Saka om Aaron Swartz
LUKK

DEBATT

Saka om Aaron Swartz

Av Svein Ølnes, Vestlandsforsking

Publisert 8. februar 2016 kl. 08:18

Det er mange som meiner at MIT svikta ein av sine egne.

saka-om-aaron-swartz


Svein Ølnes, Vestlandsforsking

I det interessante intervjuet med Jill Walker Rettberg i Forskerforum nr. 1/2016 kjem det fram opplysningar om Aaron Swartz og saka mot han som ikkje stemmer. Aaron Swartz vart ikkje dømd til 35 års fengsel, men tiltalepunkta frå påtalemakta hadde ei maksimalstraff på 35 år. Men før saka kom opp for retten, tok dessverre Swartz sitt eige liv.

Sjølv om Swartz hadde hatt psykiske problem tidlegare, etterlet saka ein svart skugge over amerikansk påtalemakt og MIT.

Aaron Swartz var ein internett-«wonderboy» som alt i ein alder av 14 år deltok i utviklinga av viktige internett-standardar! Han var ein entreprenør og ein aktivist – ein ekte «hacker» i ordets eigentlege og positive forstand. Han var mellom anna med på å starta diskusjonsforumet Reddit, ein av dei mest brukte nettstadene i dag. Tiltalen mot han kom fordi han lasta ned store mengder akademisk litteratur frå databasen/forlaget JSTOR ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i 2011. Påtalemakta la fram ein tiltale basert på 13 brot på «Computer Fraud and Abuse»-lova og med ei maksimal strafferamme på 35 år. Tiltalen hang over Aaron Swartz i nærmare to år, og i januar 2013 enda det med at han tok sitt eige liv.

Sjølv om Swartz hadde hatt psykiske problem tidlegare, etterlet saka ein svart skugge over amerikansk påtalemakt og MIT. Der JSTOR trekte politimeldinga, valde MIT å vera passive og gjorde ikkje noko. Dei kunne truleg ha fått påtalemakta til å trekkja saka om dei hadde gått aktivt inn og forsvart Aaron Swartz. Saka skapte mykje oppstyr ved den renommerte institusjonen, og det vart sett ned eit internt granskingsutval. Utvalet kom fram til at MIT ikkje hadde gjort noko klanderverdig, men like fullt er det mange som meiner at MIT ikkje levde opp til sine eigne ideal, og at dei faktisk svikta ein av sine eigne i denne saka.

Forskerforum takkar for rettinga, og sluttar seg til!
Red.