Best er ikkje billig
LUKK

Best er ikkje billig

Av Johanne Landsverk

Publisert 6. januar 2015 kl. 09:24

Medan Sverige bruker milliardar på å kapre dei beste, kan låg løn og små forskingsmiljø stoppe toppforskarar i å velje Noreg.

best-er-ikkje-billig


– Eg valde å bli verande i USA på grunn av det gode forskingsmiljøet, seier Finn E. Kydland, som fekk nobelprisen i økonomi i 2004. Foto: Scanpix

best-er-ikkje-billig


– I USA er det ingen som fortel forskarane når dei må vere på kontoret. Eg er redd eg ville miste fridomen om eg flytta til Noreg, seier Toril Moi. Foto: Linda Bournane Engelberth

best-er-ikkje-billig


– Det er få internasjonale toppforskarar som vil vere villige til å gå ned i levestandard for å flytte til Noreg, meiner Gro Amdam. Foto: Christofer Bang

best-er-ikkje-billig


Forskarar på dette nivået les ikkje stillingsannonser. Dei må kontaktast, seier Sten Eirik Jacobsen. Foto: Orlando Boström

Fakta
<

Tenk deg at du fekk 100 millionar over ti år. Tenk deg alt du kan få gjort, alle dørene som opnar seg!

Norske Sten Eirik Jacobsen er ein av fire framståande forskarar som Karolinska Institutet i Stockholm no satsar store pengar på.

– Sverige ønskjer å få tak i internasjonale forskarar på toppnivå og byggje opp nye forskingsmiljø kring desse, seier Jacobsen, som er eit verdskjend namn innan stamcelleforsking. Han jobbar i dag som professor ved University of Oxford. I tillegg har han dei siste fem åra hatt ein gjesteprofessorstilling ved Karolinska Institutet.

Det svenske Vetenskapsrådet har løyvd til saman tre milliardar svenske kroner til internasjonal rekruttering av framståande forskarar, fordelt over perioden 2013-2025. Etter 2020 må budsjettet rett nok godkjennast av ei ny regjering. Universiteta sjølve går også inn med store midlar.

Karolinska Institutet fekk 522 millionar kroner for å kapre dei beste, og Jacobsen er ein av dei utvalde.

Også i Noreg er noko i ferd med å skje: I statsbudsjettet for 2015 vart det for første gong sett av 70 millionar kroner til dei fem største universiteta for å bygge opp fagmiljø som kan tiltrekke seg internasjonale eliteforskarar. Småpengar kanskje, samanlikna med den svenske satsinga, men likevel noko nytt i Noreg.

Det spesielle for tildelinga frå det svenske Vetenskapsrådet er at pengane går direkte til enkeltforskarar. Jacobsen får nærare 100 millionar kroner over ti år.

– I tillegg får eg om lag 55 millionar direkte frå Karolinska Institutet og andre svenske stiftingar. Det er ei ganske unik satsing, og ein litt annan måte å tenke på enn vi er vane med.

Kjøpekrafta mi vil gå rett i dørken ved å flytte tilbake til Noreg.

– Må først bli spurd

Som ein av verdas beste forskarar på sitt fagfelt har Jacobsen blitt spurd om å kome til USA, England, Tyskland og mange andre land. Men han er aldri blitt kontakta av Noreg.

– Om det skal vere aktuelt for ein norsk forskar å flytte tilbake til Noreg med forskinga si, må ein jo først bli spurd. Når det er sagt, hadde eg nok ikkje flytta tilbake, for forskingsfeltet mitt er ikkje så sterkt i Noreg, seier Jacobsen.

Han meiner det i så fall måtte store ressursar til for å gjere ei slik satsing realistisk.

– Likevel meiner eg at ein viktig rekrutteringsstrategi er å kontakte framgangsrike forskarar som har flytta ut. Folk vil gjerne tilbake til eige land. Korkje Sverige eller Noreg er geografisk veldig attraktive land for utlendingar, men dei fleste skandinavar vil gjerne bu i Skandinavia. Dette er ein viktig grunn til at eg no flyttar frå Oxford, som er eitt av dei fem beste universiteta i verda. Eg vil bu i Sverige.

