Ei klok bok om politiet

Av Oddgeir Osland

Publisert 5. november 2018

Nærleiken til feltet er med på å gjere dette til ei klok bok, ein klokskap forma av empirisk forsking og personleg dømmekraft.

For mange år sidan var eg i eit bryllaup der toastmasteren i det daglege var i beredskapspolitiet. Han var også svogeren til brura, og han starta med å takke for invitasjonen, ikkje minst sidan sist dei to møttest, var under demonstrasjonen mot Margaret Thatcher, på kvar si side av tåregassen. 

Fakta

Liv Finstad

Hva er politi

Universitetsforlaget, 2018

160 sider

Rettl. pris: kr 199

For meg har denne historia stått som eit eksemplarisk døme på korleis politiske konfliktliner har vore og til dels framleis blir dempa i det norske samfunnet. Vi er så få og oversiktlege, og sett bort frå dei meir segregerte større byane våre har vi ofte kontakt på tvers av sosiale og politiske skiljeliner. Vi veit kven vi kan lite på, og det har lite med politikk eller yrkesstatus å gjere. Også politiet har vore tett integrert i daglegliva våre. 

Eg ser ikkje vekk frå at Liv Finstad, tidlegare kvinnepolitisk aktivist og sentral i RV (fortidas Raudt), også deltok i demonstrasjonen mot Thatcher. No er ho kjend og anerkjend kriminolog, ein disiplin som for mange er assosiert med politi- og fengselskritikk. Så kva får vi når Finstad skriv boka Hva er politi?

Finstad tar utgangspunkt i at politiomgrepet har røter i det greske politeia, som viser til god forvaltning og eit velordna samfunn. Førestillinga om at politiet som institusjon, som veks fram i europeiske byar frå 1600-talet, er forma av og formande for samfunnet det inngår i, går som ein raud tråd gjennom boka. Spørsmålet er kva som skapar eit trygt samfunn, inkludert rettstryggleik for borgarane, anten dei er mistenkte eller skuldfrie. (Eit kapittel vert innleidd med skeive politi i Pride-paraden i 2005, ein generasjon etter at forbodet mot sex mellom menn vart oppheva.) Og innvove i denne problemstillinga er avveginga av prinsipp frå to tradisjonar, samtykkemodellen (policing by consent) og maktbrukmodellen (policing by force). For sjølv om dette er ulike tradisjonar, den anglosaksiske som ser politibetjentane som borgarar i uniform, og den kontinentale som hentar inspirasjon frå militæret, er kjernen i politiet si samfunnsmessige rolle at dei har monopol på bruk av legitim vald overfor borgarane i fredstid. Dei kan starte eller la vere å starte strafferettslege prosessar overfor personar som bryt eller tøyer lova, og dei har sjølve eit særleg strafferettsleg vern.

Ei hovudline i boka er ikkje berre at samtykkemodellen har kome under press, men at politipolitikken sine grunnførestillingar har endra seg på avgjerande vis. I 1980-åra la ein til grunn at politiet berre var ein av mange viktige institusjonar som bidreg til å skape eit trygt samfunn, ein hadde ei realistisk førestilling om at eit samfunn fritt for lovbrot måtte vere ein politistat. I Politianalysen (2013) som politireforma byggjer på, er fråvær av kriminalitet eit overordna mål. Så har også kampen mot kriminalitet fått ein stadig meir framståande plass i politipolitikken, med den faren det inneber for at politiet får ei eintydig repressiv rolle overfor mange borgarar. Diskusjonen munnar ut i ein nøktern og dermed sardonisk analyse av «Nærpolitireformen». Kva vil skje i eit samfunn der politiets nærvær i store område avgrensar seg til å rykke inn mot kriminelle handlingar, uvitande om den konteksten det kortsiktige nærværet deira utspelar seg i?

Politireformene har si grunngjeving i eit endra kriminalitetsbilete prega av utilsikta migrasjonseffektar og porøse grenser overfor internasjonal kriminell økonomi og terroristnettverk, utviklingstrekk Finstad nok kunne ha vigd endå meir merksemd. Ei anna innvending kunne vere at den sjølverklærte rolla hennar som kritisk ven tidvis er vel venleg, kanskje særleg i gjennomgangen av «stopp og sjekk på mistanke». Minoritetsungdom kan nok ta feil når dei trur politiet stoppar dei berre på grunn av utsjånad, at det er kombinasjonen av stad, alder, kjønn og tidspunkt som avgjer. Men mange minoritetsungdommar vil med rette meine at politiet gjer feil overfor dei, når denne kombinasjonen gjer at dei vert utsette for urettvis mistanke. Dette er ein tekst som taler til politiet, når han taler om politiet.

Samstundes er nærleiken til politiet med på å gjere dette til ei klok bok, ein klokskap forma av empirisk forsking og personleg dømmekraft. Kanskje kunne boka ha vore endå meir interessant om ho hadde ei breiare analytisk referanseramme og omfatta teoriar som retta merksemda mot politiet sin integrerande funksjon – ikkje minst når ho drøftar kva rolle politiet bør ha. Det kunne innebere å rette blikket bakover mot den rettssosiologien den maktkritiske norske kriminologien sprang ut av, eller utover mot statsvitskaplege eller filosofiske tilnærmingar til rettens og politiets legitimitet.

Men samla sett er dette ei bok som ber Hva er-serien sine kjennemerke: Kortfatta. Velskriven. Lærerik.

  • Les fleire bokmeldingar her.