Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Kritikk | Bokanmeldelse

10 000 år med norsk historie – godt og balansert og godt skriven

Ei velbalansert noregshistorie som viser fram historias usikkerheit på kløktig vis.

«Historia kunne lett ha teke andre vegar», skriv forfattarane i opningskapittelet, og poengterer det i bokas avslutning: «Når denne boka går i trykken i februar 2021, kjenner me enno ikkje omfanget av dei mange verknadene denne store krisa vil få, og når ho vil ta slutt.» Mellom desse to setningane finne me ei breitt utforma nasjonalhistorie.

Fakta
Dag Hundstad (red.), Svein Ivar Angell, Knut Dørum og John Ragnar Myking
Kvifor vart det slik? Norsk historie gjennom 10 000 år
Cappelen Damm Akademisk, 2021
432 sider
Veil. pris: kr 629
Dei fire forfattarane frå Vestlandet og Agder måler den kanoniserte realhistoria – dei historiene om Noreg som fleire av oss kjenner – mot ulike metodar innanfor historievitskapen, tolkingar av fleire historikarar og innimellom kontrafaktiske forklaringar. Boka er fleirstemd, men fell ikkje frå kvarandre. Ho er ei samla framstilling av 10 000 år med «norsk» historie, godt balansert og godt skriven, og sjølv om boka har eit lærebokpreg med tilhøyrande fordjupingsoppgåver etter kvart kapittel, passar ho for ålmenta.

Eit tilbakevendande grep boka gjer nytte av, er å ta hevdvunne vendingar for så å sette dei i spel. Etter å ha starta forteljinga om svartedauden med setninga «I 1349 seig det eit skip inn på Vågen i Bergen», skundar teksten seg å leggje til at det hadde vore utbrot av smitta i både Oslo og Hamar året før. Dernest vert pesten brukt til å vise usemje i den historiske oppfatninga av sjukdommen, nemner moderne DNA-analysar av Yersinia pestis-bakterien, og viser korleis Noreg låg bak når det gjaldt folketeljing. Forfattarane ekstrapolerer ut eit sannsynleg folketal på 500 000 før svartedauden, mens det eit halvanna hundreår seinare berre var 180 000 i skattelistene. Me kan lese om stadig nye bølger med pestar i tiåra etter svartedauden – og om jamlege pestutbrot til innpå 1600-talet. Det er spanande og opplysande å lese om korleis etterverknadane av den langvarige krisa på mange vis råka jordeigarane meir enn dei overlevande leiglendingane (når det vart færre som ville leige jord, fall prisane). Dette omstendelege referatet får stå som eit døme på korleis boka får maksimalt ut av ei velkjend soge. Ei anna slik soge er «oljeeventyret», der boka nokre gonger omtalar eventyret som fakta (økonomisk suksess) og andre gonger nett som skrøne (eit effektivt hinder for å nå klimamål).

Forfattarane gjer òg god greie for ulike røyster i historieforteljinga, heilt fram til vår eiga tid. Eit døme på dette er korleis ulike historikarar har vurdert samanhengen mellom innvandringspolitikk og det offentlege ordskiftet. «[Finn Olstad] meiner at ein liberal innvandringspolitikk har festa seg som eit ideologisk hegemoni, og kvelt spirane til ein kritisk debatt. [Knut Kjeldstadli og Grete Brochmann] meiner tvert om at den offentlege samtalen og opinionen sidan 1980-åra har vore meir kritisk og oppteken av dei problema som inntak av ulike folkegrupper har skapt for Noreg. På den andre sida hevda ikkje Olstad, som Terje Tvedt har gjort, at multikulturalisme har sletta ut norsk nasjonalisme og identiteten knytt til å vere norsk.»

Sjølv likar eg skrivemåten i boka særs godt: Han gir på same tid fleire perspektiv på historia, synleggjer at historia er ein materie i bevegelse og ikkje skriven i stein. Boka er fint balansert mellom tradisjonell nasjonalhistorieforteljing og -refleksjon, mellom stolt framstilling og sviande nedsabling av nasjonalromantiske førestillingar. Boka avsluttar med tenkjestykket «Noreg – eit ‘annleisland’?», som destillerer desse motsetningane.

Ingen tvang meg til å bli professor eller til å publisere en hel masse mens jeg hadde barn. Jeg bare gjorde det.

Boka kaster lys over et mørkt kapittel i Norges historie

Kjemiker Alexander Sandtorv tar et oppgjør med plasten og visst kan han skrive

Boken fremstår mest som et rop om hjelp på lærerstandens vegne

«Hva skjer med verden?» er et spørsmål som selv de mest flegmatiske blant oss stiller seg om dagen

Jeg kan ikke se hvordan en innføring i rusmidlenes vesen kunne ha blitt presentert på en bedre måte

For leseren er det omveltende, tidvis svimlende, å bli tatt med på innvirkningene nitrogen har på nær sagt alt.

Akademisk frihet og ansvar: Svar til Helgheim

Lukk meny