Når katastrofen rammar
LUKK
Annonse
Annonse

Når katastrofen rammar

Av Silje Pileberg

Publisert 5. november 2014 kl. 09:31

Jordskjelvforskaren Giulio Selvaggi skulle berre delta på eit møte. Fem år seinare sit han på tiltalebenken i ei ankesak, dømd for aktlaust drap på 29 menneske.

n-r-katastrofen-rammar


Kartet skulle hjelpe Giulio Selvaggi og dei andre forskarane å formidle jordskjelvrisiko. I staden vart det brukt mot dei.

n-r-katastrofen-rammar


Domstolen dømde fem forskarar for aktlaust drap på 29 av dei 309 som mista livet i jordskjelvet. Foto: Claudio Lattanzio/Epa/Scanpix

n-r-katastrofen-rammar


– Mange forskarar har kommunikasjonsutfordringar. Usikkerheita er ein del av kvardagen vår. Vi må jobbe konstant, seier Kuvvet Atakan. Foto: Paul Sigve Amundsen

n-r-katastrofen-rammar


I sommarhuset sitt utanfor Bodø finn ekteparet Giulio Selvaggi og Ingrid Hunstad ei ro det har blitt vanskeleg å finne heime i Italia. Foto: Tina Alnes-Jørgensen

n-r-katastrofen-rammar


På møtet sa forskarane at det er umogleg å føreseie eit jordskjelv. Fem dagar etter kom det store skjelvet. Foto: Alessandro Bianchi/Reuters/Scanpix

n-r-katastrofen-rammar

Fakta
<

– Det var ein perfekt dag for å bli frikjend, hugsar Guilio Selvaggi.

Utanfor rettslokalet i den italienske byen L’Aquila skein sola ned på dei blå fjella. Datoen var 22. oktober 2012, og auge frå heile verda hadde retta blikket mot ein trong rettssal i ein fjellby i Apeninnane.

Den italienske seismologen og forskingsdirektøren Giulio Selvaggi var éin av sju tiltalte. Fleire av hans velrenommerte kollegaer sat ved sida av han.

– Heilt fram til denne dagen trudde eg at eg ville bli frikjend. Men eg hadde ei underleg kjensle av urettferd inni meg.

Ryktesvirr

Drapstiltale er ein absurd tanke for dei fleste forskarar. For å forstå kva som hende i L’Aquila, må vi spole attende til 2009, då innbyggjarar i byen L’Aquila gjekk med nervane i heilspenn. I fleire månader hadde dei opplevd små jordskjelv, og rykta svirra om at eit stort skjelv var i vente. Særleg hadde ein pensjonert laboratorieteknikar skapt frykt. Han hadde plassert radonmålarar rundt om i regionen og meinte no å kunne føreseie det store skjelvet. Men metoden hans hadde inga støtte i vitskaplege studiar.

– Å spørje ein seismolog kva dag eit jordskjelv vil kome, er som å spørje ein meteorolog kva sekund den første regndropen skal falle. Jordas indre deformasjon og prosessane som leier til det, skjer svært sakte. I beste fall kan vi seie noko om sannsynet for eit stort jordskjelv i løpet av dei neste 30 åra, seier Kuvvet Atakan, seismologiprofessor ved Universitetet i Bergen.

Då det statlege sivilvernkontoret Protezione Civile inviterte nemnda Commissione Grandi Rischi til eit møte i L’Aquila 31. mars 2009, håpte innbyggjarane at dei skulle få vite kva dei burde gjere. I området var det lange tradisjonar for å ta med seg teppe og puter ut på ein piazza dei nettene det rista i husa.

Møtet som endra alt

Commissione Grandi Rischi er ei nemnd som skal informere italienske styresmakter om risiko, medan Protezione Civile skal fortelje innbyggjarane kva dei bør gjere. Giulio Selvaggi var eigentleg ikkje med i nemnda, men vart invitert med på møtet av sjefen sin, Enzo Boschi, dagen før. I all hast samla han saman instituttet sine siste rapportar og data.

[wip4: photo=720869 width=240 align=right]

– Eg såg fram til møtet. Eg var forskingsdirektør, og å formidle data frå instituttet var ein del av jobben min, seier han. 

I ettertid skulle Selvaggi ønskje at han hadde blitt forhindra. Møtet, der forskarar og representantar frå Protezione Civile og L’Aquila kommune deltok, skulle bli sett på som det som forandra alt.

