Det vanskelege studievalet

Av Johanne Landsverk

Publisert 8. mars 2018

Ingen kan spå sikkert kva kompetanse Noreg vil trenge. Bør nokon likevel bestemme kva dei unge skal studere i framtida?

Det er måndag morgon, og det snør tett på Blindern i Oslo. Inne på realfagbiblioteket blir det jobba hardt. Masterstudentane rundt bordet har valt å studere farmasi ved Universitetet i Oslo (UiO). Og dei har gode utsikter til å få jobb.

– Når vi studerer eit fag i så mange år, vil det vere utruleg kjipt om vi ikkje får jobb etterpå. Så vi bør ha ei fornuftig form for regulering av studietilboda, seier Sara Moen, som går første året av den femårige farmasiutdanninga.

FARMASI: – Vi har tenkt mykje på om vi vil få jobb, seier masterstudentane i farmasi. Frå venstre: Sophie Despriée, Sara Moen, Linda Lindstad og Håvard Hoel. Foto: Erik Norrud

På Sagenehjemmet, på ein annan kant av Oslo, er Vilde Wesenlund Molvær snart ferdig med praksisperioden. Ho går første året ved sjukepleieutdanninga ved Oslomet – storbyuniversitetet.

– Eg har lyst til å jobbe med menneske. Eg kunne aldri ha valt eit yrke eg ikkje likte. Så for meg er det berre ein bonus om det blir lett å få jobb, seier Molvær.

Ved UiO har Cecilie Baann nyleg avslutta studiane i sosialantropologi.

– Eg er førebudd på at eg inntil vidare må ta ein heilt annan jobb. No søkjer eg på ph.d.-prosjekt, og det tek veldig lang tid. Det er ikkje så mange doktorgradsstillingar der ute, seier ho.

Desse tre, som har teke heilt forskjellige studieval, har også ulike jobbutsikter. For tida blir det snakka mykje om kva kompetanse arbeidslivet vil trenge i framtida, og spørsmålet er om systemet for dimensjonering av høgare utdanning er godt nok:

Burde det vore sterkare nasjonal styring av tilboda? Og burde næringslivet få bestemme meir?

SJUKEPLEIAR: – Ein må vere glad i menneske om ein vil bli sjukepleiar, meiner Vilde Wesenlund Molvær. Her i prat med Ella Margrethe Fuglseth på Sagenehjemmet i Oslo. Foto: Erik Norrud

Vanskeleg å spå

I dag står utdanningsinstitusjonane i hovudsak fritt til å opprette eigne studietilbod, men i tillegg opprettar staten ekstra studieplassar på område samfunnet treng.

Spørsmålet om dimensjonering har vore diskutert av ekspertar og politikarar mange gonger tidlegare, og seinast i 2015 konkluderte eit ekspertutval med at dimensjonering av høgare utdanning stort sett fungerer godt, og at studentane i hovudsak vel studium i tråd med behovet i arbeidsmarknaden. Likevel har regjeringa sett i gang eit arbeid for å sjå på systemet for dimensjonering av studieplassar.

Regjeringa har også sett ned eit kompetanserådutval, og i den første rapporten konkluderte utvalet med at det er svært vanskeleg å seie noko sikkert om kva typar kompetanse Noreg vil få behov for i tida framover.

Det som er sikkert, er at behovet for arbeidskraft vil endre seg raskt.

– Ein kan ikkje seie på førehand når konjunktursvingingane i dei ulike næringane kjem, men dei vil kome, seier Steinar Holden, som er leiar i utvalet.

Han nemner IKT som eit fagområde med store svingingar, medan det innanfor helse og sjukepleie er stabilitet og store behov.

– «Alle» får seg ein jobb

Så at sjukepleiestudentar får jobb, er nok ganske sikkert. Ifølgje framskrivingane til Statistisk sentralbyrå blir det stor mangel på sjukepleiarar og helsepersonale i åra framover.

