Tre gonger ja til fusjon på Vestlandet
LUKK

Tre gonger ja til fusjon på Vestlandet

Av Forskerforum

Publisert 4. februar 2016 kl. 16:15

Høgskulane i Bergen, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane vedtok i dag på sine respektive styremøte å gå vidare med fusjonssamtalar, i ei eller anna form.

Fakta
<

Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) vedtok begge å gå inn i forhandlingar med mål om å fusjonere dei tre høgskulane, melder UiB-avisa På Høyden. Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) nøydde seg med å vedta å gjere sonderingar for forhandlingar. Parallelt vil dei samtale med Høgskulen i Volda, som står utan fusjonspartnar etter at framlegget om ein allianse med Høgskulane i Molde og Lillehammer fekk nei frå Kunnskapsdepartementet.

LES OGSÅ: Isaksen stogga alliansedraumen.

Studentane mot

HiSF har hatt stor intern usemje om sjølvstende eller fusjon er den beste løysinga for høgskulen Studentane har vore motstandarar av fusjon, og dagens vedtak om sonderingar vart gjort mot røystene frå studentrepresentantane.

– Dette vedtaket har fått ei god og grundig handsaming. Vi står meir eller mindre samla bak vedtaket, og vi går no vidare i utgreiinga med HSH og HiB. Vi har også opne invitasjonar til Høgskulen i Volda og til UiB, seier styreleiar Trond Ueland ved HiSF til På Høyden.

Universitetsplanar på is

HSH er den av høgskulane der fusjonsplanane har fått mogne lengst. Dei har vore klare for fusjon sidan 2011, og vedtok å gå inn i forhandlingar med ein visjon om ein fleircampus profesjonshøgskule på Vestlandet. Det har vore ein del av diskusjonen om ein skal sikte seg inn mot universitetsstatus på sikt, men på dagens styremøte meinte fleire at universitetsdiskusjonen måtte leggast vekk og heller takast fram att når tida er mogen for det.

Dei tre høgskulane har ulike motivasjonar og visjonar for fusjonssamtalane, men etter dagens parallelle styremøte, er det klart at fusjonsprosessen no kjem i gang for alvor.