På møtet sa forskarane at det er umogleg å føreseie eit jordskjelv, og at den einaste måten å verne seg mot jordskjelvrisiko på er å byggje sikre hus. Leiaren for det regionale sivilvernkontoret spurde om ho skulle tru på dei som gjekk rundt og spreidde frykt. Nemnda forklarte at småskjelv, ifølgje tidlegare erfaringar, ikkje seier noko om jordskjelvrisikoen i nær framtid, men at dei så visst dreg merksemda til eit område der eit stort skjelv vil kome før eller seinare.

Leiaren for regionkontoret takka ekspertane og sa at dei gjorde det mogleg for henne å roe ned publikum.

Etter møtet sette forskarane seg i bilane og køyrde attende til institutta sine. Pressekonferansen som vart halden, var dei ikkje inviterte til. TV-intervjuet som var blitt gjort før møtet, der visedirektøren i Protezione Civile sa at folk kunne ta det med ro fordi småskjelva «sleppte ut» energien, visste dei heller ingenting om.

Fem dagar etter kom det store skjelvet.

Ventar på Istanbul

Bakken ristar. Inne i husa kjennest det som om alt dansar, veggane, golvet, møblane. Og lyden – den forferdelege lyden – nokon skildrar han som ein «boaaaaah». Andre kallar det eit skrik. Hus ramlar saman, menneske blir gravlagde. Vi kunne ha vore i L’Aquila natt til 6. april 2009. Men vi skal flytte oss, frå fortida til framtida, frå L’Aquila til storbyen Istanbul.

[wip4: photo=720877 width=512 align=middle]

I 2005 avslutta seismologiprofessor Kuvvet Atakan EU-prosjektet Relief, der ein av konklusjonane var at det i løpet av 30 år vil kome eit kjempeskjelv i Istanbul, med 60 prosent sannsyn. Ifølgje prognosane kan 100.000 menneske døy fordi husa dei bur i kollapsar.

Atakan har sjølv tyrkisk bakgrunn. I 2005 tok han ein forskingstermin i Istanbul, der han inviterte bykommunen til møte. Ikledd dressjakke og slips stod han framfor ei forsamling på 150 tilsette i planleggingsavdelinga i byen. Roleg, sakleg og engasjert la han fram forskingsresultata og oppmoda dei til å ta grep.

Atakan syntest lenge at tyrkiske styresmakter gjorde altfor lite. I dag kjenner han seg noko lettare. Nyleg las han det han kallar ein «skrytebrosjyre», der det vart framheva at bykommunen har forsterka 846 bygningar til no, mellom anna 679 skulebygg og 29 sjukehus. Planen er å auke talet til 1969.

– Dette er gledelege tal som peikar i rett retning. Men det skjer i ein by med over ein million bygningar, seier Atakan.

Samtidig som gamle bygg blir sikra, er ei utbygging av ein ny bydel i sørvest, Silivri, under planlegging. Fem millionar menneske skal busetjast i bydelen, som ligg i det området der jordskjelvrisikoen er aller størst. Istanbul treng nemleg meir plass, og hadde ein valt eit alternativt område, ville det gått ut over vassforsyninga og grøntareala i byen.

Atakan fryktar at katastrofen ein dag vil ramme Istanbul, og han spør seg kven som då må ta ansvaret.

Å spå om framtida

Kristian Andenæs, professor i rettssosiologi ved Universitetet i Oslo, trur det skal mykje til for å finne meir dramatiske saker enn L’Aquila.

– Men tilsvarande kunne skjedd kvar som helst, trur eg, seier han.

Han kjenner ikkje saka godt. Men parallellen til det norske helsevesenet er slåande, meiner han.

Politikarar og styresmakter har ein sterk tendens til å høyre på det som passar dei.

– For nokre tiår sidan ville det vore nærast utenkjeleg å skulle reagere med straff overfor helseinstitusjonar eller personale som gjer ein feil. Men der ein tidlegare kunne gje ein tenestereaksjon eller ei irettesetjing, blir det i dag mykje raskare ropt etter straff og andre hardhendte reaksjonar.

Ifølgje Andenæs er L’Aquila-saka spesiell, og vi har ikkje sett ei slik sak i Noreg førebels. Men rettssosiologen meiner at saka i realiteten handlar om å spå om framtida, noko ulike faggrupper gjer heile tida.

– Politikarar og styresmakter har ein sterk tendens til å høyre på det som passar dei. Fagpersonar kan bli tatt til inntekt for andre ting enn det dei står for. Relativt mange som samarbeider med offentlege styresmakter, er irriterte på grunn av dette, også i Noreg.

