Ny regjering varslar kursendring
LUKK

Ny regjering varslar kursendring

Av Silje Pileberg

Publisert 5. november 2014 kl. 12:51

Sveriges nye regjering vil ha fleire faste stillingar og auke grunnløyvingane til forsking.

ny-regjering-varslar-kursendring


Helene Hellmark Knutsson blir minister for høgare utdanning og forsking.

ny-regjering-varslar-kursendring


Gustav Fridolin får ansvar for førskule og grunnskule.

ny-regjering-varslar-kursendring


Aida Hadzialic blir gymnas- og kunnskapsløftminister.

Fakta
<

– Dei overordna signala lovar veldig bra. Spørsmålet er kva midlar som blir løyvde, og kva som går igjennom i Riksdagen, seier Karin Åmossa, sjefsutreiar i Sveriges Universitetslärarförbund (SULF).

Meir pengar, fleire kvinner

Like etter valet presenterte statsminister Stefan Löfven regeringsförklaringen, der han mellom anna sa dette:

  • Vilkåra for unge forskarar skal betrast.
  • Det skal lagast ein tiårsplan for forsking for å sikre eit langsiktig perspektiv.
  • Delen kvinnelege professorar skal auke.
  • Grunnløyvingane til forsking skal opp.
  • Talet på høgskuleplassar skal aukast, og utdanningskvaliteten skal opp.

Statsministeren lova også å auke bruken av faste tilsettingar i den svenske arbeidsmarknaden. Innan forskingsmiljøa er bruken av mellombelse tilsettingar spesielt presserande: Éin av tre lærarar og forskarar på svenske høgskular går på tidsavgrensa kontraktar.

Kan føre til endring 

– Vi er spesielt glade for at regjeringa vil stoppe misbruket av mellombels tilsette og auke grunnløyvingane til forskinga. Desse to tinga heng saman, og får regjeringa dette igjennom, kan det medføre ein stor skilnad, seier Åmossa.

I dag brukar svenske professorar 20 prosent av forskingstida til å søkje om midlar. Åmossa trur at auka grunnløyvingar kan frigjere meir tid til forsking. Meir midlar kan også gjere ei langsiktig planlegging av tilsettingar mogleg, meiner ho. Mange svenske forskarar startar i dag i ei fireårig rekrutteringsstilling, og berre eit fåtal institusjonar garanterer ein fast jobb etterpå. 

– Vi håper at alle forskarar etter fire år skal ha ein fast jobb som ventar på dei, gitt at dei oppfyller kvalitetskrava, seier Åmossa. 

Å få lovnadene igjennom

Før valet lova det nye regjeringspartiet Socialdemokraterna 17 500 fleire studieplassar til ein prislapp på 6 milliardar svenske kroner over fire år. Dei lova også 1 milliard kroner til å auke undervisingstida i høgskuleutdanningane.

– Dette er naturlegvis fantastisk bra. Spørsmålet er kva regjeringa får gjennomslag for politisk, seier Åmossa.

For det er ikkje gitt at statsministeren får igjennom alt han drøymer om. Den nye regjeringa, danna av Socialdemokraterna og Miljöpartiet, er i mindretal og avhengig av støtte frå borgarlege parti.

– Viss vi samanliknar med midten av 1990-talet, blir det i dag brukt 7 milliardar kroner mindre på studentar. Eg er positiv til fleire plassar og auka kvalitet, men det er litt vanskeleg å sjå korleis regjeringa skal få det til, seier Åmossa.

Større forventingar har ho til lovnadene om fleire faste tilsettingar: Her har Socialdemokraterna tidlegare vore svært tydelege, og dei har fått støtte frå dei borgarlege.

Tre utdanningsministrar

Éin mann og to kvinner skal styre utdannings- og forskingspolitikken i Sverige. Gustav Fridolin (Miljöpartiet) blir svensk utdanningsminister, Helene Hellmark Knutsson (Socialdemokraterna) blir minister for høgare utdanning og forsking, og Aida Hadzialic (Socialdemokraterna) blir gymnas- og kunnskapsløftminister.

Medan Fridolin, ein av Miljöpartiets frontfigurar, ikkje var ei overrasking, var dei to andre namna mindre venta. Hellmark Knutsson vart nyleg kåra til «regeringens största doldis», altså den minst kjende ministeren, av Aftonbladet. Ho har lang bakgrunn frå partipolitikk, men først og fremst på lokalt og regionalt nivå.

Verken Hellmark Knutsson eller statssekretæren hennar, Anders Lønn, har universitets- eller høgskulegrad. Ingen av dei har heller jobba i sektoren. 

– Dette var heilt ukjende namn for oss. Det er mogleg at det blir veldig bra, men vi har inga aning, seier Karin Åmossa.

Også gymnas- og kunnskapsløftminister Aida Hadzialic (27) har vore eit ukjent namn i svensk rikspolitikk. Hadzialic er utdanna jurist, har bakgrunn som kommunepolitikar og blir den yngste ministeren i regjeringa.