Stenger for ph.d.-søknader frå musea
LUKK

Stenger for ph.d.-søknader frå musea

Av Johanne Landsverk

Publisert 12. april 2016 kl. 09:10

Pågangen frå museum som søkjer offentleg sektor-ph.d. er no så stor at Forskingsrådet ikkje tek imot fleire søknader.

stenger-for-ph-d--s-knader-fr--musea


– Ved Anno museum ønskjer vi fleire tilsette med doktorgrad, seier administrerande direktør Harald Jacobsen. (Foto: Anno museum)

– Musea har vist stor interesse for ordninga med offentleg sektor-ph.d., og til slutt måtte vi gå ut og informere om at 15. april stenger vi førebels døra for musea. Vi må passe på at det blir ei viss breidd i tildelinga av midlar, seier Janike Harsheim, spesialrådgjevar i Forskingsrådet. 
 
Ho fortel at det i utlysingsteksten vart informert om at Forskingsrådet kanskje måtte ta ei viss styring, for å spreie midlane på ulike sektorar. 
 
– Mange museum har søkt om spennande prosjekt, men musea er ikkje den primære målgruppa, seier ho. 
 
– Lite midlar å søkje på
 
Ordninga med offentleg sektor-ph.d. vart innført i 2014, og rettar seg mot heile den offentlege sektoren, ikkje minst dei store tenesteområda i statleg og kommunal sektor. Gjennom denne ordninga kan statlege og kommunale verksemder søkje støtte frå Forskingsrådet for at ein tilsett skal kunne gjennomføre ein doktorgrad som er relevant for verksemda. 
 
Harsheim fortel at det ved førre utlysing i 2014 var få museum som fekk midlar. 
 
– I denne runden har mange museum teke kontakt, og vi har fått inn ein god del søknader. Store museum som er godkjende forskingsinstitusjonar kan ikkje søkje, men ordninga kan vere aktuell for mange mindre museum. Også dei skal drive med forsking, og det finst svært lite forskingsmidlar dei kan søkje på. 
 
Fortløpande handsaming
 
Utlysinga har lege ute på Forskingsrådet sine nettsider sidan 27. januar. 
 
– Vi tek imot og handsamar søknader etter kvart som dei kjem inn. Nokre av søkjarane har alt fått svar, medan andre søknader framleis er til handsaming. I utgangspunktet har vi eit budsjett på 25 prosjekt totalt for 2016.  
 
Harsheim seier kvart doktorgradsprosjekt i gjennomsnitt får 1,5–1,6 millionar kroner. Musea må sjølve dekke minst 50 prosent av totalkostnadene.  
 
– Ønskjer fleire doktorgradar
 
Eitt av musea som no har fått klarsignal om støtte til offentleg sektor-ph.d., er Anno museum i Hedmark.  Administrerande direktør Harald Jacobsen er nøgd med tildelinga:
 
– Ved Anno museum har vi bestemt oss for å satse på forsking, og vi ønskjer å styrke det akademiske nivået gjennom fleire doktorgradar. Med denne støtta frå Forskingsrådet kan vi gjere klart for den tredje doktorgradsstipendiaten ved museet på kort tid, seier Jacobsen.
 
Anno museum er eit aksjeselskap, og Hedmark fylkeskommune er største aksjonæren. 
 
– Eg veldig glad for at Forskingsrådet endeleg begynner å løyve forskingsmidlar også til ordinære museum under Kulturdepartementet, ikkje berre til universitetsmusea, seier Jacobsen. 
 
Han fortel at ph.d.-prosjektet som har fått støtte er knytt til migrasjon og innvandring og til ei stor utstilling om innvandring som er under planlegging ved museet.