Droppar «praksisprofessor»: – Vi skal ikkje endre på krava til kva ein professor er
LUKK

Droppar «praksisprofessor»: – Vi skal ikkje endre på krava til kva ein professor er

Av Johanne Landsverk

Publisert 4. juni 2019 kl. 12:27

Statsråd Iselin Nybø vil ikkje innføre ein ny kombinert forskar/lektor-stige, og heller ikkje «praksisprofessor», slik Underdal-utvalet foreslår.

– Vi støttar statsråden fullt og heilt når ho legg desse forslaga til side. Forslaget frå Underdal-utvalet om ein kombinert forskar/lektor-stige tek ikkje tak i sjølve kjernen i problemet vårt, som er knytt til karriereløp for forskarar med ekstern finansiering, seier rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen (UiB).

Det er over eitt år sidan Underdal-utvalet, som vart leia av Arild Underdal, kom med framlegg om ny stillingsstruktur ved universitet og høgskular. Eitt av forslaga var å innføre eit kombinert forskar/lektor-stige, som eit alternativt karriereløp til professorstigen. Dette var meint som ein fleksibel karrierestige med glidande overgangar mellom forsking og undervisning, og som skulle kombinere trekk frå dagens dosentstige. Utvalet foreslo å fase ut dosentløpet.

Utvatning av professor

På grunnlag av høyringssvara frå sektoren har statsråd Iselin Nybø bestemt seg for å ikkje gå vidare med forslaget, og i ei pressemelding uttaler ho at høyringsprosessen heller ikkje gjev grunnlag for å gå vidare med det konkrete forslaget om «praksisprofessor».

Rektor Olsen støttar statsråden, og meiner at ein «praksisprofessor» vil vere ei utvatning av professoromgrepet.

– Det er stort behov for å få fleire frå arbeidslivet inn i utdanninga, men i motsetning til ein del andre land har vi for få med doktorgrad i arbeidslivet til at vi kan etablere ei ordning med praksisprofessor. Vi skal ikkje endre på krava til kva ein professor er, og difor ønskjer vi ikkje dette, seier han.

– Heller ikkje UHR ønskte å gå vidare med forslaget om «praksisprofessor», seier Mari Sundli Tveit. Foto: NMBU







Leiar i Universitets og høgskulerådet (UHR) Mari Sundli Tveit, seier at heller ikkje UHR har ønskt å gå vidare med forslaget om praksisprofessor. Men UHR har ikkje vore absolutt imot forslaget om ein forskar/lektor-stige.

– Vi var skeptiske til «betegnelsen», og stigen trong noko meir utgreiing før han kunne brukast, seier Sundli Tveit.

Leiar Guro Elisabeth Lind i Forskerforbundet er ikkje overraska over at regjeringa legg bort forslaget om ein kombinert forskar/lektor-stige.

– Dette forslaget har vore veldig omdiskutert, og sektoren har kome med svært ulike innspel. Så dette var ikkje overraskande, seier ho.

– Svært positivt til utgreiing av postdoktor

Forslaget frå  Underdal-utvalet om å snevre inn postdoktorstillinga til å bli ei reell kvalifiseringsstilling har fått brei støtte i høyringa. Nybø vil difor greie ut behovet for å endre føringane for bruken av postdoktorstillingar.

– Vi er svært positive til at postdoktorproblematikken nå skal greiast ut vidare, seier Lind. – Det er også bra at statsråd Nybø er så klar og tydeleg på å gjere noko med mellombelse stillingar, for det er dette sektoren treng no.

– Det er veldig bra at postdoktorstillinga skal greiast ut vidare, seier Guro Elisabeth Lind. Foto: Aksel Kjær Vidnes

Også UiB-rektor Olsen er einig med statsråden i at postdoktorstillingane no skal utgreiast vidare.

Sundli Tveit seier at UHR støttar ei reindyrking av postdoktorstillinga.

– Men vi har foreslått å utvikle to variantar: ein i tråd med internasjonal praksis retta mot forskarar som har ambisjon om vidare karriere ved en annan institusjon, og ein for dei som skal kvalifisere seg til fast stilling ved institusjonen. I sistnemnde tilfelle meiner vi at innstegsordninga bør brukast. 


– Fagstøttestilling må bli meir tydleg

Underdal-utvalet kom også med forslag om ein eigen fagstøttestige, og også dette skal utgreiast vidare i samråd med institusjonane.

– UHR meiner forslaget om en eigen fagstøttestige er interessant, men stillinga bør gjerast meir tydeleg, og bruken må greiast ut nærare, både når det gjeld gråsoner mot andre stillingsstigar, og når det gjeld kva for tilsettegrupper dette skal gjelde for, seier Sundli Tveit.

Underdal-utvalets forslag til karrierestigar:

Professor-stigenForsker/lektor-stigenFagstøtte-stigen
FakultetsprofessorFakultetslektorFakultetsforskerFagansatt 1 (lederstilling)
ProfessorSeniorlektorSeniorforskerFagansatt 2 (seniorstilling)
FørsteamanuensisFørstelektorForskerFagansatt 3
LektorForskningsassistent