Enklare vert det ikkje
LUKK

BOKMELDING

Enklare vert det ikkje

Av Lars Nyre

Publisert 6. desember 2013 kl. 14:37

Eit entusiastisk forsøk på å forklara samanhengane mellom dei enklaste byggesteinane i naturen.

enklare-vert-det-ikkje

Fakta
<

De hemmelige partiklene gjev ei god innføring i noko av det enklaste og mest kompliserte som finst. Bjørn Hallvard Samset er fysikar ved CICERO Senter for klimaforsking, og har vore knytt til CERN, Brookhaven og andre store laboratorium.

Forfattaren zoomar raskt inn på det minste som finst. Biologane studerer menneske og dyr, kjemikarane studerer væsker, gassar og molekyl. Fyrst når me kjem til atomet, byrjar partikkelfysikkens domene. Atoma består av proton og nøytron i ulike bindingar, med elektron kretsande rundt seg i ei sky. På eit endå meir elementært nivå finn me kvarkane, fotona og dei andre partiklane som er Samset sitt hovudemne.

Ein stad undervegs frå det store til det små endrar reglane seg, og dette får Samset godt fram. Reglane til elementærpartiklane er underlege samanlikna med reglane frå Newton og den klassiske fysikken. Partiklane er for eksempel både bølger og partiklar samstundes, og kan skifta status mellom desse to. Når ein partikkel får ladning, får antipartikkelen straks motsett ladning, sjølv om han er mange lysår borte.

Samset har stor respekt for dei underlege trekka ved naturen, og antropomorfiserer han gjennom vendingar som at han «plutseleg bestemmer seg», eller forsøker å forvirra oss, og vil halda seg hemmeleg lengst mogeleg. Ja, det følest omtrent slik!

Eg vert fascinert av kor fundamentale Samset sine skildringar er. Det er for så vidt innlysande at masse er partiklar, men det krev meir å ta inn over seg at også lyset er partiklar, og mest slåande av alt: at naturkreftene er partiklar. «Standardmodellen» forklarer korleis masse og krefter samverkar, men Samset noterer lakonisk at han berre er empirisk bevist for fem prosent av universet. 95 prosent av universet er uforklart, og vert kalla mørk materie og mørk energi.

Dei mest kjente stoffpartiklane er elektron, nøytrino og kvarkar. Naturkreftene gjer at stoffpartiklane kan klumpa seg saman og danna atom, molekyl og alt det andre. Blant kraftpartiklane finst fotonet, som formidlar elektrisitet og magnetisme, og gluonet, som formidlar den sterke kjernekrafta. Tyngekrafta er den slemme eleven i klassen, for ho passar ikkje inn nokon stad. Det nyleg bekrefta higgsbosonet har noko med gravitasjonen å gjera, men dette forklarer ikkje Samset skikkeleg. Kompleksiteten er for stor for oss alle.

Samset får godt fram kor viktig matematikken er. Han er eit verktøy for å leita seg innover i masse og krefter, og peika ut kva ein skal leita etter. Men likevel sjaltar Samset ut matematikken heilt frå byrjinga. Dette er for så vidt eit etablert sjangergrep, for biologane tek til dømes heller ikkje med DNA-analysar i populærformidlinga. Men det er eit paradoks at det viktigaste vert utelate, og det gjer at eg føler meg på utsida av stoffet heile tida. Det er verkeleg berre fysikarane sjølve som kan forstå partiklane skikkeleg.

De hemmelige partiklene er eit entusiastisk forsøk på å forklara samanhengane mellom dei enklaste byggesteinane i naturen. Dersom du er nysgjerrig på dei uløyste gåtene i partikkelfysikken, bør du absolutt lesa denne boka.