Råka av røyndom
LUKK
Annonse
Annonse

BOKMELDING

Råka av røyndom

Av Av Oddgeir Osland

Publisert 16. april 2012 kl. 09:04

Myndig og førebels kritikk, for alle litterært og historisk interesserte.

r-ka-av-r-yndom

Fakta
<

Blir ein klokare av å lese bøker? Nei, svarar slike som Olof Lagercrantz og Olav H. Hauge: Det vesle som er verd å vite, har hjarta alltid visst.

Erik Bjerck Hagen sitt svar synes å vere ja, om enn eit varsamt og slett ikkje vilkårslaust ja. Skal lesnad gje oss auka estetisk og moralsk dømmekraft, krev dette ei bestemt innstilling til teksten som også litteraturforskinga bør innta, ei innstilling til teksten som eit menneskeleg uttrykk som vi tar stilling til og samtalar med og om i fellesskap. Ei innstilling som let litteraturen endre oss, kunnskapen vår, verdiane våre. Ei innstilling som Bjerck Hagen, nesten nølande – fordi dette ordet, som så mange andre ord, er blitt tilkladda av kjensler? – men likevel tydeleg, omtalar som humanistisk litteraturforsking.

Bokas emne er ikkje litteraturteori, men norsk litteraturforsking og -kritikk – og den fruktbare spenninga mellom dei. Bjerck Hagen tar litteraturteorien ut av førelesingssalen, går ned frå Høyden og ut på torget. (Digresjon, går du i litteraturhylla på Harvard COOP finn du hyllemeter under rubrikken litteraturteori – og éin forfattar under litteraturkritikk: Harold Bloom). Produktet er ei bok for alle litterært og historisk interesserte. Bjerck Hagen skriv med den gode kritikarens særmerke: open for teksten, med myndig og klar grunngjeving, samstundes som tonen medvitande tilkjennegjev at kritikken er førebels, eit korrektiv som kan korrigerast, og at det meste er skrift i sand, men det står skrive no, ei stund, som ein fotnote i den lange samtalen om kva god litteratur er.

Framstillinga er sentrert kring to hovudtradisjonar og opposisjonar. Ho startar med den sentrale figuren i den historisk-pragmatistiske skulen, Franscis Bull. I denne tradisjonen, som Bjerck Hagen plasserer seg sjølv i, er ikkje litteraturen berre interessant som eineståande verk, det er også av interesse å analysere verket utifrå forfattarens biografi og den historiske samanhengen han inngår i og skriv, og dei sosiale og politiske verknadene verket har. Litteraturteoretisk sett er denne plasseringa av Bull omstridd, han har vore utdefinert som einsidig orientert mot historisk-biografiske spørsmål, med litterære analyser som biprodukt. Er du lite interessert i om rehabiliteringa av Bull er velgrunna, vil du likevel finne litterær verdi i døma og anekdotane som understøttar argumentet.

Den andre hovudretninga, den estetisk-essensialistiske, personifisert av slike som Peder Rokseth og Asbjørn Aarnes, held fast det litterære verket som noko autonomt som må analyserast utskilt frå den historiske og biografiske samanhengen det inngår i: Det det handlar om, er kva kunstlitteratur essensielt er, kva som gjer at det løftar oss opp i ein inderlegare røyndom.

Bjerck Hagen følgjer desse to tradisjonane fram til 2011, først gjennom femtitalsmodernismen (Erling Christie og Paal Brekke), prega av grunnpremissa i den estetisk-essensialistiske tradisjonen og T.S. Eliots søken etter «den følte tanke» i ei høgkulturell, sjølvhøgtideleg ramme. Deretter gjennom den sjølvironiske, antiautoritære modernismen til Profil-krinsen seint 60-tal, representert ved Volds pragmatisme, Øklands humanisme og Heggelunds historisme. Analysen av troikaen er begeistra, innlevd og skarp.

Kapittelet «Moderne Litteraturteori 1975–2011» har rett og slett undertittelen «Atle Kittang». I sentrum av analysen står Kittangs analyse av Hamsun, «den ustabile ironien» sin meister, ein forfattar som opphevar alle ideologiske posisjonar og er umogleg å få fatt på. Og i sentrum av denne analysen, Hamsuns Mysterier og forføraren Nagel. Analysen illustrer Kittangs auge for litteraturens urovekkande karakter, men for Bjerck Hagen er Kittang ein einøygd autonomiestetikar, ute av stand til å lese Nagel som ein realistisk figur som gjer val ein kan og bør ta stilling til. Kritikken er interessant, men ikkje overtydande – i det minste for ein meldar som har avgrensa (og begeistra!) innsikt i Kittangs forfattarskap. Kjernespørsmål: Er Kittang pluralist eller absoluttist på vegner av sitt eige forskingsprogram? Og kva med Bjerck Hagen?

Hamsun og Nagel får selskap av to andre store forførarar i norsk litteratur, (den tidlege og aller seinaste) Solstad og (den kjempande) Knausgård, og innviklinga deira av fiksjon og røyndom, skrivande og skrive subjekt, mistilliten deira til det litterære språket og leitinga etter utgangar dei ikkje evnar finne i – med mine ord – det sjølvfikserte og sjølvreflekterande mannlege subjektet. Vi møter dei to i kapitlet om avantgardismen, som også rommar postmodernisme og dekonstruksjon. Analysen antyder at avantgardismen beveger seg mot humanismens yttergrenser. Her kunne ein legge til: Hamsun, Solstad og Knausgård har det biografiske fellestrekket at dei har overskride desse grensene. Eg vonar Bjerck Hagen i neste bok meir systematisk følgjer denne humanistiske tråden: tilhøvet mellom estetisk, moralsk og politisk dømmekraft i spenningsfeltet mellom litteratur, litteraturforsking og levd liv.