Miljøet er viktigast

Men er det først og fremst pengar som skal til for å kapre toppforskarane?

– Pengar har mykje å seie, men det viktigaste er forskingsmiljøet. Ein greier ikkje å rekruttere ein toppforskar til eit universitet der det ikkje finst eit sterkt miljø innanfor det aktuelle forskingsområdet. Alternativt må ein kunne tilby denne forskaren nok ressursar til å bygge opp eit slikt miljø. Det handlar om å sy saman det eg kallar ein kritisk masse av toppforskarar. Innan medisin og anna forsking som er svært teknikk-krevjande, er det sjeldan at berre éi forskargruppe kan utføre mirakel. Ein må ha fleire grupper som samarbeider nært med kvarandre, seier Jacobsen.

– I Noreg har vi jo eit fantastisk eksempel i Kavli-instituttet ved NTNU og ekteparet May-Britt og Edvard Moser som veldig fortent fekk nobelprisen. Dette er toppforskarar som i lengre tid har fått store ressursar som eit «center of excellence», og som eit resultat av dette har vore ekstremt framgangsrike. Dei har fleire forskargrupper, men fokuserer i stor grad forskinga si kring berre éin celletype.

Han meiner Moser-ekteparet også har vore svært dyktige til å rekruttere internasjonalt.

– Dette er nødvendig for dei fleste miljø som har ein realistisk ambisjon om å bli internasjonalt leiande innanfor sitt forskingsområde, seier han.

– For dårleg lønn

Gro Amdam er professor i biologi ved Arizona State University. Ho har ikkje planlagt å flytte heim til Noreg.

– Kjøpekrafta mi vil gå rett i dørken ved å flytte tilbake, seier Amdam. Ho er ein profilert toppforskar også i USA og er kjend for forskinga på bier. Amdam har i tillegg ei forskargruppe ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

[wip4: photo=726190 width=512 align=middle]

– Det forskarar ønskjer, er ressursar til å drive forskinga. Forskarar i utlandet er vane med å få oppstartspengar og stillingar til teknisk personale. Toppforskarar vil forvente at også desse stillingane er faste. Det hadde ikkje vore noko problem for eit norsk universitet å matche den amerikanske lønna mi, men i USA har eg to og ein halv gong større kjøpekraft for pengane eg tener, seier Amdam.

Ho meiner svært få internasjonale forskarar vil vere villige til å gå ned i levestandard for å flytte til Noreg.

– Kanskje er dei vane med eit stort hus med vaskehjelp, gartnar og privatskole for borna.

Vil «kalle» dei beste

Ved Universitetet i Bergen (UiB) har dei vurdert å ta i bruk «kalling» for å skaffe dei beste toppnamna.

– Vi kan tenke oss å tilsetje ein toppforskar i året ved kalling, men då må vi verkeleg ha noko å tilby, seier rektor Dag Rune Olsen ved UiB.

 – Forskarar jobbar gjerne i grupper, og mange har ein karriere som er avhengig av at heile gruppa kan lukkast. Det vil bli ei kjempestor utfordring for oss å handtere om to–tre personar må tilsetjast.

Han fortel at det er universitetsstyret som tilset ved kalling.

– Dette er i dag noko som berre skjer ein sjeldan gong. Forskarstillingar blir som regel utlyste.

– Bør Noreg følgje etter Sverige?

– Vi skal tillate oss å bruke noko meir pengar på å trekke til oss dei beste. Men ikkje alle forskingsmiljø treng å vere i front. Vi kan satse på nokre få miljø som driv på internasjonalt toppnivå, men her i Noreg bør vi ha ein sunn balanse mellom breiddemiljø og dei beste elitemiljøa.

