Dyster diagnose
LUKK
Annonse
Annonse

BOKMELDING

Dyster diagnose

Av Lars Nyre

Publisert 6. september 2013 kl. 07:00

Dersom ein tenkjer på Sherlock Holmes og lojalitet mot dronninga, bommar ein kraftig på gjennomsnittslivet i Storbritannia i dag.

dyster-diagnose

Fakta
<

Det britiske samfunnet har endra seg på grunn av aukande innvandring og rå marknadskapitalisme, og kritikarar snakkar om «Broken Britain». I denne boka set Øyvind Bratberg ein dyster diagnose på Storbritannia i vår tid. Bratberg er postdoktor ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo, og Skyggebilder av Storbritannia er basert på forskinga hans dei siste åra.

Bratberg viser overtydande at Storbritannia ikkje lenger passar inn i det tradisjonelle biletet som mange enno litt umedvite knyter til landet. Dersom ein tenkjer på Sherlock Holmes, fish og chips på puben og verdiar som lojalitet mot dronninga, hardt arbeid og respekt for eldre, ja då bommar ein kraftig på gjennomsnittslivet i Storbritannia i dag.

Under studentdemonstrasjonane i 2010 vart bilen til prins Charles og hertuginne Camilla angripen og oversprøyta med måling, og dette er eit godt bilete på haldningsendringane. Den store innvandringa er kontroversiell. Folketettleiken i dei store byane aukar jamt, og særleg høgresida meiner innvandringa skapar press på helse- og sosialtenestene. Bratberg fortel om finanskrisa og den påfølgande «austerity»-politikken frå 2008, som gjer at folk må arbeida endå lenger, med lågare lønn og dårlegare jobbsikkerheit enn før. Den britiske sjølvkjensla er også under press, kanskje særleg fordi Skottland vil gjera seg uavhengig. Det siste kapitlet er meir positivt, og skildrar den nasjonale forsoningsprosessen som oppstod under OL i London i 2012.

Eg lærer mest om Storbritannia når Bratberg samanliknar med Noreg. Der Noreg regulerer lønsnivå og marknad på ein sosialdemokratisk måte, har Storbritannia ein «timeglasøkonomi» med godt lønte jobbar på toppen og dårleg lønte jobbar på botnen. Marknaden er så fri at det går ut over både arbeidar- og middelklassen. Bratberg får godt fram Storbritannias særpreg gjennom slike samanlikningar, og det fungerer også bra i diskusjonen av EU.

I sum er boka likevel for laust strukturert til å vera verdifull som ei lærebok eller eit oppslagsverk om det moderne Storbritannia. Bratberg skriv essayistisk, med stadige utdjupingar og digresjonar som ikkje hjelper han med å få fram eit heilskapleg argument, sjølv om alt han skriv, er leseverdig.

Eg forstår godt at Bratberg ikkje klarer å dra tydelege konklusjonar om britisk politikk. Eg bur for tida i London, og las boka hans samstundes som eg følgde med i den britiske offentlegheita. Den er mildt sagt mangesidig. Til dømes er den erkekonservative avisa Daily Mail kritisk til Cameron si utnemning av nye medlemmer til House of Lords, og kallar dei fullstendig upassande og udemokratiske. Partilinjene vert ikkje følgde, slik at Labour-leiar Ed Milibrand har sine verste kritikarar i eige parti. Den britiske opinionen verkar til å vera permanent splitta.

Men dei 63 millionar britane er utsøkt høflege i den daglege omgangen med kvarandre, og har ein tørr sjølvironi som er terapeutisk både i privatlivet og offentlegheita. Bratberg kunne gjerne ha skrive meir om britane sin sofistikerte kultur, for då ville det vorte tydelegare kvifor samfunnet deira framleis heng heilt fint saman.