Det er ei tid for alt. Utanom forsking.
LUKK

Det er ei tid for alt. Utanom forsking.

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør for Forskerforum

Publisert 24. mai 2019 kl. 10:50

At tid til forsking er under press, er gamalt nytt. No kan forskingstida òg vere ein rein salderingspost.


Kvifor var det ein skulle verte forskar att? Det er interessant og gjevande, det kan vi vere samde om, men utover det? No hugsa eg det: Det var løna. Det ein tener som forskar i akademia, set privat sektor i skuggen. Nei, no blanda eg, sjølvsagt er det motsett.

Utsiktene til ein trygg jobb var det. I forsking må ein arbeide langsiktig for å få dei beste resultata, såpass har vi fått med oss. Derfor er arbeidsgjevarane alltid tidleg ute med å tilby faste stillingar til dei dedikerte, lovande rekruttane. Nei, himmel og hav så sløvt, eg forveksla ynsketenking med realitetar.

Det var den godt verna tida til forsking eg tenkte på. Når ein har kvalifisert seg til å få ei forskarstilling, er ein i det minste garantert ei føreseieleg og rundhanda tid til å gå i djupna på problemstillingar, iallfall like mykje som kollegaer i same stilling. Endeleg fann eg løysinga.

Men så kom eg over førre utgåve av Forskerforum. Der fann eg ei sak om skeivfordeling av forskingstid ved NTNU. Folk i same stilling, ved same institutt har ikkje like mykje tid til forsking. Grunnen er historisk, eller snarare manglande oppgjer med historia: Tilsette som kom frå Høgskulen i Sør-Trøndelag vart ståande i vilkåra derfrå, medan kollegaene frå gamle NTNU fekk behalde meir forskingstid. Ein fyrsteamanuenis ved Institutt for lærarutdanning har ei 50‑50-fordeling av tid til forsking og undervising etter at resten av arbeidsoppgåvene er trekt frå. Dette gjeld dei som var så heldige å vere tilknytt NTNU før fusjonen. Dei simplare høgskulefolka i same stilling har 20 prosent forskingstid. For eventuelt å få meir, må dei prove seg verdige gjennom søknadsrundar.

Nord universitet har nettopp opplevd eit åtak på tida til forsking. Universitetet må spare pengar, og styret har bede om at forskingstida vert differensiert, fortel dekan Egil Solli ved Fakultet for lærarutdanning, kunst- og kulturfag. Ved Nord universitet har fyrstelektorane hatt inntil 30 prosent tid til FoU, fyrsteamanuensane 40 prosent, dosentane og professorane 50 prosent. Men no «skjerpes greiene», ville DumDum Boys ha sagt: Etter eit styrevedtak ved dette fakultetet, kan professorane frå hausten av få ned til 10 prosent forskingstid! Teljekantane – dei pengeutløysande poenga universitet og høgskular får gjennom vitskapleg publisering – skal brukast på personnivå: Ein gjer seg fortent til forskingstid ved å kunne vise til publisering av eit visst omfang. Professor Idar Kjølsvik ved fakultetet kallar vedtaket «ekstremt», og trur det vil skremme folk frå å kome til dette universitetet. Det er òg umogeleg å ikkje peike på dette paradokset: Medan styret ved Nord universitet står i eitt hjørne og krev innsparing, står Nokut i eit anna hjørne og ropar på kvalitet og kompetanse. Nord må gjere seg fortent til universitetsstatusen.

Eit heilskapleg system for fordeling av forskingstid har sprukke opp for lengst. Fram til 2007 var hovudregelen 50–50-fordeling av tid til forsking og undervising ved universiteta og 25‑75 ved høgskulane. Etter bortfallet av ordninga, bestemte institusjonane sjølve. Ei undersøking Forskerforbundet gjorde i 2012 avdekte eit lappeteppe av sentrale og individuelle avtalar. Mange tillitsvalde hadde problem med få på det reine kva prinsipp som gjaldt ved eigen institusjon. Kor mykje du publiserte, kva stillingskategori du var i, kva fag du tilhøyrde; alt dette kunne avgjere kor mykje forskingstid du hadde. Og medan retningslinene kunne tilseie ei viss fordeling, kunne praksisen avvike frå desse. Det er lite grunn til å tru at systema har vorte meir konsistente og rettvise sidan den gongen.

Forskerforbundet har eit mål om at stillingane professor, dosent, fyrsteamanuensis og fyrstelektor skal ha lik fordeling av forsking og undervising når andre oppgåver er trekte frå, medan andre kombinerte stillingar skal ha 30 prosent forskingstid. Det er ein lang veg fram, og han vert stadig lengre.

Men no hugsa eg endeleg grunnen til å verte forskar: Den gunstige arbeidstida. Fridomen er stor til å utfalde seg med topp intelligent forsking langt utover kveldar, i helger og feriar. Tenk deg til dømes ein langfredag: Det lyser i hytter på aude stader av forskarar som skal ha ferdig artikkelen sin, nei ein søknad om prosjektstønad var det. Men ingen kan ta frå dei ljoset. Eg ser då at det lyser. Eg trur eg må kalle det leitingas ljos.

  • Les også: