Uavgjort
LUKK
Annonse
Annonse

BOKMELDING

Uavgjort

Av Oddgeir Osland

Publisert 3. oktober 2014 kl. 10:08

Terningkast 5 som fagleg innføringsbok. Som fotballprosa? 3.

uavgjort

Fakta
<

Oppgåva verkar umogleg, tenkjer Goksøyr defensivt, på veg ut av garderoben. Spelereglane er strenge i forlagsserien. Du får 150 sider. Emnet er verdas største spel, målt i utbreiing, aktivitet, medieinteresse og økonomisk omsetjing. Det meste er skrive før, emnet for omfattande. (Han deltar i ein serie som også rommar emne som «kva er kosmos».) Den defensive haldninga har kanskje samanheng med at han entrar ein arena med nyvunnen og litt utfordrarakademisk status? Og med ustabile, emosjonelle supporterar med desto meir skråsikre meiningar, i samsvar med den underliggande tonen i fotballsamtalen: Vi skyt ut påstandar som var det fotballar – med ditto varierande presisjon. Kanskje tenkjer han også på motstandarpublikummet med sine høgpanna sjølvbilete, og buskete eller nappa augebryn over eit diskret foraktfylt blikk på det dei ser på som neandertalarar på og utanfor bana.

Goksøyr har gode føresetnader for jobben, mest fordi «hans hjerte står i Brann», sjølvsagt, men også som professor i idrettshistorie. Han skriv for den nesten heilt ukunnige, på ein måte som den middels interesserte og kunnige kan verte opplyst av. Han vel ei brei innføring i historia til spelet, frå britisk landsbyfotball i middelalderen, gjennom utviklinga av spelereglane og spelets eigenart, fotballen som identitets- og konfliktskapar, til den seinkapitalistiske fasen dominert av oligarkar, medgangssupporterar og toppspelarar som er eigne føretak med titals tilsette.

Styrken til boka er presise tilslag og bevegelsen over heile feltet, skiftet mellom samlande analysar og illustrerande anekdotar. Og det kulturhistoriske blikket. I rampelyset står norsk fotballhistorie – men sett i eit internasjonalt perspektiv – som linene frå det engelske forbodet mot kvinnefotball på herrebaner i 1921 til institueringa av ein aggressiv maskulin supporterkultur som gjekk over på speed i Thatcher-tida, og som framleis langt på veg held stand i dag, også i Noreg, der fotball er den største kvinneidretten.

Fotballen er ein tråd som vev saman hendingar og møte i livet.

Merksemda mot Noreg gjer at det teoretiske gjennombrotet i fotballen vert knytt til kjende namn som Nils Arne Eggen og Drillo, medan det litterære gjennombrotet har Michelet og Solstad sine VM-bøker som midtpunkt. Vi har fått eit breitt lesarsegment som både er fotball- og litterært kompetent, for oss i lågare lesardivisjon er Zlatan-biografien siste høgdepunkt, medan vi ventar på Fløgstad og Nore sine kamprapportar frå Brazil-VM . Dette er nok eit segment Goksøyr fryktar.

Biografien og kamprapporten fører på sitt beste saman to synsmåtar: spelaren og tilskodaren som intenst til stades, avsondra, men likevel del av eit fellesskap. Og av fotballen som kollektiv, eksistensiell illusjon om at det verkeleg står noko på spel her, noko vi kan investere energi i og overlate til lagnaden. For amatøren og tilskodaren er det leikens nederlag og sigrar som speglar av og er knytt til livets realitetar, for den profesjonelle og investoren er det leiken som karriere og kjelde til inntekt eller tap.

Fotballprosa på høgt nivå er den einaste måten ein med ord kan nærme seg svaret på spørsmålet Goksøyr stiller: Kva er det fascinerande med fotball? Her strekkjer han ikkje til. Skulle han det, måtte boka vore del av eit audiovisuelt prosjekt, med lenkjer til dømes til kunstfilmen som følgjer Zinedine Zidane i 90 minutt. Då ville ein også portrettert fotball som ein kroppsleik med sin særeigne rytme, ein kroppsleik som omfattar rørsla til dei andre i eit tredimensjonalt rom som spelaren på bakken har avgrensa oversikt over. Oversikta aukar frå vi er del av barnesvermen på løkka, men det gjer også kvaliteten på og det uføreseielege i dei andre sine rørsler.
Dei beste fotballspelarane har, ved sida av ufatteleg teknisk dugleik, ei ufatteleg evne til å omfatte rørsler til dei andre i si rørsle. Ufatteleg for oss som kan litt, vi som har vore og er med i svermen, og som anar kva det handlar om.

Fotballen følgjer mange av oss frå vogge til grav, som spelarar og tilskodarar, han er ein tråd som vev saman hendingar og møte i livet. Eit VM er ein måte å tidfeste ei anna hending på. Og fotball har sine mirakel: Marseille 23. juni 1998 og Istanbul 25. mai 2005 er symbol på at nederlag kan snuast til siger i siste omgang berre du har vilje, fart, støtte – og flaks. Goksøyr entrar ikkje bana med Myggen og Gerrard sine bestemte blikk. Ikkje i denne boka. Og det har nok vore ein slitekamp. Men det var jo ikkje siste omgang, og det var jo ikkje cup. Berre ei bok i ein serie.

Resultatet er, gitt dei strenge reglane, godt. Som fagleg innføringsbok, terningkast 5. Samanlikna med dei velskrivne fotballbøkene? 3. 5–3. Uavgjort, altså. Goksøyr er vår mann.