Vil be folket om forskingsråd
LUKK
Annonse
Annonse

Vil be folket om forskingsråd

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 5. februar 2015 kl. 13:32

Heile samfunnet skal vere med på å utforme forskingspolitikken, ynskjer den nederlandske regjeringa. Forskingsmiljøa er avventande.

Fakta
<

«No skal publikum bestemme over universiteta.» Det skreiv den nederlandske avisa NRC i november, i kjølvatnet av at det nederlandske utdannings-, kultur- og forskingsdepartementet la fram meldinga Visjon for vitskap 2025. Her presenterer regjeringa planane for forskingspolitikken i Nederland dei komande åra. Ei av hovudmålsetjingane er å styrkje banda mellom vitskap og samfunn. I dokumentet heiter det at det er eit stort potensial for at publikum kan delta i forsking, både i utforminga av dei vitskaplege spørsmåla som skal stillast, og i debattar om konsekvensane av forsking og ny teknologi.

Ukjent terreng

I første omgang skal det utarbeidast ein nasjonal forskingsstrategi som skal identifisere faglege satsingsområde og styrkje forskinga sin posisjon i samfunn og næringsliv. Strategien skal utviklast gjennom ein open prosess der mellom andre forskarar og arbeidslivsorganisasjonar deltek. Men målet er at også aktørar utanfor institusjonane – som interesserte enkeltpersonar – skal kunne kome med innspel til strategiske val for nederlandsk forsking.

Leiaren av sekretariatet for den nasjonale forskingsstrategien, Marleen Groen, fortel at dei førebels prøver å finne ut av akkurat korleis det skal gjerast.

– I Nederland har vi lange tradisjonar å byggje på når det gjeld å involvere publikum i diskusjonar om vitskap og teknologi, men ikkje i så stor skala som dette. No prøver vi å identifisere «best practices». Vi utforskar ukjent terreng her.

– Ikkje teke alvorleg

Professor Arie Rip ved Universiteit Twente har lenge forska på problemstillingar knytte til teknologiutvikling, samfunn og politikk. Han er avventande til ideen om at publikum skal bestemme forskingspolitikken.

– Nederlandske regjeringar er vande med å konsultere berørte partar i dei politiske prosessane, og vi har også ei lang historie for organiserte prosessar med folkemøte, debatt og opplysingsarbeid knytt til spesielle vitskaplege problemstillingar, som kjernekraft, genmodifisert mat og no i det siste nanoteknologi. Så ein kan seie at vi har røynsle som vi kan lene oss på, men om røynsla er relevant for ein slik stor prosess som ikkje er knytt til eitt konkret tema, er ei anna sak, seier han.

Eg trur nok dei fleste nederlandske forskarar er motvillige til å la publikum få mykje å seie i forskingspolitikken.

Førebels ser han få teikn til at ambisjonane om å involvere publikum meir i forskingspolitikken, blir tekne alvorleg av forskarane.

– Eg mistenkjer at det som står i dokumenta om å ta publikum med på råd, etter kvart vil bli omformulert som «samfunnsansvarleg forsking», eit omgrep som er blitt populært i europeisk forskingspolitikk. Men det er eit omgrep som blir tolka på mange ulike måtar. Nokre prøver å operasjonalisere det i form av retningsliner som skal følgjast, mens frå EU si side verkar det å ha meir å gjere med å lytte til og tilpasse seg samfunnet sine behov, seier han.

Forskarane motvillige

Førsteamanuensis Anne M. Dijkstra ved Universiteit Twente forskar på vitskapskommunikasjon og offentleg debatt, og var ein av forskarane som leverte høyringssvar då det nederlandske vitskapsakademiet bad om innspel til den nasjonale forskingsstrategien. Der peika ho på at Visjon for vitskap 2025, trass i fagre ord om medverknad frå samfunnet, legg mest vekt på opplysingsarbeid og å skape entusiasme og legitimitet for forskinga i opinionen.

– Eg trur nok dei fleste nederlandske forskarar er motvillige til å la publikum få mykje å seie i forskingspolitikken. Teoriar om forskingskommunikasjon seier at publikum si deltaking er viktig, og forsking har vist at det kan gjerast på fruktbare måtar, men dei fleste innspela til vitskapsakademiet var negative, så eg er spent på korleis dette skal skje. Eg trur i grunnen ikkje meldinga frå departementet gjev så mykje makt til publikum som dei hevdar, skriv ho i ein e-post.

Arie Rip fortel at det er særs uklart kven som skal ha ansvaret for at publikum blir høyrt.

– Førebels er ikkje ansvaret formelt lagt nokon stad. Men på sikt kan det bli eit spørsmål om ansvaret for å samhandle med publikum skal liggje hos forskarane, i byrjinga av innovasjonskjeda, eller hos industrien og sivilsamfunnet lenger nede i kunnskapsstraumen. Det er ingen debatt om dette enno, men dersom desse planane verkeleg skal takast på alvor, vil spørsmålet kome opp.