Akademiske pionerar
LUKK
Annonse
Annonse

Akademiske pionerar

Av Johanne Landsverk

Publisert 8. januar 2015 kl. 09:45

Ei begynte som flyvertinne, andre jobba på kontor. For dei tidlege akademikarkvinnene var det ingen rask veg til karriere.

akademiske-pionerar


– Mange av akademikarkvinnene kom seint i gang med eigen karriere, seier Kari Sommerseth Jacobsen. Foto: Ingrid Vibe, Anno museum

akademiske-pionerar


– På Historisk Institutt i Bergen var det bare menn da jeg begynte. En gang vi gikk ut og spiste middag før et forskerseminar, møtte jeg en bekjent. Han kom bort til bordet hvor vi satt, og spurte: «Vet din mann at du er her?» Det virket som en slags bebreidelse eller kontroll, seier Ida Blom i «Dokument hundre kvinner». Foto: Magnus Vabø

Fakta
<

– Dette er eit unikt stykke noregshistorie. Det er personlege historier om kvardagsmenneske, sjølv om akademikardamene skil seg ut med ein annan bakgrunn og større moglegheit enn andre kvinner, seier Ingun Aastebøl, seksjonsleiar og konservator ved Anno museum. 

 «Dokument hundre kvinner» er eit prosjekt der sju norske museum har vore involverte. 

– Vi har intervjua hundre kvinner over 70 år om livshistoria deira. Den eldste vart fødd i 1913, så her snakkar vi om hundre års kvinnehistorie, seier Kari Sommerseth Jacobsen. Ho var direktør for Kvinnemuseet, som i dag er ein del av Anno museum, då ho fekk ideen til å starte eit nettverk for kvinnehistorie i 2004.  I dag er ho seniorrådgjevar ved Anno, avdeling Kongsvinger.

Hundre kjende og ukjende

– Kvinnehistoriene blir så lett borte. Det er mannehistoriene som er synlege. Difor ville vi samle inn kvinnehistorier frå heile landet og frå heilt ulike miljø. Då vi starta i 2007, var seks museum med. Etter kvart har sju ulike museum teke del i innsamlingsarbeidet, seier Sommerseth Jacobsen.

Kvart museum valde sjølv ut kva for kvinner dei ville intervjue.

– Dessutan sørgde vi for at ein del politiske pionerkvinner vart intervjua, blant anna Berit Ås og Torild Skard. Blant dei hundre utvalde kvinnene er nokre veldig kjende, medan andre er heilt ukjende utanfor sitt eige miljø, fortel ho. 

Ingen enkel veg

Informantane er spurde om familiebakgrunn, førebilete, diskriminering – og om det å vere kvinne. Sommerseth Jacobsen er overraska over ein del av funna.

– Mange av akademikarkvinnene har ikkje hatt ein rask veg til karriere. Éi av dei begynte som flyvertinne, andre jobba på kontor. Det tok litt tid for fleire av dei. Kanskje måtte dei først ta seg av barna, og mange hadde ikkje nok tru på seg sjølve. Yngre kvinner kan seie: Eg skal bli lege. Men for desse pionerane var barrierane mykje større.

Sårt å ikkje få utdanning

Ingun Aastebøl begynte å sjå nærare på det store materialet, noko som har resultert i ein vitskapleg artikkel. I artikkelen har ho samanlikna to ulike grupper: informantar frå innlandet, der dei fleste er utan høgare utdanning, og kvinner i akademia, som skil seg ut med at alle har embetseksamen, nokre har også doktorgrad.  

– Etter å ha lese ein del av intervjua, slo det meg kor mange av kvinnene frå innlandet som  var leie seg for at dei ikkje hadde fått utdanning. På spørsmålet om det er noko i livet dei angra på, var det mange som nemnde kor sterkt dei hadde ønskt seg utdanning. Blant kvinnene i akademia var det fleire som angra på at dei ikkje hadde teke doktorgrad. Og av dei som hadde doktorgraden, angra fleire på at dei ikkje hadde fått nok tid til familie og vener. Det store spennet mellom desse synspunkta gjorde at eg fekk lyst til å gå djupare inn i materialet, seier Aastebøl. 

Også for Lucy Smith var det ei sjølvfølgje å ta hovudansvaret for borna fordi mannen var så flink.