Ein medieoperasjon

Det har vore spekulert i om Protezione Civile inviterte til møtet i L’Aquila med berre eitt mål for auget, nemleg å roe ned innbyggjarane. I eit telefonopptak gjort av politiet dagen før møtet, snakkar dåverande direktør i Protezione Civile med den regionale leiaren og kallar møtet ein «medieoperasjon» for å roe ned innbyggjarane. Ingen av dei to er førebels blitt dømde.

Arild Humlen, leiar for rettssikkerheitsutvalet til Advokatforeningen, kjenner ikkje saka, men han seier at det ikkje er uvanleg å dytte ansvaret nedover i systema for å avleie statleg systemsvikt. 

– Personar som forvaltar oppgåver der feilvurderingar kan få store konsekvensar, er alltid i ein utsett posisjon. Men det er viktig at staten inntar eit kollektivt ansvar, bortsett frå i situasjonar der det er snakk om forsett eller grov aktløyse.  

Tv-intervjuet med visedirektøren i Protezione Civile 31. mars 2009, der han sa at småskjelva «slepper ut» energien, var ein av misforståingane som festa seg hos innbyggjarane. Visedirektøren viste til forskarsamfunnet som kjelde, men ingen forskarar går med på å ha sagt det, sidan utsegna er fagleg feil.

Lik dom for alle

[wip4: photo=720870 width=512 align=middle]

Under heile rettssaka trudde Giulio Selvaggi at han skulle bli frikjend. Det var det alle rundt han sa: Alle kollegaene, alle toppadvokatane, alle unntatt éi: Selvaggi si norsk-italienske kone, Ingrid Hunstad.

– Advokatane tar for lett på det. Dei forstår ikkje alvoret, sa ho.

22. oktober 2012 fall dommen.

– Eg tenkte berre éin ting, nemleg at ingenting ville bli som før etter dette, hugsar Selvaggi.

Fem forskarar og to offentlege tenestemenn, mellom anna visedirektøren i Protezione Civile, vart dømde for aktlaust drap på 29 menneske. Straffa vart sett til seks års fengsel, tap av fleire sivile rettar, erstatningskrav på totalt 7,8 millionar euro og tap av retten til å motta løn frå den italienske staten.

Dommaren si grunngjeving var på 950 italienske sider. Her stod det at dei hadde analysert jordskjelvrisikoen på ein «overflatisk, omtrentleg og generisk» måte, og det vart også antyda at dei hadde tatt del i ein medieoperasjon for å roe ned innbyggjarane.

– Ifølgje aktoratet var dei ikkje tiltalte for å ha feila i å føreseie eit jordskjelv. Men når du les dommen, er det likevel det inntrykket du får, seier Alessandro Amato, ein seismolog ved insituttet INGV som har følgt rettssaka. 

Saka engasjerte forskarar globalt. I 2010 sende verdas største forskarforeining, The American Association for the Advancement of Science, eit ope brev til den italienske presidenten der dei oppmoda han om å gripe inn. Dei kalla tiltalen «urettferdig og naiv».

Fekk orden på formalitetane

At forskarane var medlemmer av ei nemnd, kan ha gjeve dei ei spesiell stilling. Det er nemleg ikkje slik at kunnskap alltid forpliktar.

– Det juridiske ansvaret inntreffer først når forskaren er i ein kontrakt med samfunnet som gjer han pliktig til å seie frå om det han veit, seier naturskadejurist Steinar Taubøll ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. 

På møtet i L’Aquila var det ikkje mange nok nemndsmedlemmer til stades for at møtet skulle vere gyldig. Dommaren løyste problemet ved å inkludere fleire møtedeltakarar, mellom andre Selvaggi, som vikarierande medlemmer av nemnda.

Skal forskargruppa levere resultat som styresmaktene skal ta ei avgjerd på grunnlag av? Eller skal forskarane ta avgjerda?

Eit etisk ansvar

Kuvvet Atakan meiner at dommen i L’Aquila var for streng. Viss ein feil var blitt gjord, kunne ein kanskje bytt ut komitémedlemmene, foreslår han.

– Korleis skulle komiteen klare å formidle usikkerheita til folket, når folket var i ein heilt utruleg situasjon, og ganske prega, spør han. 

Sjølv opplever at han har eit ansvar, uansett om han er med i ei nemnd eller ikkje.

– Eg har eit etisk og moralsk ansvar for å formidle den kunnskapen eg sit med. Vi forskarar er opptatt av å publisere, og ofte manglar vi erfaring eller trening i kommunikasjon. Dette må vi ta alvorleg.  

Øyvind Mikkelsen, leiar i Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi, meiner at det er mykje å lære av L’Aquila-saka. 

– I dei norske forskingsetiske retningslinjene står det at vi skal ta omsyn til erfaringsbasert kunnskap. Dette er nok ikkje vanleg i mange europeiske land. Saka tyder på at folk i området sat med nettopp ein slik kunnskap, seier han, og held fram:

– Ein må også ha ei tydeleg ansvarsfordeling. Skal forskargruppa levere resultat som styresmaktene skal ta ei avgjerd på grunnlag av? Eller skal forskarane ta avgjerda? Samfunnet rundt må få vite dette. Forskingsresultata må i tillegg vere tilgjengelege.

Og til slutt: Når styresmaktene har innhenta data, handsama dei og kome til ein konklusjon, bør ein rimeleg stor risiko utløyse ei handling. I L’Aquila oppmoda forskarane styresmaktene til å sikre bygningar. Fem dagar ville vore for lite tid, men styresmaktene var blitt oppmoda også tidlegare. 

– Bygningsstrukturen i L’Aquila var ikkje trygg, og dette hadde vore kjent lenge. Nokon hadde ansvaret, og det var ikkje blitt følgt opp, seier Alessandro Amato ved INGV.

Livet stansa opp

Giulio Selvaggi og Ingrid Hunstad er begge seismologar. Saman med dei to borna oppheld dei seg alle somrar i feriehuset sitt på Hunstad ved Bodø. Dei håper at dei ein dag skal kunne flytte hit. Dei vil vekk frå Italia.

[wip4: photo=720866 width=512 align=middle]

Ifølgje ein italiensk domstol har Selvaggi 29 liv på samvitet. Dette er dei 29 menneska som, ifølgje dei pårørande, ville ha forlate husa sine om dei ikkje hadde mottatt roande meldingar i dagane før skjelvet.

Giulio Selvaggi vil reinvaske seg. Om dommen blir oppretthalden i ankesaka, vil han anke vidare til Høgsterett.

På kontoret hans i Roma heng det to defekte veggklokker. For eit par år sidan tok han ut batteria og stilte begge klokkene på 03.32: tidspunktet då jordskjelvet ramma L’Aquila, då 309 menneske døydde og hans eige liv stansa opp.

– Eg har brukt livet mitt til å prøve å forstå jordskjelv, for å hindre at menneske blir skada. I rettssaka er eg på feil side. Eg skulle ha vore saman med offera.
 

 

 

Reknestykke for retten

Aktoratet i L’Aquila har brukt forskarane sin eigen statistikk mot dei i rettssaka. 

 
[wip4: photo=720871 width=240 align=right]Kartet som viser jordskjelvrisikoen i Italia dei neste femti åra, vart vist fram på møtet 31. mars 2009 for å formidle at L’Aquila låg i den lilla, og mest utsette, sona. Likevel karakteriserte Enzo Boschi, direktør ved instituttet INGV, risikoen på det aktuelle tidspunktet som låg. «Men», la han til, «ein kan aldri vite».

Kartet skulle leggje grunnlaget for ein av aktor Fabio Picuti sine skuldingar i rettssaka. Då journalist David Wolman konfronterte Picuti med at kartet opererte med eit 50-årsperspektiv, svarte han at «folk høyrer ‘låg’ eller ‘usannsynleg’, og dei tenkjer: ‘låg’». Til dommaren sa Picuti at folk burde fått høyre det som kartet faktisk fortalde: høgrisiko.  

 
Trumfkortet til Picuti var likevel ein akademisk artikkel frå 1995 , der seismologar, med den dømde Enzo Boschi i spissen, prøvde å føreseie jordskjelv 5, 20 og 100 år fram i tid. I artikkelen blir sannsynet for eit stort skjelv i L’Aquila sett til 100 prosent. Då eit jordskjelv ikkje hadde kome etter dei første fem åra, gjekk fagmiljøa vekk frå modellen og forkasta resultata. At modellen hadde vist seg å vere feil, vart poengtert av ein uavhengig seismolog under rettsaka. Dommar Marco Billi såg vekk frå dette, og forklarte seg slik: 
– Vi såg ikkje på detaljane i modellen. Vi såg berre på det [Enzo Boschi] skreiv – at det var 100 prosent sannsynleg at L’Aquila ville oppleve eit stort jordskjelv. Det er alt. Det er Boschi sine ord.