Universitetsmuseum i skvis
LUKK
Annonse
Annonse

Universitetsmuseum i skvis

Av Johanne Landsverk

Publisert 4. mars 2015 kl. 09:53

- Gåveforsterkingsordninga er berre eitt døme på korleis universitetsmusea fell utanfor, seier museumsdirektør ved UiO.

– Universitetsmusea er i dag dårlegare stilte enn museum under Kulturdepartementet. Fleire tiltak som Kulturdepartementet har sett i gang for å betre økonomien ved musea, får ikkje universitetsmusea nyte godt av, seier Arne Bjørlykke, direktør ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo (UiO). 

Les òg: Ønsker teljekantar for musea.

I ein kronikk i Klassekampen 6. februar 2015 skriv Bjørlykke, UiO-rektor Ole Petter Ottersen og direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum at universitetsmusea fell mellom alle stolar. Universitetsmusea passar ikkje inn i finansieringssystemet ved universiteta, og fordi musea er eigd av Kunnskapsdepartementet (KD), får dei heller ikkje ta del i mange av tiltaka Kulturdepartementet har innført for sine museum. 

– Gåveforsterkingsordninga er berre eitt døme på korleis universitetsmusea blir skvisa ut. Berre museum som ligg under Kulturdepartementet, får nyte godt av ordninga, der gåver til musea utløyser ekstra midlar. Ved universiteta er det berre gåver til forsking som kan utløyse gåveforsterkingsmidlar.  

Ikkje kulturmoms

Bjørlykke viser også til at det berre er museum under Kulturdepartementet som får såkalla kulturmoms på åtte prosent og momsfritak på kjøp av varer og tenester.

– Universitetsmusea fell utanfor også her. Dette må KD gjere noko med. Det burde ikkje spele noka rolle kva for departement ein høyrer til, berre ein oppfyller visse kriterium.

– Så du meiner universitetsmusea har det verre?

– Ja, vi har jo det. Om ein samanliknar kor mykje Kulturdepartementet løyver til musea sine, med det KD gjev til universitetsmusea, er det klart at musea under Kulturdepartementet kjem betre ut.

Har betre tru på KD 

Torill Gjelsvik, konstituert direktør ved Agder naturmuseum og botaniske hage, kjenner seg ikkje att i framstillinga.  

– Vi har ikkje sett mykje til dei løyvingane. Museet har ikkje fått auka tilskott frå Kulturdepartementet på mange år, seier Gjelsvik.

– Men det stemmer at vi som interkommunalt selskap (IKS) får tilbakebetalt momsen, og den fordelen kjem vi til å miste når vi blir universitetsmuseum under KD.

Agder naturmuseum har nemleg planar om å bli universitetsmuseum under Universitetet i Agder, noko som vil medføre eit skifte av departement.

– Vil økonomien blir betre som universitetsmuseum?

– Vi håpar jo på det. Agder naturmuseum har ikkje akkurat blitt prioritert dei siste åra.

– Også andre museum slit

Marit Anne Hauan er direktør ved Tromsø Museum og leiar i museumsutvalet i Universitets- og høgskolerådet (UHRM). Ho meiner det blir feil å setje to svake grupper opp mot kvarandre.

– Eg både ser og høyrer at også musea under Kulturdepartementet slit, og at dei manglar midlar til forsking, seier Hauan.

Men ho er einig i at gåveforsterkingsordninga burde femne breiare. 

– Politikarane bør ikkje isolere gåveforsterkingsordninga ved universiteta til berre å gjelde forsking, men også gåver til drift, samling og utstyr. Alle museum må finansierast opp, og gåveforsterking er ein av fleire metodar.

– Men er museum under Kulturdepartementet betre stilte økonomisk?

– Det kan eg ikkje svare på utan ein grundig analyse av budsjetta. Men det som er klart, er at musea må få betre finansiering, så ikkje viktig kulturarv og naturarv skal gå tapt.