Sjukepleiestudent Lars Baastad er også ute i praksis på Sagenehjemmet. Han har jobba både i heimetenesta og på sjukeheim før han vart sjukepleiestudent.

– Som pleieassistent utan fagutdanning er arbeidsmarknaden usikker, så eg ville gjerne kome vidare. Skal ein utvikle seg innanfor helsevesenet, er jo sjukepleieutdanning veldig bra, seier Baastad, som etter kvart ser for seg ei leiarstilling i helsevesenet.

Men ikkje alle kan vere like sikre på valet.

SJOKK: – Mange sjukepleiestudentar får litt sjokk, og ein del sluttar etter eit halvt år, seier Vilde Wesenlund Molvær og Lars Baastad. Foto: Erik Norrud

Spesialkandidatundersøkinga frå 2017, som er utført av Nordisk institutt for studiar av forsking, innovasjon og utdanning (Nifu), viser i kva grad personar med masterutdanning er mistilpassa i arbeidslivet tre år etter ferdig utdanning i 2014.

Er dei blitt arbeidsledige, undersysselsette, eller jobbar dei med oppgåver som ikkje er relevante?

– Tre år etter fullført utdanning er det ikkje så mange som er mistilpassa, særleg ikkje om vi samanliknar oss med mange andre land. Det er nok også ein faktor at vi har hatt låg arbeidsløyse her i landet. «Alle» får seg ein jobb, seier Nifu-direktør Sveinung Skule.

Mest mistilpassa er dei med utdanning innan humanistiske og estetiske fag. Meir overraskande er det at mange realistar går arbeidsledige i 2017.

– Næringslivet har ofte ropa høgt om at vi treng fleire ingeniørar og realistar, men det er stor forskjell på realistgruppene. Nedgangen i oljenæringa førte til at mange av sivilingeniørane i 2015 strevde med å få jobb, men for dei som vart utdanna i 2014, har det gått bra etter tre år. Realistane derimot har ein forverra situasjon i 2017 enn ved tilsvarande undersøking for eit par år sidan.

– Har regjeringa bomma med alle realfagskampanjane sine?

– Ein må skilje mellom realfag og ingeniørutdanning. Profesjonsretta utdanningar, som sivilingeniørar, juristar og psykologar, klarar seg bra på arbeidsmarknaden, men dei disiplinorienterte faga har større problem, og det gjeld også realfag.

Ville bort frå olja

Difor er ikkje masterstudentane på realfagsbiblioteket bekymra for framtida. Dei utdannar seg til farmasøytar, og er nøgde med å få ein profesjon.

– Eg såg ein reklamefilm om at Noreg har for få farmasøytar, og at dette var eit ganske sikkert yrkesval. Men eg valde studiet fordi eg hadde lyst. Eg har alltid synst at biologi og kjemi var dei kjekkaste faga, seier Håvard Hoel.

Han er frå Stavanger, og mange av venene hans planla studium innanfor olje- eller petroleumsfag.

– I dag er det nok ein del som har ombestemt seg. Sjølv har eg vore tydeleg på at eg ikkje vil jobbe i oljeindustrien. Eg har prøvd å styre litt bort frå det foreldra mine gjer. Dei jobbar begge i olja.

Ved UiO har Cecilie Baann levert masteroppgåva i sosialantropologi. Ho begynte på studiet av rein interesse, og var klar over at det kunne bli vanskeleg å få jobb før ho starta på utdanninga.

Ifølgje Nifu-undersøkinga slit nyutdanna sosialantropologar på arbeidsmarknaden.

– Eg visste at det kan bli vanskeleg å få jobb, seier Cecilie Baann, masterstudent i sosialantropologi. Foto: Erik Norrud

I 2017, nærare tre år etter eksamen, var 29 prosent av dei mistilpassa.

– Eg visste at det ville bli mange søkjarar til dei jobbane som interesserer meg. Men eg hadde så utruleg gode førelesarar som gjorde at eg fekk lyst til å fortsetje med faget. Ønsket mitt er å bli forskar, seier Baann.

