Ein del elementære logiske poeng
LUKK

Ein del elementære logiske poeng

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 24. februar 2022 kl. 14:55

Vi treng lærebøker på norsk. Nokon som kan feltet må skrive dei. Dei må ha interesse av det. Dei må ha vilkår til å gjere det.

Den vanlege, det vil seie årvakne og supersmarte, lesaren av Forskerforum kan ha gjetta kvifor eg ovanfor har lånt ord av nettopp Arne Næss. Boka En del elementære logiske emner kan tene som sjølve symbolet på norske lærebøker for høgare utdanning og kva verdi dei kan ha. Boka kom fyrst ut i 1947 og har kome i 11 utgåver.

En del elementære logiske emner. Foto: Universitetsforlaget
En del elementære logiske emner. Foto: Universitetsforlaget

Ifølgje Universitetsforlaget er boka «en kort og sylskarp introduksjon til semantikk og debattlære». Utover dette, kvifor har denne boka vore ein slik vanvittig suksess? Jo, ho har passa på pensum i førebuande/ex.phil., eit emne som har vore obligatorisk for mange etterkrigsstudentar. Pensum har vore stabilt over tid. Utbreiinga til boka har gjeve henne ei eiga tyngde som er få verk til del. Når så mange referansar for så mange folk over så lang tid peikar tilbake til same bok, vert det ein grunn i seg sjølv til at ho lever vidare.

Men Næss er unntaket. I høgare utdanning er den gjennomsnittlege læreboka på norsk ei bok som ikkje finst. Her er tre av grunnane.

1. Fragmentering. Monolittiske fag med lite valfridom og stabilt pensum over tid er den norske lærebokas beste ven. Eg har nemnt førebuande, men vil òg trekkje fram det gamle grunnfaget som strekte seg over to semester. Om det var fysikk, historie eller sosiologi: Faga måtte ha oversynsverk, grunnbøker. At førelesaren stod og doserte (eller trava muntert rundt i fri dialog med studentane, kva veit eg) med utgangspunkt i eiga bok, var ikkje eit særsyn. Skal eg peike på eit punkt som førte til brot med denne tradisjonen, er det kvalitetsreforma i høgare utdanning frå 2003. Gradsstrukturen med grunn-, mellom- og hovudfag vart endra til bachelor og master – kortare løp med meir valfridom og mindre einingar. Eit knøttlite emne har ikkje naturleg fylgje av ei mursteinsbok, men av eit knippe artiklar eller bokutdrag. Det fører meg over til neste punkt:

2. Engelsk. Her ville det vanlegvis ha stått internasjonalisering som stikkord, men kvifor gå rundt grauten? Kvalitetsreforma hadde ein kjerne av tilpassing til utdanningsløpa i EU. Det skulle verte lettare å flyte mellom utdanningstilboda i ulike europeiske land. Meir utveksling er eit gode på mange måtar, men har nok ikkje utvida marknaden for lærebøker på norsk. Og tilbake til dei små emna ein kan leggje saman til grader: Kor kan ein lettast finne eigna pensum til ei lita, spesialisert eining? Ofte i eit større språkområde enn vårt eige. Ofte engelsk.

3. Merittering. Vitskapleg tilsette er stadig meir tidsklemde. Arbeidsvekene er samansette av ei rekkje aktivitetar, og mange av dei er trekkspel i tid. Dei tykkaste teljekantane – vitskapleg publisering, helst på nivå 2 – freistar mest i prestisje og bygging av karriere. Krava frå arbeidsgjevar peikar i same retning. Skriving av lærebøker på norsk hamnar i same post som mykje anna formidling: salderingsposten.

Hovudsaka i dette nummeret er via emnet lærebøker på norsk, og det er ein fryd å lese kva dei utvalde forfattarane har fått ut av denne skrivinga. Men forlaga fortel at det er krevjande å rekruttere forskarar til å skrive lærebøker på norsk. Arne Vestbø, generalsekretær i faglitterær forfatter- og oversetterforening, fortel at snittalderen på desse forfattarane går opp: «Den nye generasjonen, de som er pluss minus 40, ser på dette som en mindre naturlig del av sitt akademiske virke. Jeg tror mange vil, men systemet er rigget slik at man opplever motstand.»

I denne leiaren har eg ikkje argumentert for kvifor det er viktig med lærebøker på norsk. Eg har det som ein premiss. Mange vil ha lagt merke til at Ola Borten Moe, ministeren for forsking og høgare utdanning, har teke til orde for å ta vare på og utvikle det norske fagspråket. Knapt noko kan då vere viktigare enn eigna lærebøker på språket. Borten Moe har markert seg om ein handlekraftig kar, som er prinsipiell og pragmatisk på ein gong. Så då kan vi vel få til ei endring?

Les meir: