Nye teljekantar på veg?
LUKK
Annonse
Annonse

Nye teljekantar på veg?

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 3. oktober 2011 kl. 10:35

Fagerberg-rapporten er upopulær hjå alle partar. Men nye indikatorar for å måle ressursbruk - det kan Kunnskapsdepartementet tenkje seg.

Fakta
<

 

− Eg var kritisk til å nedsette utvalet, og eg var kritisk til det dei leverte. Det var prega av ei økonomisk nytteforståing av tenkinga om forsking, og ikkje i nærleiken av det ein kunne forvente av eit slikt utval, seier rektor ved Universitetet i Tromsø Jarle Aarbakke til Forskerforum.

Han er ikkje aleine om kritikken mot utvalet, som skulle sjå på samsvaret mellom ressursinnsats og resultat i norsk forsking. Fleire av framlegga fekk ei heller kjølig mottaking då rapporten vart levert i mai. Det gjeld mellom anna framlegget om ein auke på to milliardar kroner i støtta til forsking som ikkje er tematisk orientert, ein auke på 300 nye doktorgradsstillingar kvart år dei neste fire åra og ei styrking av resultatbasert finansiering både på institusjons- og individnivå, inkludert redusert tid til forsking for tilsette som publiserer lite.

Kritikk frå mange hald
Arbeidsgjevarar har meint at framlegga kan gå utover autonomien deira til å prioritere. Arbeidstakarsida har reagert på auka «konkurranseutsetting» av forskingstida. Leiar i Forskerforbundet, Bjarne Hodne, hevda at Fagerbergutvalet uttrykte mistillit til tilsette i universitets- og høgskolesektoren ved å påstå at tilsette ikkje bidreg med forskingsresultat. Forskerforbundet er sterkt usamde i framlegget om å ta forskingsrett frå tilsette.

Utvalet vart òg skulda for å pøse på med løyvingar utan å ha synt vilje til å gå tilstrekkeleg djupt inn i problemstillingane. Kunnskapsdepartementet, som hadde tinga rapporten, gjorde sitt for å skyte ned utgreiinga med ein gong:

− Eg hadde forventa meg noko meir djuptgåande analysar bak framlegget om auka løyvingar, sa statsråd Tora Aasland den gongen. Spørsmålet er om delar av innhaldet like fullt kan verte brukt til politikkskaping.

Men vert politikk likevel?
Ingen av aktørane har signalisert at dei ønskjer tiltaka som heilskap følgde opp. Men rapporten kan likevel få innverknad: Fagerbergutvalet tilrår å etablere eit sett med indikatorar som skal måle resultata av forskinga opp mot dei ressursane som blir sette inn. Indikatorane er kritiserte for å vere ufullstendige, men kan like fullt få mykje å seie. Eitt teikn på det er at departementet i høyringsbrevet spesielt ber om høyringsinstansane sine innspel på det punktet som gjeld indikatorane.

− Det er ikkje sikkert at dei vil bruke det framlegget som kom i rapporten, men det er tydeleg interesse frå departementet si side i å vidareutvikle dei. Eg trur nok dette vil verte følgt opp i den nye forskingsmeldinga som kjem i 2013, seier forskar ved Nifu Gunnar Sivertsen.

Færre mellombels tilsette
Rapporten frå Rindalutvalet, om bruk av mellombelse tilsettingar, er òg på veg gjennom det politiske maskineriet. Her gjekk høyringsfristen ut i februar. Mellom tiltaka som Rindalutvalet føreslo, var det fleire som institusjonane kunne gjennomføre sjølve, medan andre var knytte til mellom anna endringar i lovverk eller forskrifter. Ifølgje tal som institusjonane har rapportert inn til Kunnskapsdepartementet (KD) som grunnlag for neste års statsbudsjett, er universiteta godt i gang med å følgje opp framlegga til utvalet. Alt i alt ser talet på mellombelse tilsettingar ut til å vere på veg ned. Unnataket er eksternt finansierte forskarstillingar, som av strukturelle årsaker ofte er mellombelse. Tala syner også store skilnader mellom ulike stillingskategoriar.

− Vi har følgt opp saka på eige initiativ ved å gå igjennom talet på mellombelse tilsettingar og rydde opp i ulovlege tilsettingar og i tilsettingsforhold som har vore feilregistrerte i systemet , seier personal- og organisasjonsdirektør ved Universitetet i Tromsø (UiT), Odd Arne Paulsen.

− I løpet av 2011 har vi bestemt ein policy for tilsettingar, som mellom anna medfører systematisk opplæring om mellombelse tilsettingar, utvida vurdering ved andre gongs tilsetting og krav til leiarar om å følgje opp og planleggje bemanninga for si eining. Til dømes skal ein vurdere reell økonomisk risiko ved tilsetting med prosjektbasert finansiering, for å sjå om ein kan tilsette fast sjølv om det er heimel for mellombels tilsetting, seier Paulsen ved UiT.

Også dei andre universiteta har gjennomført liknande tiltak. Arbeidet har skjedd i dialog med KD, som har uttrykt klare forventingar til institusjonane, mellom anna i tildelingsbrev for 2011. Men ein ventar på viktige avklaringar frå departementet i kjølvatnet av rapporten og høyringsrunden.

− Det gjeld til dømes fortolkinga av fireårsregelen, uttalar viserektor Ragnhild Hennum ved Universitetet i Oslo. Kunnskapsdepartementet opplyser at saka framleis ligg til handsaming, og at ein tek sikte på ei avklaring i siste del av oktober.