Ho meiner hovudproblemet med mistilpassinga ligg i finansieringssystemet, som påverkar korleis universiteta utformar studieprogramma, og korleis ulike program blir prioriterte.

– Så lenge det er såpass høge søkjartal på samfunnsvitskaplege fag, lønner det seg for institutta å tilby desse programma. Samtidig vil ikkje søkjartala halde seg høge om studentane er misnøgde med studiet eller med jobbutsiktene i etterkant av utdanninga, seier Baann.

Instituttleiar Knut G. Nustad ved Sosialantropologisk institutt ved UiO er ueinig i at instituttet utdannar til arbeidsløyse.

– Som undersøkinga også seier, svingar tala mykje for små grupper. Tala er svært usikre.  Men mange ønskjer seg akademiske jobbar, som det er svært få av. Studentane våre får relevante jobbar etter kvart. Det vil berre ta litt tid, seier Nustad.

– Likevel tek vi dette svært alvorleg, og instituttet arbeider aktivt med å tilby studentane praksis i arbeidslivet, mellom anna gjennom eigne praksiskurs.

– Det er ikkje sikkert at studieprogrammet du begynte på, er like relevant etter fem år.

 – Bør velje fritt

Sjølv om nokre utdanningar skårar høgare på mistilpassing til arbeidslivet enn andre, meiner ikkje professor Bjørn Stensaker ved UiO det er grunn til krisemaksimering.

STYRE: – Det er ingen grunn til at staten skal styre meir enn i dag, seier Bjørn Stensaker. Foto: Erik Norrud

– I Noreg har vi i stor grad late studentane velje fritt kva dei ønskjer å studere, og kva yrke dei ønskjer å jobbe innanfor. Og historisk sett har dette gått veldig bra, seier Stensaker, som også jobbar som forskar ved Nifu.

Han ser ingen grunn til at studentane ikkje skal få fortsetje med frie studieval.

– Ein kan også spørje om styresmaktene er særleg mykje betre til å spå om kompetansebehovet i framtida enn andre.

Stensaker ser ikkje noko behov for at staten skal styre meir enn i dag.

Kompetansedirektør Are Turmo i NHO er på si side oppteken av at NHO bør ha større påverknad på utdanningane i form av samarbeid. Han viser til at tilgangen på kompetent arbeidskraft berre delvis følgjer etterspørselen.

– Vi er opptekne av tettare samarbeid mellom akademia og arbeidslivet, til dømes gjennom Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA), som dei siste åra er oppretta ved institusjonane. Dette er ein viktig møteplass, blant anna for dialog om endring av studietilbod eller nye studietilbod ut frå behovet for arbeidskraft, seier han.

NHO vil at Noreg særleg skal utdanne fleire innan naturvitskap, teknologi, ingeniørfag og matematikk. Men Stensaker meiner biletet i Noreg i hovudsak ser ganske bra ut.

– Det vil alltid vere ein ubalanse mellom utdanningssystemet og det næringslivet til kvar tid har behov for, og det er naturleg. Den perfekte match vil vi aldri kunne få, blant anna fordi ordinære utdanningar i dag gjerne tek tre–fem år. Og det er ikkje sikkert at studieprogrammet du begynte på, er like relevant etter fem år.

Stensaker meiner institusjonane ikkje berre må vere opptekne av det nyaste innanfor kunnskap.

– Dei må fokusere endå meir på studentane si evne til å tileigne seg ny kunnskap, dei må lære å bli analytiske og sjølvstendige. Det er denne forma for kompetanse som arbeidslivet skrik etter.

Han viser til at vi i Noreg allereie har ein del styringsreiskapar, som til dømes utviklingskontraktane som staten er i gang med å innføre.

– Dette vil vere ei mjukare form for styring, ein dialog med kvar einskild institusjon. Regionane i Noreg er svært ulike med tanke på kva for kompetanse næringslivet spør etter. Difor må universiteta og høgskulane, saman med studentane, framleis kunne vere med på å bestemme studietilboda.

