbare mennesket. Understrekinga av fellesskap og fridomskjensle som kjelde til livskraft når sjukdom råkar, og av medisinen og ikkje minst allmennmedisinen som moralsk og fagleg basert klinisk praksis med lækjande kraft (men også potensielt tragiske feilvurderingar). Samfunnsdiagnosar prega av empirisk intuisjon og blikk for det vesentlege. Og denne særmerkte språkdrakta der nye ord vert skapte, og spissformuleringane tidvis står tett som torskerogn.

Og dei yter kritisk motstand mot veikskapane i argumentasjonen, i dette tilfellet i konkrete påpeikingar av generaliseringar med uklar empirisk støtte, og gjennom spesifisering og datering av dei allmenn- og samfunnsmedisinske dilemma han reiser. Og av og til med vennlege hint til overdrivingane og misjoneringa som også pregar Fugellis sakprosa.

Han skildrar korleis han mistok kreftsjukdom med misnøye, ei historie med dødeleg utgang.

Slike eksemplariske døme på akademisk kollegial kritikk fortel mykje om kommentatorane, men kanskje ikkje heilt lite om hovudpersonen heller? I mitt stille sinn deler eg av og til oss menneske og dei sosiale handlingane våre i to grupper: Dei som gjer menneska rundt seg større, og dei som gjer dei mindre. Paradokset er at nokre av dei som sjølve tar stor plass, også kan utvide rommet for andre og løfte dei fram. Den offentlege Per Fugelli gjer ofte det, kanskje gjeld det også kollegaen og venen?

Tenkinga som ligg under ei slik norm, vert openberr når Fugelli tenker over eigne mistak. Som i essayet Damen med hatten, der han skildrar korleis han mistok kreftsjukdom med misnøye, ei historie med dødeleg utgang. Eit lærestykke som er som ei lita novelle. Eineståande. Og boka har mange slike perler.

Andre tekstutval er henta frå dei samfunnsdiagnostiske bøkene, som Rød Resept. O-visjonen. Nokpunktet. Desse tekstutdraga kan både stå som ei oppsummering av og ein introduksjon for nye lesarar til Fugellis vedvarande kritikk av den utopiske førestellinga om eit lytefritt liv, og det einaste levelege alternativet: å vere raus overfor det ufullkomne ved oss sjølve og kvarandre. Men utvalet ber også preg av at Fugellis styrke som offentleg debattant er redaksjonelt krevjande. Styrken hans er evna til å gjenta seg sjølv utan heilt å gjere det. Den som vil påverke ålmenta, må halde fram hovudbodskapen på ulike arenaer. Insisterande. Kraftfullt. Men variasjonar kring same tema stiller andre krav innanfor to permar enn i bøker, artiklar og innlegg presenterte i ulike fora, til ulike tider.

Boka er altså ikkje utan lyte. Men kanskje er ho eit nesten perfekt avtrykk av eit skriveliv?