Den gløymde forskinga
LUKK

Den gløymde forskinga

Av Johanne Landsverk

Publisert 31. august 2011 kl. 09:00

Korleis styrke den vitskaplege publiseringa ved norske museum? Tilsette saknar tiltak.

Fakta
<

– Sidan museumspublikasjonane våre ikkje er del av teljekantsystemet, får ikkje forskingsproduksjonen vår plassen han fortener, seier Birgitte Sauge, forskingskoordinator ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Ho seier at museumsforskinga fram til no er halden utanfor Cristin, den nasjonale databasen som skal samle og gje informasjon om norsk forsking.

– Dette er kritikkverdig, og vi er i dialog med Cristin om dette no, seier Sauge.

Musea bestemmer

Ho er ikkje aleine om å meine at museumsforskinga må bli meir synleg. Publisering av artiklar gjev ikkje økonomisk utteljing for museum under Kulturdepartementet, men mange spør seg om ikkje departementet likevel burde oppmuntre til vitskapleg produksjon.

– Forsking er viktig, men ikkje hovudoppgåva til musea, seier statssekretær Lubna Jaffery i Kulturdepartementet. Ho meiner det er opp til kvart einskild museum kor mykje dei vil satse på forsking.

– Dei fleste musea er autonome stiftingar med statleg tilskott, og musea bestemmer sjølve kva dei skal satse på, seier ho.

Men Sauge meiner at både Kulturdepartementet og Norsk kulturråd må sjå nærare på problematikken rundt vitskapleg publisering i musea.

– Dette må løftast opp frå institusjonsnivå. Departementet er oppteke av at det museumsfaglege skal styrkast, men ved tildeling av midlar til musea blir det ikkje teke omsyn til forskingsproduksjon, og vi får ingen eksplisitte føringar når det gjeld forsking, bortsett frå at det blir forventa at vi aukar aktiviteten. Eg meiner det bør bli ein betre dialog mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet på dette området, seier Sauge.

– Viktig å bli anerkjende

Av i alt åtte publikasjonar utgitt av Nasjonalmuseet i 2010 var seks fagfellevurderte.

– Utstillingane er den viktigaste utoverretta verksemda ved museet, og ein del av utstillingskatalogane våre er forskingsbaserte. Ein annan sjanger er katalogar som tek utgangspunkt i samlingane. Vi etterstrever at desse katalogane skal halde vitskapleg mål, og ifølgje forskingspolitikken ved Nasjonalmuseet skal vitskaplege publikasjonar følgje dei same kriteria som i universitets- og høgskolesektoren. Dette er viktig for at musea skal bli anerkjende som forskingsinstitusjonar, men førebels er ikkje desse museale publiseringskanalane innanfor godkjenningssystemet. Når det gjeld produksjon av artiklar, er det særleg det kunsthistoriske tidsskriftet Kunst og Kultur og årboka Arkitektur i Norge som er aktuelle for oss å publisere i. Begge er godkjende på nivå 1.

– Artiklar bør premierast

Mads Ravn, forskingssjef ved Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger (UiS), meiner god forsking burde premierast høgare.

– Om målet er å oppnå meir forsking ved musea, bør Kulturdepartementet lære av Kunnskapsdepartementet. Det må setjast i verk tiltak, som for eksempel premiering av vitskaplege artiklar, seier Ravn.

Han fortel at Arkeologisk museum også tidlegare prioriterte forsking, og dei tilsette ved museet har alltid hatt 20 prosent forskingstid.

– Men etter at museet vart ein del av UiS, har vi femdobla forskingsinnsatsen, ikkje minst fordi vi no får utteljing for poenggjevande forsking. Etter eitt år som universitetsmuseum vart talet på publiseringspoeng meir enn fordobla. Sjølv om det ikkje er snakk om så mange teljekantmidlar, får vi tilbakeført pengar til museet. Det er ingen tvil om at publiseringssystemet er ei gulrot og eit insitament for forskarane. Som universitetsmuseum har vi også fått lettare tilgang til forskingsmidlar gjennom Forskingsrådet og frå universitetet. Ravn fortel at UiS har sett av to millionar i året til å stimulere til god forskingsformidling gjennom til dømes artiklar, kronikkar og foredrag.