Det viktige spørsmålet er kva vilkår ein har for å drive toppforsking i Noreg.

Ikkje gode nok vilkår

Amdam vart sjølv rekruttert til USA frå Noreg, og meiner det amerikanske systemet på ein heilt annan måte legg til rette for rekruttering.

– Der fekk eg hjelp med visumsøknad og arbeidsløyve. Om institusjonane i Noreg greier å gjere synleg at dei legg til rette for denne typen hjelp, vil barrieren for å flytte vere lågare.

Ho meiner universiteta må tenke gjennom korleis dei ønskjer å integrere ei toppgruppe.

– Dette er prioriteringar universiteta må gjere i forkant av ei rekruttering. Universitetet må synleggjere kva for forskingsområde som er prioritert, elles blir det uinteressant for forskaren å dra dit.

Ho meiner det er prisverdig at den norske regjeringa ønskjer å øyremerke midlar til toppforskingsmiljø, men kallar det for småpengar.

– Det er ikkje så veldig interessant at regjeringa har gjeve ein del millionar til å bygge elitemiljø, for det viktige spørsmålet er kva vilkår ein har for å drive toppforsking i Noreg. Det er fint å bli rekruttert, men det er ei forføring. Ein dag er oppstartspengane brukte opp, og lenge før dette må ein ha søkt om eksterne midlar utanfrå. Vi veit at mykje toppforsking i Noreg ikkje får midlar, og dette kan ikkje vere spesielt oppløftande for dei som kjem utanfrå. Toppforskarar ønskjer å jobbe for toppforskingsnasjonar, der store og langsiktige satsingar er mogleg.

Har tru på SFF

Sten Eirik Jacobsen meiner det er svært positivt at Noreg dei siste åra har brukt pengar på å utvikle mange senter for framifrå forsking (SFF).

– Sett utanfrå har denne satsinga vore svært vellykka. Eg veit om mange i Noreg som er ueinige i denne forma for elitesatsing, fordi det krev mykje ressursar. Men eg meiner dette er ein viktig veg å gå om ein vil gjere seg gjeldande internasjonalt.

– Er du einig i måten Sverige gjer dette på?

– Ja, det fungerer for det meste veldig godt, men også i Sverige blir det satsa for lite på forsking. Planane og oppfølgingane er ofte for dårlege og kortsiktige, seier han.

[wip4: photo=726191 width=512 align=middle]

Trass i nobelpris til Noreg i 2014 og all merksemda rundt den: Amdam meiner forskinga i Noreg ikkje er særleg synleg internasjonalt.

– Sverige har eit mykje større internasjonalt namn, delvis på grunn av kompetansen på Karolinska Instituttet, som også deler ut nobelprisane, meiner ho. 

– I USA er institusjonane nøydde til å vere synlege om dei skal trekke til seg studentar og pengar. Det å rekruttere ein nobelprisvinnar er utruleg viktig. Norske universitet treng ikkje dette på same måten, og då har heller ikkje rekrutteringa av toppforskarar den same signaleffekten.

Skeptisk til milliardsatsing

Ole Petter Ottersen, rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), er ikkje overtydd om at det dei gjer i Sverige, er det rette.

– Det å kjøpe store, etablerte forskingsgrupper frå utlandet, er ekstremt kostbart, og ein må spørje seg om resultatet av ei slik satsing står i forhold til pengebruken. Før vi gjer ein liknande milliardsatsing her, må vi sjå erfaringane frå Sverige. Det kan vere at nokre av forskarane allereie har nådd middagshøgda, og eg er ikkje sikker på at dette er rett veg å gå, seier Ottersen.

Han meiner Noreg må satse på unge forskartalent, både norske og utanlandske.

– Vi må vere bevisste på å utvikle gode talent i Noreg. Og vi kan utnytte professor II-ordninga til å skape gode internasjonale nettverk og rekruttere utanlandske toppforskarar for ei avgrensa tid.

Ottersen trur at institusjonane i Noreg i framtida vil kunne bli meir attraktive for utanlandske forskarar:

– Når vi etter kvart får bygd opp meir avansert forskingsinfrastruktur, vil det kunne lokke folk til institusjonane. Vi bør også bli flinkare til å reklamere for det gode velferdssystemet vi har i Noreg.

Professor Toril Moi er einig.

– Noreg har ei flott moglegheit til å rekruttere par, yngre forskarar som vil ha eit familieliv samtidig som dei forskar. Dette er vanskeleg i utlandet, i alle fall i USA, der det er dårleg med foreldrepermisjon, seier Moi, som er professor i litteratur ved Duke University i Nord-Carolina, USA.

– Kva måtte til for at du flytta tilbake?

– Inntrykket mitt er at eg ville fått mindre fridom til å kontrollere tidsbruken min i Noreg. Det er svært viktig for meg å kunne styre tida mi. Vi jobbar så hardt vi kan her i USA, men det er ingen som fortel ein forskar at du må vere å kontoret. Det er noko med arbeidsforholda i Noreg som truleg ikkje ville vere fleksible nok, og som ikkje støttar det individuelle initiativet nok.

Eg er ikkje interessert i å flytte til eit miljø der eg må karre til meg lokale ressursar.

– Familien spelar ei rolle

Finn E. Kydland, som fekk nobelprisen i økonomi i 2004, meiner det ofte er tilfeldig om ein forskar vel å reise tilbake til Noreg.

– Familiesituasjonen spelar gjerne inn, og i dag er det jo ganske vanleg at minst to i familien må ha jobb, seier Kydland, som i dag er professor ved University of California i Santa Barbara, USA.

– For alle toppforskarar er det forskingsmiljøet som er det viktige. Dei må ha folk rundt seg som dei kan snakke med. Forskingsmiljøa i Noreg må invitere inn forskarar utanfrå. Det viktigaste med nobelprisen er at eg blir invitert så mange ulike stader i verda for å forelese. Eg besøker også Noreg, for eg har framleis ein professor II-stilling ved Norges handelshøgskole (NHH).

– Har du vurdert å flytte tilbake?

– Fagmiljøet mitt er det ikkje så stort i Noreg. Men eg tenkte på det ein gong i 1980-åra. Då søkte eg eit professorat ved NHH og vart innstilt som nummer éin. Men prosessen i Noreg tok sikkert 15 månader, så innan innstillinga kom, hadde eg fått jobb som professor ved Carnegie Mellon University i Pittsburgh, Pennsylvania. Eg valde å bli verande der på grunn av det gode forskingsmiljøet.

Men vil dei heim?

Som verdskjend nobelprisvinnar har Kydland kunna velje og vrake i jobbtilbod.

– Carnegie Mellon University har i alle fall gjort sitt beste for å få meg tilbake.

– Men har Noreg spurt deg?

– Nei, dei skjønar vel at den sjansen ikkje er så stor. Men viss eg ville tilbake, tipper eg at dei tok imot meg.

Sten Eirik Jacobsen vil bu i Sverige.

– Karolinska Institutet er eit veldig sterkt og ambisiøst universitet som no kjem til å satse stort innafor mitt forskingsområde. I tillegg skal eg framleis leie ei mindre forskargruppe her i Oxford.

Gro Amdam er fleire gonger blitt spurd om å kome tilbake til Noreg, men har ingen planar om å flytte.

– Eg er ikkje interessert i å flytte til eit miljø der eg må karre til meg lokale ressursar, og der eg skal kome i klinsj med andre forskarar som er redde for ressursane sine. Eg er van med kollegaer som ser stort på det. Eg ser at mange vitskapleg tilsette i Noreg er engstelege, og det gjer noko med folk. Den andre grunnen er som sagt at eg vil gå dramatisk ned i kjøpekraft, og må putte familien min i ei lita leilegheit utanfor Oslo. Det er uaktuelt.