Sterke stemmer, svak orkestrering
LUKK
Annonse
Annonse

BOKMELDING

Sterke stemmer, svak orkestrering

Av Oddgeir Osland

Publisert 5. desember 2014 kl. 10:36

Pensumrelevant, men uinspirerande om ny tendens i dokumentarbøker.

sterke-stemmer--svak-orkestrering

Fakta
<

Å portrettere nokon er å setje eit spørjeteikn ved dei, sa Henri Cartier-Bresson ein gong. Her ligg det eit potensielt ansvar som portrettøren kan velje om han kjenner seg forplikta overfor. Det gjeld også, kanskje i enda større grad, det skriftlege portrettet, der det skrivande subjektet står nesten fritt til å forme den andre personen i sine auge, som vondskapsfull, godhjerta, låtteleg, undertrykkande, urettferdig, sårbar, korttenkt, ansvarleg … – alt dette menneskelege som ikkje er framandt for nokon av oss. Menneske som lever i offentlegheita, – for alle sine auge – vert portretterte av mange fotografar og skribentar som kvar objektiverer dei på sitt vis, men det samla biletet kan bli mangefasettert. For andre, som bokhandlarfamilien i Kabul eller familie- og venekrinsen til forfattarar som gjer sine eigne liv til romankunst, kan det vere tale om eitt stort offentleg portrett – ein gong.

Utgangspunktet til Jo Bech-Karlsen er at lesarkontrakten til den skjønnlitterære forfattaren er ulik den til journalistar og dokumentarforfattarar. Dei førstnemnde har ein fiksjonskontrakt med lesaren, dei sistnemnde ein røyndomskontrakt. Skjønnlitterære forfattarar kan leike med dobbeltkontraktar i form av sjølvbiografiske romanar, men gjer dokumentarlitteraturforfattarar det same – slik at ein ikkje veit kva som byggjer på røyndom, og kva som er fiksjon – får dei eit problem med truverdet.

Emnet til Bech-Karlsen er den nye tendensen i norske dokumentarbøker etter sekelskiftet, prega av ei tydelegare, subjektiv forteljarstemme som ikkje gjev seg ut for å vere objektiv og allvetande, men som kombinerer det subjektive utgangspunktet med openheit om metodar, informasjonskjelder og utstrekt bruk av referansar – og som strekker seg mot skjønnlitterær skrivekunst. Liknar, men er ulik, hevdar han, fordi sakprosaskrivekunsten er konstituert av forholdet til saksforholdet han omfattar.

Her fins bøker som eg må sjå til å få inn i bokhylla.

Analysen hans omfattar ti utvalde dokumentarbøker, mange prisverdige, nokre også prisgjevne: Steen Steensen: Beboerne. En dokumentar om livet på Lille Tøyen Sykehjem. Simon Sætre. Hugo. En biografi. (Om uteliggaren og heroinisten Hugo). Åsne Seierstad. De krenkede. Historier fra Tsjetsjenia. Bjørn Westlie: Fars krig. (Som nazist og frontkjempar). Kjetil S. Østli: Politi og røver. (Om politispaneren Johnny Brenna og austkanteleganttjuven Petter R. Hansen). Anders Sømme Hammer: Drømmekrigen. Hjerter og sinn i Afghanistan og Norge. Geir Angell Øygarden: Bagdad Indigo. (Om Irak-krigen, som levande skjold og observatør). Morten A. Strøksnes: Tequiladagbøkene. Gjennom Sierra Madre. (Reiseskildringar.) Trude Lorentzen: Mysteriet mamma. (Som tok sitt eige liv då Trude var 15 år). Kristin Solberg: Livets skole. Historien om de afghanske kvinnene som risikerer alt for å redde liv.

Alle nemnde, ingen gløymde. Emnet for og tekstutdraga frå mange av desse bøkene er det som for meg gjer sterkast inntrykk i denne boka. Her fins bøker eg noterte meg, men aldri las då dei vart utgjevne, men som eg må sjå til å få inn i bokhylla i det minste, slik at eg ein dag kan ta dei ut – og lese dei. Alle bøkene har vesentlege, vedvarande tema. Mange av dei var skrivne for si tid, sin bokhaust, men eg trur fleire av dei står seg, i dag og i år framover.

Kva så med Bech-Karlsen si bok? Tja. Dette er nok ei relevant og interessant bok for journalistfaget med tilhøyrande pensumliste. Problemstillinga og dei analyserte bøkene kan også vere interessante for ein breiare lesarkrins, i akademia og i media. Men store (og rart definerte) omgrep som «ontologi, epistemologi, positivisme» stenger både for forfattaren og lesaren. Det same gjer forsøket på å presse eit einsarta analytisk skjema på sakprosabøker som har heilt ulike formål. Det er nok transparent og etterprøveleg, men det stykkar opp teksten og verkar tidvis irrelevant, som når Strøksnes' «metode» er å følgje i fotspora til den norske forfattaren Carl Lumholtz. Problemet er påtrengande i drøftinga av om det står noko på spel for forfattaren, der bøkene vert delte i tre grupper, der det står mykje, noko eller lite på spel. Og kanskje kunne analysen av litterære strategiar, som er blant dei mest interessante i innhald, stått seg på samarbeid med ein litteraturvitar?

For denne boka får meg til å tenke over kor mykje som står på spel for dei analyserte forfattarane, tematisk og litterært – og kor få døme det er på det same i norsk samfunnsforsking. Vi kunne også trenge ei ny litterær bølgje, som den Bech-Karlsen her dokumenterer i dokumentarbøkene. Då har dei analyserte bøkene inspirasjonsverdi. Det har diverre ikkje Bech-Karlsen si bok.