Ei rekke perspektiv på husmenn
LUKK

Bokanmeldelse: Nils Olav Østrem - En kort introduksjon til husmannsvesenet

Ei rekke perspektiv på husmenn

Av Kjetil Vikene

Publisert 14. oktober 2022 kl. 13:37

Ei litt uryddig bok om husmannsvesenet som ikkje klarar å bestemme seg for om ho skal vere soge eller oppslagsverk.

«Historia om husmennene, husmannsgruppa og plass-systemet kan skrivast med mange perspektiv», skriv Nils Olav Østrem tidleg i boka. Østrem er professor i historie ved Universitetet i Stavanger og freistar både å gje eit historisk oversyn over eit relativt smalt forskingsfelt og ein historisk introduksjon til objektet til forskingsfeltet: husmannsvesenet.

Nils Olav Østrem
En kort introduksjon til husmannsvesenet
Cappelen Damm Akademisk, 2022

192 sider

Veil. pris: kr 299       

Eg gledde meg til å lese boka, om så berre fordi staden der den vesle hytta til foreldra mine ligg, heiter Husmannsplassen. Eg kjenner meg òg klart treft av orda i introduksjonen: «Stereotypiane lever om husmannskontraktar og slaveriliknande arbeidsforhold. Folk flest meiner å vita at husmannsvesenet var eit negativt uvesen.»

Desse mytane tilbakeviser Østrem inngåande, og brettar heller ut eit fenomen som er så heterogent at det innimellom kan vere vanskeleg å sjå korleis omgrepet i det heile tatt kan brukast: Dei regionale og kulturelle skilnadene på korleis husmannsvesenet fungerte, og den skiftande stillinga husmennene historisk har hatt, forklarar nok noko av det litt uryddige inntrykket eg sit att med etter lesinga.

Men tematikken forklarar ikkje heile forvirringa mi, trur eg. Den største utfordringa med boka er at ho ikkje heilt klarar bestemme seg for kva ho er. På eit overordna plan lovar forfattaren denne «større ‘husmannssoga’», mens tittelen berre lovar «en kort introduksjon». Sistnemnde er vel ein (sic!) ganske grov nynorsk-bommert, sjølv om serien krev denne tittelen? På eit meir strukturelt plan vekslar boka mellom å vere ei svært detaljert utlegging av regionale særtrekk før ho brått blir ei slags tematisk ordbok og dernest eit oversyn over mogelege tilknytingar til andre fagområde og tematikkar.

Kan hende er boka eit offer for det heterogene objektet ho har – og eit lite utvikla forskingsfelt? Men då hjelper det heller ikkje at den litt sirklande skrivestilen berre forsterkar kjensla av at objektet slepp unna. I ei av kapitteloppsummeringane heiter det til dømes: «Husmannen hadde på 1700-talet blitt ei undergruppe av gardbrukarane. Husmannsgruppa inngår i bondestanden, men ikkje som ei eiga sjølvstendig gruppe. Konklusjonen blir at gruppa av husmenn må tole underordning. Den idealtypiske husmannen kan det fungera å operera med som medlem av gardbrukaren si undergruppe innanfor bondestanden. Husmannsgruppa blir svært mangfaldig når det er gardbrukarane som rår over husmennene, og kva dei skal setjast til på gardane og i lokalsamfunna. Eige initiativ frå undergruppemedlemmene gjorde også spelerommet større og påverka kva handlingsalternativ husmenn faktisk kunne riva til seg.» Den lange oppsummeringa tåkelegg meir enn ho klargjer. Til dømes står det ikkje heilt klart for meg kven som er den handlande parten her. Dette kan sjølvsagt vere intendert, men det gjer lesinga vanskeleg.

Resultatet er diverre at med dei mange perspektiva forfattaren stadig prøvar å få plass til, og som han òg stadig minner oss på, manglar boka sjølv nettopp eit overordna perspektiv, ein raud tråd som bind saman framstillinga.

  • Les også: