Ønskjer teljekantar for musea
LUKK
Annonse
Annonse

Ønskjer teljekantar for musea

Av Johanne Landsverk

Publisert 4. mars 2015 kl. 09:55

Tal på besøk og objekt i samlingane bør gje musea meir pengar, meiner direktør.

-nskjer-teljekantar-for-musea


– Talet på objekt i magasinet kan vere moglege teljekantar, seier Arne Bjørlykke.

– Når universiteta blir endå meir økonomisk avhengige av insentivordninga for forskingspublisering, vil det gå ut over universitetsmusea, seier Arne Bjørlykke, direktør ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo (UiO).

Les òg: Universitetsmuseum i skvis.

I ei innstilling frå ekspertutvalet som har vurdert ny finansieringsmodell for universitet og høgskolar, blir det foreslått at løyvingane som er avhengige av resultat, bør ligge på same nivået som i dag. Bjørlykke meiner difor det er på tide å etablere ei form for insentivordning også ved universitetsmusea. 

– Både besøkstal og talet på objekt i magasinet kan vere moglege teljekantar. På denne måten kan departementet bidra til å heve kvaliteten på samlingar og utstillingar, seier han.

Generalsekretær Liv Ramskjær i Norges museumsforbund seier finansieringa av universitetsmusea bør styrkast, slik at dei ikkje tapar kampen om auka ressursar internt i universiteta. 

– Intensivordningar som gjev musea utteljing for godt museumsarbeid, kan difor vere gode tiltak, seier ho.

Marit Anne Hauan i UHRM seier ho ikkje finn enkle metodar for insentiv til museum.

– Ein kan kome til å gløyme kvalitet for kvantitet.