Vurdering av regjeringas forslag til ny finansieringsmodell
LUKK

DEBATT

Vurdering av regjeringas forslag til ny finansieringsmodell

Av Steinar Vagstad, professor og lokallagsleiar for Forskerforbundet

Publisert 14. oktober 2015 kl. 07:00

Dei som har kokt i hop denne metoden har nok hatt dei beste intensjonar, men resultatet framstår som svært lite gjennomtenkt.

vurdering-av-regjeringas-forslag-til-ny-finansieringsmodell


Steinar Vagstad er professor i samfunnsøkonomi, og lokallagsleiar og hovudstillitsvald for Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen.

I siste nummer av Forskerforum lurer redaktør Kjetil Brottveit på kva eg meiner om universitet- og høgskolefinansiering. Eg har gitt eit par intervju siste veka, det eine til Forskerforum, og der kjem litt av det eg meiner om finansiering fram, men med journalisten si vinkling. Dette intervjuet har så blitt brukt til å stille kunnskapsministeren til veggs. Eg føler eit behov for å klargjere kor hen eg står i denne saka. Dette kan ha interesse for lesarar av Forskerforum av to grunnar. For det første er eg i denne samanhengen ein fagperson og har fagleg funderte synspunkt på finansiering. For det andre er eg kandidat til nytt hovedstyre i Forskerforbundet, og eg er heilt einig med Brottveit i at delegatane på representantskapsmøtet i neste veke bør vite kva styrekandidatane står for i viktige saker. UH-finansiering er ei slik viktig sak.

Til meiningane først:

  1. Eg er tilhengjar av dagens finansieringsmodell for universitet- og høgskolesektoren (UH), og meiner den har langt fleire positive enn negative trekk.
  2. Eg er også i hovudsak positiv til det regjeringsoppnemnde ekspertutvalets forslag til reformer av finansieringsmodellen – ikkje minst fordi forslaget i stor grad vidarefører dagens modell.
  3. Eg vil karakterisere regjeringas forslag til ny modell som ei slags blanding av gammal modell og ekspertutvalgets forslag, med eit par unntak som eg vil kommentere nedanfor. Eg er av denne grunn hovudsakleg positiv til regjeringas forslag også. Viss det ser annleis ut for den som les intervjuet, må ein hugse på at eit intervju er kjekkare å lage (og å lese?) viss fokus er på det ein er kritisk til, ikkje det ein er positiv til. Det er i alle fall det kommunikasjonsavdelinga ved UiB bruker å fortelle oss: media ønskjer konfliktar, einigheit er kjedeleg.
  4. Blant det eg liker best med regjeringas forslag er at dei har valt å følgje ekspertutvalget i ikkje å røre inntektsfordelinga mellom institusjonar (å la basis «vere i fred») i denne omgangen. Denne meininga kan godt vere påverka av at eg jobbar ved eitt av dei «gamle» universiteta, som har følt seg trua av argumentasjonen frå «dei nye universiteta» og enkelte av høgskolane. Men det viktigaste for meg er ikkje kva som er bra for UiB, men kva som vil gagne norsk forskning og utdanning samla sett. Eg er einig med ekspertutvalget i at å ta frå dei gamle universiteta for å styrke dei nye neppe vil bidra til å styrke kvalitet i forskning og utdanning.
  5. Eg er sjølvsagt ikkje like begeistra for alt som blir føreslått. Det eg ser som dei to største problema med regjeringas forslag er i) manglande justering av basis for å unngå utilsikta fordelingsvirkningar når ein endrar på satsane for den resultatorienterte belønninga (manglande rekalibrering), og ii) den nye metoden for å rekne ut publiseringspoeng. Derfor har eg fokusert på dette når eg er blitt spurt, og eg vil bruke resten av innlegget på å utdjupe min kritikk.

 

Først om rekalibrering. Då dagens finansieringsordning blei innført i 2002 gjekk ein frå ein situasjon der «alt var basis» til å belønne ei rekkje resultatindikatorar. Men institusjonane fekk ikkje meir pengar: for kvar institusjon blei basis justert slik at ny basis pluss belønning var lik den gamle basis i innføringsåret. Denne metoden er det som blir kalla rekalibrering av basis. Det er ingen stor operasjon, og gjer det mogleg å gjere noko med insentiva utan å påverke ressursfordelinga mellom institusjonane på kort sikt. På lengre sikt vil ressursstraumen til den enkelte institusjon kunne bli påverka av dei nye insentiva, sidan det resultatet som blir belønna endrar seg. Ein må ikkje la seg lure til å tru at rekalibreringa betyr at nye insentiv er utan betydning!

