Sakprosa på alvor
LUKK
Annonse
Annonse

BOKMELDING

Sakprosa på alvor

Av Lars Nyre

Publisert 16. juni 2014 kl. 09:48

Kunnskap om tekstanalyse og pedagogikk ligg i botnen for ei retteleg god bok.

sakprosa-p--alvor

Fakta
<

Det er eit handverk å skriva, og ein kunst å skriva godt. Folk som arbeider med sakprosa, kan få auka sjølvkjensle av å lesa denne boka.

Karianne Skovholt og Aslaug Veum er begge fyrsteamanuensar ved Høgskulen i Vestfold. Dei har forska på kommunikasjon i sosiale media, massemedia og i skulen, og dei underviser i blant anna diskursanalyse og retorikk.

Boka byrjar med to kapittel der det vert framheva kor viktig sakprosa er. Dette er tekstar som på ulike vis definerer kva røyndomen er, og ved å analysera tekstane, vil ein kunna avsløra ideologiske posisjonar og interesser som er forsøkt skjulte i teksten.

I eit teorikapittel presenterer forfattarane den sosialsemiotiske tradisjonen. Dette fagområdet etablerer ei kopling mellom språk, sosial situasjon og makt. All språkbruk går føre seg i sosiale situasjonar som også «snakkar», og dersom ein ikkje kjenner situasjonen, kan ein også misforstå språkbruken.

Det tredje kapitlet tek for seg tre viktige «metafunksjonar» som Michael Halliday introduserte, – kva forhold teksten har til røyndomen, og kva rolle teksten spelar som ei samhandling i sosiale situasjonar. Poenga vert gjennomgåande kopla til døme, og desse vert utvikla utover i kapitla. Det gjeld mellom anna ein provoserande kronikk av Christian Tybring-Gjedde, skremmande antirøykkampanjar, e-post frå sjefen, blogginnlegg og den omdiskuterte twittermeldinga til Marit Arnstad – «Fuck Oslo».

Til slutt kjem eit stort kapittel om tekstanalyse i praksis, der forfattarane går detaljert inn i verkemåten til ei oppgåve skriven av ein lærarstudent. Dette er klimakset i den døme-drivne boka. Forfattarane er modige nok til å bryna teorien på røyndomen på ein etterprøvbar måte. Døma heng akkurat så godt fast i teorien at lesaren sjølv kan vurdera om både teorien og døma er oppklarande – noko eg synest dei er.

Forfattarane er modige nok til å bryna teorien på røyndomen på ein etterprøvbar måte.

Lesaren får gode forklaringar på kva verkemiddel, eller «semiotiske ressursar», ein tekst har. Her er boka nesten machiavellisk i nytteverdi. Den som klarer å velja rett ordval, tiltaleform, visuell koding og bilethandling, kjem til å verke mykje meir overtydande enn dei som ikkje tenkjer gjennom dette. Såleis har boka ein retorisk funksjon for skribentar også, og ikkje berre for dei som skal analysera ferdige tekstar. Dette gjer forfattarane litt for lite ut av.

Det finst ein flora av bøker om tekstanalyse som prøver å levera analyseverktøy for studentar. Cappelen Damm gjev denne våren ut Tekstanalyse for samfunnsvitere. Universitetsforlaget tilbyr Tekstens autoritet og Tekstens mønstre, og endå finst det fleire. Ut frå dei gode døma og den systematiske framstillinga av teorien, trur eg boka til Skovholt og Veum kan hevda seg godt i konkurransen.

Til slutt eit vanleg hjartesukk frå ein medievitar. I den norske offentlegheita vert det produsert ei vanvittig mengd sakprosa i form av lyd og levande bilete. Dette skjer på radio, fjernsyn og på film, og det inkluderer blant anna nyhende, dokumentar og reality-TV. Forfattarane utelèt alt dette fordi det vanskeleg lèt seg skriva om i ein bok, og dette er ein slags semiotisk determinisme som eg synest er litt slapp. Audiovisuell «media literacy» er heilt sentralt ute i røyndomen, men er for lite på dagsordenen i denne boka.