Skuldar kulturministeren for løgn
LUKK

Skuldar kulturministeren for løgn

Av Johanne Landsverk

Publisert 2. mars 2016 kl. 13:33

Linda Hofstad Helleland støttar omorganiseringa av Arkivverket, og nektar for at statsarkiva skulle leggjast ned. Det er ikkje sant, meiner tillitsvald.

skuldar-kulturministeren-for-l-gn


– Eg har sagt til Riksarkivaren at eg uansett er statsarkivar til eg døyr, seier Yngve Nedrebø, statsarkivar i Bergen. Foto: Johanne Landsverk

skuldar-kulturministeren-for-l-gn


Kjersti Toppe (Sp) jobbar for at statsarkiva må styrkast og bevarast slik dei er no.Foto: Johanne Landsverk

– Regjeringa støttar ei omorganisering av Arkivverket som inneber ei styrking av statsarkiva, og ikkje ei nedlegging slik nokre har hevda. Det har aldri vore foreslått, skriv Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding.

Dette vekkjer sterke reaksjonar:

– Påstanden om at det aldri har vore meininga å leggje ned statsarkiva, er løgn, seier Jo Rune Ugulen, avdelingstillitsvald for publikumsavdelinga i Riksarkivet.

– Det var ikkje dette som låg i forslaget som det vart forhandla om. Grunngjevinga for brottet i forhandlingane, var at fagforeiningane ikkje kunne gå med på ein modell med fjernleiing, utan at det er ein fast leiar eller statsarkivar på staden.

BAKGRUNN: Uro i Arkivverket.

Det var under eit seminar om Arkivverket som i går vart arrangert av Senterpartiet si stortingsgruppe at pressemeldinga frå statsråden vart kjend.

Dette førte til høg temperatur blant dei frammøtte, der mange kom frå Arkivverket. Ein av deltakarane var Torkel Thime, førstearkivar ved Statsarkivet i Stavanger.

– Eg støttar Ugulen. Påstanden om at det aldri har vore meininga å leggje ned statsarkiva er blank løgn, seier Thime til Forskerforum.

Treng ikkje endre arkivlova

Senterpartiet har engasjert seg i saka om statsarkiva, og har levert eit skriftleg forslag til Stortinget om at regjeringa må oppretthalde og styrke statsarkiva som eigne institusjonar, og at ei eventuell omorganisering av Arkivverket må kome til handsaming i Stortinget.

– Riksarkivaren kan ikkje gjennomføre omorganiseringa utan å endre arkivlova, meiner Kjersti Toppe (Sp).

Men i eit brev til Familie- og kulturkomiteen skriv statsråden at omorganiseringa i Arkivverket kan gjennomførast utan at det er naudsynt å endre arkivlova. Regjeringa kjem difor ikkje til å leggje fram ein lovproposisjon i samband med omorganiseringa.  Kulturministeren bed Riksarkivaren om å gå vidare med omorganiseringa av etaten.

– Overflatisk sminke

Som vedlegg til brevet følgjer ei ny skisse for organisering av Arkivverket.

Riksarkivaren skriv at det skal vere ein regional leiar frå Arkivverket på kvar arbeidsstad. Vedkomande vil, i tillegg til plassansvar, også ha nasjonalt ansvar for eit fagområde i Arkivverket, og den fagansvarlege vil også behalde tittelen statsarkivar.

– Dette er berre overflatisk sminke. Så langt eg kan sjå, er dette i hovudsak det same forslaget som førte til brott i forhandlingane. Den einaste endringa er at tittelen statsarkiv og statsarkivar skal behaldast, seier Thime. 

Han seier statsarkiva heller ikkje no vil få regionalt handlingsrom.

– Vi får inga regional rolle når det gjeld nye arkiv som skapast digitalt. Og om vi får behalde namnet, får leiaren eit svært avgrensa handlingsrom. Dette verkar som eit lite gjennomtenkt hastverksarbeid.

Thime sit også i styret i det lokale Forskerforbundet i Arkivverket, og han seier den nye skissa er heilt ukjend for fagforeiningane.

– Ingen i styret vårt har fått informasjon om at skissa frå Riksarkivaren var undervegs.

– Vil bli kvitt småkongane

Statsarkivar Yngve Nedrebø i Bergen er ein av dei som har protestert mot den planlagde omorganiseringa av Arkivverket.

– Forgjengaren min sa alltid at statsarkivaren har ei oppgåve, og det er å beskytte dei tilsette mot alt tøv som kjem frå Oslo, uttalte Nedrebø under seminaret.

Men det kan sjå ut til at han kan få behalde statsarkivartittelen sin. 

– Ja, men kva hjelper det? Det vi ønskjer, er jo å få tilbake fullmaktene våre, som råderetten over eige budsjett. Tidlegare kunne statsarkivarane disponere eigne inntekter. Men no går alle pengane til Oslo, der det er bygd opp eit stort byråkrati. Riksarkivaren ønskjer å bli kvitt småkongane i distrikta, seier han.

Nedrebø meiner leiaren i Familie og kulturkomiteen Svein Harberg (H) ikkje ønskjer politisk handsaming av saka.

– Han vil ikkje ha ein debatt om distriktspolitikk, meiner Nedrebø. 

Harberg seier til Forskerforum at det einaste komiteen vil ta stilling til no, er forslaget frå Sp om at det ikkje må skje endringar i statsarkiva.

Komiteen vil levere innstilling i saka innan 15. mars.