Ønskjer ikkje danske tilstandar

Eit eksempel på land som har teke meir politisk kontroll over dimensjoneringa av utdanningane, er Danmark. Sverige har eit finansieringssystem som liknar på det norske, ved at institusjonane i stor grad bestemmer studietilboda sjølve, men danskane har eit meir sentralisert regime.

– I Danmark har staten snevra inn studietilbodet på nasjonalt nivå. Nasjonale styresmakter har særleg stramma inn på kvotar og fagtilbod i ulike humanistiske fag, seier Stensaker, som er ekspert på høgare utdanning i Skandinavia.

YRKESTITTEL: – Det er veldig bra at vi får ein yrkestittel, meiner farmasistudent Linda Lindstad (i midten). Her saman med Sara Moen og Håvard Hoel. Foto: Erik Norrud

– Danmark har også innført eit akkrediteringssystem der lærestadene må sannsynleggjere at det er ein arbeidsmarknad for studietilbodet. Dette har vi innslag av i Noreg også, men i Danmark blir det praktisert strengare.

– Fungerer dette med tanke på arbeidsløyse?

– Humanistane får seg i alle fall jobb i Danmark, og arbeidsløysa er ikkje spesielt høg innanfor høgare utdanning. Sjølv om vi finn nokre variasjonar, er biletet relativt likt i Noreg.

Nifu-direktør Sveinung Skule har inga tru på den hardhendte dimensjoneringspolitikken til danskane. Men han meiner institusjonane i Noreg bør samarbeide meir med næringslivet.

– Ein bør sørgje for at nokre utdanningar blir meir relevante for arbeidsmarknaden. Ved Det matematisk-naturvitskapelige fakultet ved UiO er det for eksempel innført eit såkalla utviklingssemester, som blant anna kan nyttast til praksis. Vi veit frå tidlegare forsking at dei som har hatt kontakt med arbeidslivet av litt meir omfattande karakter undervegs i studiet, har lettare for å få jobb.

– Kanskje er ungdomen sine eigne val ein god indikator for framtida.

Saknar politiske signal

På Sagenehjemmet i Oslo er det stille ettermiddag, og Vilde Wesenlund Molvær slår av ein prat med ein av bebuarane.

­– Ein sjukepleiar må vere glad i menneske. Eg trivst veldig godt i dette yrket, og eg hadde praksis ved ein sjukeheim før eg begynte på utdanninga ved Oslomet, fortel Molvær.

Og ho er ikkje aleine om å gå den vegen. Sjukepleie er ikkje berre eit av dei få sikre yrkesvala.

– Det er det mest ettertrakta studiet vi har, fortel rektor Kathrine Skretting ved Høgskolen i Innlandet.

ETTERTRAKTA: Sjukepleie er av dei mest ettertrakta studiet Høgskolen Innlandet har, fortel rektor Kathrine Skretting. Foto: Gro Vasbotten/HiL

– Særleg dei siste åra har det vore eit stort trykk på sjukepleiefaget. Men fleire ting set grenser for å auke studentopptaket i faget, blant anna tilgangen på praksisplassar. Så om politikarane vil auke opptaket av studentar, er det også eit spørsmål om tilgang på praksisplassar i regionen.

Ho meiner institusjonane treng handlingsrom.

– Det at vi kan fatte vedtak lokalt, gjev ei god styring. Men eg saknar stundom politiske signal om kva samfunnet treng, for eksempel om fordeling av arbeidsoppgåver og studietilbod.

Skretting er oppteken av at institusjonane må bli tydelege på kva jobb studentane kan få etter eit studieløp.

– Eg merkar ei endring hjå studentane. For nokre år sidan høyrde eg sjeldan at dei spurde: Kvar kan eg få jobb med dette faget? Men i dag vel ikkje dei unge utdanning berre ut frå interesse.

– Dette vil vel påverke studietilbodet?

– Ja, og kanskje er ungdomen sine eigne val ein god indikator for framtida.