Ordmagnetisme
LUKK
Annonse
Annonse

BOKMELDING

Ordmagnetisme

Av Av Oddgeir Osland

Publisert 5. oktober 2012 kl. 11:19

FoU-begrepet under press - Ei bok for spesielt interesserte, som det bør vere mange av.

ordmagnetisme

Fakta
<

Nokre ord og omgrep er som symbolske magnetar, dei trekkjer til seg eit mangfald av andre ord, omgrep, personar og aktivitetar. Det gjer dei gjerne fordi det er prestisje og/eller pengar knytte til dei. FoU-omgrepet er ein slik symbolsk magnet som utløyser tidsressursar og pengar. Nokre gonger vert ressursane kanaliserte til konsentrert forskingstid brukt på å søke erkjenning og ny kunnskap, andre gonger sløste bort på støtte til slaraffenliv og statssubsidiert ignoranse. Eit norsk – men kanskje ikkje særnorsk – fenomen er at omgrepet dei seinare åra har mobilisert fagforeiningsinteresser som søkjer å etablere eit klart skilje mellom forskingstid og fritid, eit kunstig skilje som bryt med sjølve essensen i forsking som aktivitet, men som kan – ja, nettopp! – utløyse meir pengar.

Slike prosessar på mikronivå er responsar på etableringa av FoU som politisk og statistisk makrokategori frå 1960-åra av, borne fram og standardiserte i regi av OECD, først med vekt på FoU som økonomisk innsatsfaktor, seinare med aukande vekt på resultata av aktiviteten. Tesen i denne boka er at dette FoU-omgrepet er «under press» frå konkurrerande definisjonar av kva FoU «er», eit press som utfordrar omgrepet qua statistisk komparativt omgrep på tvers av sektorar og land. Og 12 kapittel av 12 forfattarar (mange av dei samforfattarar) underbyggjer tesen på ulike område.

Nasjonalt tek dette presset form av konkurrerande definisjonar på ulike forskingsarenaer: På universiteta blir nok ikkje skiljet mellom grunnforsking og bruksretta forsking opplevd som inadekvat, men det som står på spel, er forsvaret av den frie forskinga. I instituttsektoren er den i aukande grad konkurranseutsette oppdragsforskinga eit særdrag som får den alltid (og også denne gong med rette) tilstadesverande Gunnar Sivertsen til å argumentere for at ein ikkje bør forvente same samanhengen mellom aktivitet og vitskapleg publisering her som på andre område; her er inntekter frå oppdragsforsking ein meir adekvat resultatindikator enn publisering. I helsesektoren fører sektorspesifikke kjenneteikn og styringsbehov til framveksten av andre kategoriar – som translasjonsforsking.

Utviklingsomgrepet («Uen») fekk frå OECD si side ei brei og elastisk utforming som skulle gjere det mogleg å inkludere nyskapande kommersiell verksemd som ikkje er forskings- men erfaringsbasert, særleg i private føretak. Men utviklingsarbeid, slik dette vert definert i høgskulesektoren, fell utanfor definisjonen til OECD, slik sentrale aspekt ved innovasjonsomgrepet – dette nye honnørordet også i offentleg sektor – gjer det.

Språket i boka er knusktørr norsk utgreiingsprosa, 233 sider nesten utan ei oppløftande setning.
 

I tillegg – og truleg meir avgjerande enn desse nasjonale variasjonane – genererer internasjonale forskingspolitiske trendar og særleg EUs arbeid for eit felles europeisk forskingsområde (ERA) eit aukande klassifikasjons- og kontrollbehov med påfølgande eksplosjon i FoU-indikatorar.

Språket i boka er knusktørr norsk utgreiingsprosa, 233 sider nesten utan ei oppløftande setning. Så det er ei bok for spesielt interesserte dette. Men dei bør det til gjengjeld vere mange av. For ho gjev ei informativ første innføring i FoU-omgrepets variasjonsbreidd, med vekt på definisjonar, klassifisering og måling, skriven av forfattarar som sjølve er sentrale i defineringa, klassifiseringa og målinga, mange av dei frå NIFU. Slik bør ho vere grunnkunnskap for alle oss som arbeider innanfor feltet, vi som både er målingas objekt og handlande subjekt i den vedvarande striden om FoU-ressursar i våre eigne lokale forskingsorganisasjonar.

Boka er altså eit FoU-arbeid om FoU. Ho kunne hatt tittelen «Tillit til tal» med undertittelen «Når målaren reflekterer». For dette er artiklar frå forskarar i det fagleg-statistisk-byråkratiske FoU-feltet, med refleksjonar som gjev lesaren tillit til den metodiske kompetansen deira og blikket dei har for spenningar og dilemma dei står andsynes. Men vurdert som FoU-arbeid har ho noko innovervendt over seg. Referansane i dei fleste artiklane er til OECD-dokument og andre policy-dokument på EU-nivå og nasjonalt nivå, i kombinasjon med forfattarane sine eigne utgreiingar og rapportar. Langt færre av forfattarane har hovudtynga av referansar til fagfellevurderte publikasjonar.

Om boka er informativ som første innføring i kva FoU-omgrepet handlar om, vil nok mange forskarar som har arbeidd med desse problemstillingane, vurdere henne som innestengd i sine eigne premiss. Det gjeld ikkje minst dei som er opptekne av kunnskapssosiologi og -historie. For boka står, sjølv om det finst ansatsar her og der, langt frå den historiserande og kunnskapssosiologiske tradisjonen som til dømes den moderne klassikaren Trust in numbers representerer, ein tradisjon som syner korleis omgrepa fangar oss og omformar oss, slik dei har forma forfattarane av denne boka.

Men slike veikskapar tel ikkje med når publiseringsresultata vert talde. 12 artiklar. 12 forfattarar. Ei bok. Rett og slett.