Korleis går det an å vere for at basis skal fredast på dagens nivå og samstundes vere veldig for at basis må rekalibrerast?  Det er ein konsekvens av at eg meiner at eventuell omfordeling mellom institusjonar må vere tilsikta og grunngitt (som alternativ til utilsikta og grunnlaus). Rekalibrering sikrar at den tilfeldige omfordelinga som følgjer av endring i belønningsindikatorar og –satsar blir nøyaktig motvirka ved justering av basis. Slik unngår ein at presumptivt fornuftige endr ingar i insentiv ikkje blir stoppa av at regjeringa ikkje liker fordelingsvirkningane (slik regjeringa har argumentert for å legge bort ekspertutvalgets forslag om reduksjon frå 6 til 4 utdanningskategoriar), og ein unngår at dårleg begrunna insentiv blir innført fordi regjeringa liker fordelingsvirkningane. Den nye publiseringsbelønninga kan vere eit eksempel på dette, sjølv om det dreier seg om fordeling mellom fag, ikkje institusjonar. Rekalibrering inneber at ein kan gå for ordningar som gjev gode insentiv utan å bekymre seg for fordelingsvirkningane. Dette utelukkar ikkje at ein kan endre på ressursfordelinga, men viss ein ønskjer dette må ein grunngje dette separat, uavhengig av belønningssatsane.

Regjeringas forslag er absurd og moro på ein gong!

Så til den nye metoden for å rekne ut publikasjonspoeng. Det er ein morsom metode, eg må innrømme såpass. Men veldig gjennomtenkt ser den ikkje ut til å vere.

Bakgrunnen for ny utrekning er at med dagens poengberegning varierer «produktiviteten» (publiseringspoeng per ansatt) sterkt mellom ulike fagområde, noko som har fått mellom anna ekspertutvalet, Universitets- og høgskolerådets publiseringsutval og no Kunnskapsdepartementet til å slå fast at dagens metode ikkje er «fagnøytral». Simuleringar viser at ein kan få jamnare målt produktivitet viss ein vektar opp sampublisering, og det er det som ligg bak når regjeringa påstår at forslaget vil gje ein meir fagnøytral publiseringsindikator.

Det er to problem med dette forsøket på å utjamne skilnadene og skape «fagnøytralitet» på. Grunnproblemet er at ein i utgangspunktet bestemte seg for ein «felles valuta»i form av lik verdi av ein artikkel/antologi/monografi på tvers av fag, uavhengig av det som måtte vere av kvalitetsmessige skilnader mellom fag. Publiseringsindikatoren er slik skrudd saman at 20 prosent av fagets publikasjonar skal vere på nivå 2. Viss det over tid ikkje er tilfelle, skal grensene mellom nivå 1 og 2 justerast slik at 20 prosent blir på nivå 2.

Det er sjølvsagt vanskeleg å samanlikne kvaliteten på artiklar i f.eks. molekylærbiologi og litteraturvitenskap. Det ein kan gjere er å samanlikne ressursinnsatsen (kostnadene) som ligg bak. Høg produktivitet i eit fag (målt ved dagens publiseringspoeng) vil då vere ein indikasjon på at faget produserer «billege poeng» –publikasjonar som ligg lite ressursinnsats bak og som i den forstand er av låg kvalitet. Viss ein er klar over dette fenomenet er det vel grenser for kor stort problem det er at litteraturvitarar framstår som meir produktive enn kreftforskarar.

Det andre problemet er av praktisk art. Ekspertutvalgets forslag (belønning av all sampublisering i form av den såkalla kvadratrotformelen) vil utvilsomt bidra til å jamne ut skilnadene mellom fag, men det vil bidra til andre raritetar i staden. Innanfor eit fag er publisering av ein artikkel avhengig av kvaliteten på artikkelen, ikkje på talet på forfattarar som står bak. Oppvekting av medforfattarskap betyr at prosessen kan bli viktigare enn resultatet: ein nivå 1-artikkel kan dra inn fleire poeng enn ein på nivå 2 med rett samansetning av forfattarar. Det var vel ikkje meininga?

Regjeringas forslag er endå verre, ved at belønninga (og dermed departementets implisitte verdsetting av kvalitet) ikkje berre er avhengig av talet på forfattarar, men kor dei høyrer til, på ein intrikat og uoversiktleg måte. Sampublisering har i følgje regjeringa verdi berre viss forfattarane tilhøyrer ulike institusjonar, spesielt viktig er det å få med ein forfattar med tilknyting til ein utanlandsk institusjon. Og viss ein forfattar gjev opp tilknyting til to institusjonar skal dette teljast som to unike forfattarar. Her kan ein altså vere sin eigen utanlandske medforfattar 🙂

Det med at medforfattarskap berre har verdi viss forfattarane tilhøyrer ulike institusjonar kan jo få litt rare utslag no i desse fusjonstider. Viss ein forskar ved NTNU skriv ein artikkel på nivå 1 i lag med ein kollega frå HiG, ein ved HiST og ein ved HiÅ, vil dette bli belønna med 2 poeng før fusjon mot berre eitt poeng etter. Eg vil anbefale lesarane å eksperimentere med ulike konstellasjonar av medforfattarskap og institusjonstilknyting for å sjå korleis regjeringas forslag slår ut – det er absurd og moro på ein gong! Dei som har kokt i hop denne metoden har nok hatt dei beste intensjonar, men resultatet framstår som svært lite gjennomtenkt.

Oppsummert så er min påstand at dette forsøket på å rette opp det eg vil kalle lite viktige skilnader mellom fag (så lenge ein er klar over kva ein måler og ikkje måler med dagens publiseringsindikator), så skaper ein langt alvorlegare skilnader innanfor kvart fag. Viss nokon synest at manglande fagnøytralitet er eit viktig økonomisk problem føreslår eg kort og godt å redusere belønningssatsane.