Den brennande læraren
LUKK

BOKMELDING

Den brennande læraren

Av Lars Nyre

Publisert 12. mars 2013 kl. 13:11

Ei emosjonell utblåsing om undervisning, som er sårt tiltrengt.

den-brennande-l-raren

Fakta
 
Alexander Z. Ibsen og Christopher Rådlund
En sort bok om arkitektur. Hvorfor moderne arkitektur har blitt så stygg.
Dreyers Forlag Oslo, 2012
172 sider
Veil. pris. kr 349
 

 

Det er talent og hardt arbeid som gjer deg til ein god lærar. Dersom noko står på spel, er du nervøs når du snakkar, og då er sjansen stor for at du får elevane til å høyra etter og læra noko nytt.

Den siste tida har det kome ut fleire bøker som forsvarer lærarens rolle i undervisninga, og eg oppfattar dette som ein reaksjon på at posisjonen til læraren er vorten svekt over mange tiår. Alfred Oftedal Telhaug har stort truverde når han tek opp denne hansken. Han har arbeidd med undervisning i nesten 60 år, både praktisk i folkeskule og lærarskule og teoretisk på NTNU i Trondheim. Telhaug Oftedal står for ein «gamaldags» pedagogikk, i klar opposisjon til den progressive pedagogikken som har dominert sidan 1970-talet.

I dei fyrste kapitla posisjonerer han seg som tilhengar av «formidlingspedagogikk», men dei til dels dramatiske implikasjonane kjem ikkje fram. Her er det lange attgjevingar av til dels velkjent skulehistorie, der han går gjennom venstrestatens nasjonalistiske skule, Arbeidarpartiets einskapsskule, 1968-opprøret og postmodernisme. Eg byrjar å verta utolmodig og lurer på kva han eigentleg har å seia om kunsten å formidla.

Det kjem i andre halvparten av boka. Her går Oftedal Telhaug gjennom ei rekkje eigenskapar han meiner den gode formidlaren må ha, og han krydrar framstillinga med anekdotar om kjente journalistar, diktarar og prestar.

For å verta ein god formidlar må du ha eit medfødt talent for å skriva og fortelja, ha store ambisjonar og vera ekstremt uthaldande. Helst må du vera eksistensielt plaga på ein måte som gjer at formidlingsarbeidet vert ein personleg terapi. Kierkegaard er eit ideal for Telhaug Oftedal. Han skreiv «Et uhyre Tungsind, indre Lidelser af Sympathetisk art, Alt, Alt kunne jeg magte – naar jeg fik Lov at producere». Vidare må den gode formidlaren ha ei evne til å kunna vera åleine og halda ut keisemd over lang tid. Georg Brandes kunne sitja 14–16 timar ved skrivebordet, sjølv då han var over åtti år. Slik må også den moderne læraren vera!

Telhaug Oftedal skriv ei moraliserande bok, og ho er mindre prega av argumentasjon enn av oppelding. Du vert berre ein god formidlar dersom du brenn for det, eller lærer deg å brenna. Han refererer til det velkjente problemet med at mange doktorgradsstipendiatar ikkje vert ferdige med avhandlinga, og forklarer det med at dei ikkje har dei nødvendig «slitar»-eigenskapane. «Det vil si at de ikke finner seg til rette med å arbeide […] hardt og lenge og alene hver dag i tre eller fire år.» Også i skuleverket vik ein unna mangelen på motivasjon hjå elevane gjennom å fokusera på «kreativ skriving» og andre arbeidsformer som gjer at elevane kan eksperimentera i den retninga dei vil. Læraren har ikkje lov til å pressa på.

Telhaug Oftedal si emosjonelle utblåsing er sårt tiltrengt i litteraturen om læring. Som lærar på universitetet har eg irritert meg over forventninga frå pedagogane (og studentane) om at den lærande sitt uttrykksbehov og talent styrer kva som kan lærast, medan kunnskapane til læraren kjem i andre rekke. Eg synest det er forfriskande at Telhaug Oftedal legg så stor vekt på formidlingstalentet og engasjementet til læraren. Det er læraren som må vera sjefen. Kva i all verda skulle ha vore alternativet?