Dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Annonse

Dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig stilling som dekan (åremålstilsetjing) for ein periode fram til 31.07.2025.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet skal bidra til å skape ny kunnskap, løyse samfunnsutfordringar og møte be­hovet for omstilling gjennom grunnleggjande forsking, utdanning, samarbeid på tvers av fag og disiplinar og større satsing på teknologi og innovasjon. Fakultetet har om lag 1 200 tilsette, sju institutt, eitt senter for framifrå forsking, to senter for framifrå utdanning og eitt for forskingsdreven innovasjon. Fakultetet har om lag 3 600 studentar på bachelor-, master og ph.d.-nivå. I 2021 forvaltar fakultetet eit grunnbudsjett på omlag 800 millionar kroner, samt eksternt finansiert aktivitet for om lag 500 millionar kroner. Du finn nærare informasjon om Det matematisk-naturvitskaplege fakultet her.

Dekanen er den øvste leiaren ved fakultetet med ansvar for fakultetet si samla verksemd og representerer fakultetet eksternt. Dekanen rapporterer til rektor og er med i rektor si leiargruppe. Dekanen er ansvarleg for fakultetet si samla ressursforvalting,  har budsjettansvar og det overordna HMS-ansvaret for fakultetet sine tilsette. 

Dekanen er næraste overordna for fakultetsdirektøren og instituttleiarane ved fakultetet.

Arbeidsoppgåver:

  • utvikle og implementere fakultetet si verksemd i tråd med UiB sin strategi
  • bidra til universitetet sitt strategiske arbeid og sørgje for at fakultetet har oppdaterte strategiar og handlingsplanar
  • leie og utvikle verksemda ved fakultetet med konsentrasjon om kjerneoppgåvene, med vekt på kvalitet i forsking, undervisning, innovasjon og formidling
  • vere sekretær for fakultetsstyret og førebu saker i samråd med ekstern styreleiar
  • skape ein positiv og involverande organisasjonskultur og sikre at både studentar og tilsette har eit trygt, inkluderande og stimulerande fag- og arbeidsmiljø
  • ha god kontakt med instituttleiarar og fagmiljøa ved fakultetet
  • sørgje for veleigna tekniske og administrative tenester og for effektiv drift av fakultetet
  • representere og posisjonere fakultetet og fremje internt og eksternt samarbeid
  • vere øvste arbeidsgjevaransvarleg og  sikre at tilsette vert høyrt og ivareta medbestemming

Vi søkjer ein person som har:

  • vitskapleg kompetanse på professornivå innanfor eit av fagområda ved fakultetet
  • god innsikt i forskings- og utdanningspolitikk, både nasjonalt og internasjonalt
  • visjonar for fakultetet si utvikling
  • leiarerfaring frå universitetsnivå og som kan vise til gode resultat
  • god innsikt i kunnskapsorganisasjonar og krava som vert stilt til administrative tenester og god økonomistyring
  • ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
  • evner til å skape tillit og byggje nettverk internt og eksternt

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Dekanen vert tilsett i åremål i fire år, frå 1. august 2021 eller etter avtale. Stillinga er plassert i kode 1474 – dekan. Løna vert fastsett etter avtale.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Rektor Margareth Hagen, tlf. nr. 55 58 20 02, mobil nr. 416 19 662, HR-direktør Sonja Dyrkorn, tlf. nr. 55 58 28 08, mobil nr. 481 62 687.

Om den som vert tilsett er ein ekstern søkjar, vil vedkomande bli vurdert for tilsetjing som professor i fagområdet sitt etter at åremålsperioden som dekan er ute.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 30. april 2021

Søknad sendes inn via jobbnorge.no

Søk på stillingen