– Eg har studert kva for val kvinnene tok og hadde høve til ta. Eg har særleg sett på korleis kvinnene reflekterer over sine eigne liv ut frå bakgrunnen dei har. Veldig få greier å svare på spørsmålet om kva klasse dei høyrer til. Vi har hatt store klasseskilje i Noreg, men det har ikkje vore snakka om. Mange har heller ikkje tenkt over om det var forskjell på jenter og gutar då dei var born. Akademikarkvinnene har tenkt på dette, men først i ettertid har dei forstått at dei som unge vart urettferdig behandla.

Utdanning mest for gutar

Aastebøl seier mange av kvinnene ikkje fekk utdanning fordi det var gutane som vart satsa på.

– Ein kan spørje seg om dette var på grunn av kjønn eller klasse, og det var nok begge delar. Men i denne generasjonen var det vel så mykje kjønn. Det var lagt til rette for ein utdanningsrevolusjon då desse kvinnene var unge i 1950-åra og tidleg i 1960-åra. Men haldningane i samfunnet gjorde at denne utdanningsrevolusjonen berre nådde gutane. Kvinnene som er intervjua, er litt eldre enn den typiske 68-aren.

Fleire av akademikardamene kom seint i gang med eigen karriere.

– Mange hadde ikkje ei klar formeining om kva dei skulle bli. Også for Lucy Smith, som skulle bli den første kvinnelege rektoren ved Universitetet i Oslo, var det ei sjølvfølgje å ta hovudansvaret for borna fordi mannen var så flink og framgangsrik. 

Artikkelen til Aastebøl blir publisert på nyåret, i den nye vitskaplege publikasjonen til Anno museum. I løpet av våren 2015 kjem også boka som samanfattar «Dokument hundre kvinner».

 

Utdrag frå «Dokument hundre kvinner»:

Knoll i nakken

Ida Blom (1931), fødd i Gentofte, Danmark
Tok doktorgrad i 1972, er Noregs første professor i kvinnehistorie
Blom tok artium i København

– Jeg hadde lyst å studere medisin, men tenkte det ville være idiotisk å bruke så mange år på en så lang utdannelse. Jeg kom jo sikkert til å gifte meg likevel.

– En av mine favorittlærere spurte oss hva vil ville gjøre etter å ha tatt eksamen. Jeg sa jeg hadde lyst til å studere. Han svarte med redsel i stemmen: – Ikke gjør det! Da får du «knoll» i nakken og svarte strømper. Det forskrekket meg virkelig. Å bli en gammel tante med topp, det var døden, altså!

 

«Det er mange som dør»

Solveig Aasheim (1932), fødd i Bergen
Førsteamanuensis i biologi ved Universitetet i Bergen

– Jenter tok jo engelsklinjen, ikke sant? Så det var en selvfølge at jeg skulle det. Det var ikke spørsmål om annet. Men om sommeren, før jeg skulle begynne på gymnaset, begynte jeg å tenke, og snakket med den venninne som hadde meldt seg på reallinjen. Hun spurte hvorfor jeg som likte best fysikk og matematikk, ville gå på engelsklinjen. Dermed gikk jeg og skulle bytte linje. Der traff jeg lektoren som skulle ha denne blandingsklassen på reallinjen, og han var så fortvilet over at det kom enda en jente til. Det var 17 jenter og 13 gutter i denne klassen, og han prøvde å skremme meg: «Det er jo så tungt. Det er mange som dør», sa han.

 

Eit ja-menneske

Lucy Smith (1934–2013) fødd i Oslo
Den første kvinnelege jusprofessoren i Noreg, rektor ved Universitetet i Oslo 1993–1998
Gift med Carsten Smith

– Carsten er en usedvanlig begavet person, og jeg syntes det var riktig og rimelig at jeg tok det meste arbeidet hjemme da barna var små. Han har alltid arbeidet veldig mye. Han var professor på det samme instituttet som meg og ble senere høyesterettsjustitiarius.

– Jeg har alltid sagt ja til å motta verv der det er snakk om å være første kvinne, eller en av de første kvinnene, hvis jeg mente jeg var kvalifisert. Dette gjorde jeg fordi jeg hadde lyst, men også fordi jeg mente det ville ha betydning for andre kvinner.