Fagleg nullpunkt
LUKK

BOKMELDING

Fagleg nullpunkt

Av Av Lars Nyre

Publisert 9. mars 2012 kl. 09:58

Om bevissthet er teoretisk og metodisk syltynn. Det er skuffande at Fagbokforlaget gjev ut ei bok som er så fagleg svak, meiner vår bokmeldar.

Fakta
L

 

Om bevissthet handlar om medvitstilstandar som går utover dei normalvitskapen anerkjenner som verkelege, til dømes nær-døden-opplevingar. Boka er teoretisk og metodisk syltynn, og tolkingane djupt spekulative.

Holter Brudal tek for seg det ho kallar «endrede bevissthetstilstander» som (ifølgje henne) kan oppstå hjå astronautar på måneferd, hjå folk som er under hypnose, hjå kvinner under og etter ein fødsel, og ikkje minst hjå folk som er like ved å døy, men som overlever.

Ho seier at det trengst holistiske forklaringsmodellar for å forstå endra medvitstilstandar. «Vi er noe mer enn tallene blodtrykksmåleren viser oss. Ja – hva mer er vi? Er vi en del av en global og planetarisk bevissthet?» Svaret hennar er ja. Ho meiner moderne menneske er så fragmenterte at me i liten grad anerkjenner dette, og alt kjem av det mekanistiske verdsbiletet til Isaac Newton.

Ho grunngjev ikkje denne fundamentale kritikken av moderne rasjonalitet. Også teoriar som støttar opp under den alternative forståinga hennar av medvit, vert behandla med harelabb. Blant anna vert Husserls fenomenologi brukt til støtte for at folk kan ha intuitive forståingar av eit fenomen, men utan at denne komplekse teorien vert forklart.

Hjerneforsking vert brukt like overflatisk. Ho skriv at «evnen til å leve seg inn i et annet menneskes sinn er forankret i et spesielt område i hjernen: speilnevronene», og det er faktisk alt ho har å seia om saka. Det verkar ikkje som ho skjønar at påstandane krev grundig underbygging fordi dei er kontroversielle og komplekse. Dette er ytst kritikkverdig. Ho har trass i alt doktorgrad frå Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo, og vert framstilt som ein erfaren forskar.

Når ho bruker vitskaplege kjelder, tek ho dei alltid til inntekt for sitt eige syn. Ho siterer frå ei russisk undersøking av endra medvit hjå kvinner som nettopp har født, og fortel at 12,9 prosent svarte bekreftande på påstanden «I felt an almost ’telepatic’ contact with my child». Det er talande at det kritiske blikket hennar på metoden dreier seg om at det kan vera ei underrapportering av positive svar, men ikkje at spørsmåla er leiande, og at kvinnene som svarer, nettopp har født og kanskje ikkje orkar å tenkja så nøye over kva ein forskar spør om.

Eg får heile tida assosiasjonar til skrivestilen i Det Beste på 1970-talet.

Ho diskuterer moglege motførestellingar mot folks forteljingar om nær døden-opplevingar, men det viser seg ikkje overraskande at ho avviser dei alle saman. Holter Brudal har ingen sunn skepsis til dei fenomena ho undersøkjer, motiva til forskarane ho siterer, eller relevansen av eksempla ho bruker.

Boka er spekka med populærkulturelle referansar som liksom dokumenterer den tidlause erfaringa av alternative medvitstilstandar. Slageren «Fly me to the moon» vert brukt som dokumentasjon på lengselen etter ei ny verkelegheitserfaring. Populariteten til science fiction-filmar som E.T. og Star Wars vert brukt som belegg for det same.

Medan eg les, får eg heile tida assosiasjonar til skrivestilen i Det Beste på 1970-talet. Det er skuffande at Fagbokforlaget gjev ut ei bok som er så fagleg svak.