Saknar konkrete tiltak

Ifølgje Kari Telste, forskingskoordinator ved Norsk Folkemuseum, har dei vitskapleg tilsette ved museet rett og plikt til 30 prosent forskingstid.

– Både i museumsmeldinga og i skriv frå Kulturdepartementet står det mange fine ord om kor viktig det er med forsking, og i den årlege innrapporteringa skal vi gje opp kva vi har gjort på forskingsområdet. Men Kulturdepartementet stiller ingen krav, og eg saknar konkrete tiltak for å stimulere til forsking og produksjon av vitskaplege artiklar, seier Telste.

Ho fortel at Norsk Folkemuseum no er i gang med fleire store utstillingsprosjekt fram mot grunnlovsjubileet i 2014.

– I samband med desse utstillingane ønskjer vi å knyte til oss ei referansegruppe utanfrå for å sikre at formidlinga blir forskingsbasert. Målet er også å produsere vitskapleg godkjende utstillingskatalogar.

Meir fagfellevurdering

Ifølgje Telste er målet at alle som har forskingstid i stillinga, skal publisere minst éin artikkel i året i eit godkjend vitskapleg tidsskrift.

– Mange tilsette skriv også fagartiklar i By og bygd, årboka til Norsk Folkemuseum. Årboka er ikkje godkjend som vitskapleg tidsskrift, men vi diskuterer i desse dagar om vi skal begynne med fagfellevurdering av artiklar. Berre på den måten kan vi synleggjere forskingsstatusen ved museet, seier ho.

Norsk Maritimt Museum har utvikla årboka til å bli både eit populærvitskapleg og vitskapleg tidsskrift.

– I årboka frå 2009 innførte vi fagfellevurdering av nokre av artiklane, som er skilde ut som eigen seksjon i boka. Denne seksjonen er godkjend som vitskapleg publiseringskanal på nivå 1 i det nasjonale krediteringssystemet. Vi har alltid hatt som mål at artiklane i årboka skal halde eit høgt fagleg nivå, og ved å produsere både folkelege og vitskapleg godkjende artiklar får vi stoff som svært mange kan lese, seier museumsdirektør Per G. Norseng.

Han fortel at dei fleste fagfellane kjem frå UH-sektoren, men museet har også nytta forskarar frå museumssektoren.

– Både tilsette ved museet og andre forskarar kan publisere hjå oss, og det er vorte meir motiverande å publisere i årboka no, fordi det gjev publiseringspoeng. Etter kvart trur eg det kan bli vanskeleg å få folk frå UH-sektoren til å skrive i publikasjonar som ikkje er godkjende, seier han.

– Musea må ta ansvar

Liv Ramskjær er seniorrådgjevar i Norsk kulturråd og arbeider med forsking i musea.

– Alle museum kan søkje om godkjenning av årbøker som vitskaplege publikasjonar, slik Norsk Maritimt Museum har gjort. Men museum under Kulturdepartementet får jo ikkje økonomisk utteljing for dette, seier Ramskjær, som fortel at mange museumstilsette har gjeve uttrykk for at ein ikkje burde skilje mellom universitetsmuseum og andre museum på dette området.

– Musea må sjølve ta ansvar for å gjere forskinga synleg. Ein kan godt bli synleg sjølv om forskingsartiklane ikkje gjev publiseringspoeng, seier ho.

– I museumsmeldinga er det lagt vekt på å styrke museumsforskinga, men vi har ei utfordring når det gjeld å styrke vitskapleg produksjon. Vi ser at mange museumstilsette er svært bevisste på å få artiklar inn i fagfellevurderte tidsskrift, nasjonalt eller internasjonalt, seier ho.

– Men burde då alle museum bli del av teljekantsystemet?

– KD har sett av midlar til vitskapleg publisering ved universitetsmusea som inngår i finansieringssystemet i UH-sektoren. Per i dag har ikkje Kulturdepartementet løyvd midlar til dette formålet. Det blir opp til den nye leiinga i Norsk kulturråd å vurdere om dette er noko som ein bør ta opp med Kulturdepartementet, seier Ramskjær.


Denne saka er henta frå papirutgåva av Forskerforum nr. 7/10. Heile bladet kan ein lasta ned som pdf her