Er norsk høgreekstremisme rasisme, eller politikk?

Niandeklassingar på Vestlandet er usikre på kva dei skal leggje i rasisme-omgrepet.

Famlande forhold til rasisme-ordet

Tekst: Kjerstin Gjengedal     

Foto: Paul Sigve Amundsen

Teksten sto først på trykk i Forskerforum nr.2/februar 2022.

Fredrik Stenhjem Hagen har følgt elevane sine resonnement om kva som utgjer rasisme, på nært hald gjennom timevis med gruppediskusjonar ved utvalde ungdomsskular i Vestland. Diskusjonane utgjer datamaterialet i doktorgradsprosjektet hans ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Medan det finst ein god del forsking på mangfald og integrering i skulen, veit vi mindre om kva majoritetselevar tenkjer rundt rasisme-omgrepet. Hagen har teke fatt i dette ved hjelp av fokusgruppeintervju med niandeklassingar ved fire skular i Vestland. Målet var ikkje å kartleggje elevane sin kjennskap til eit førehandsdefinert rasismeomgrep, men heller finne ut korleis dei tenkjer.

Forskar: Fredrik Stenhjem Hagen, stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet

Prosjekt: Korleis arbeider skulen med antirasisme, og korleis forstår elevane rasismeomgrepet?

Metode: openheit – å møte både empiri og teori med vilje til å forstå på deira eigne premiss er sentralt for å utvikle ny kunnskap

Uunnverleg verktøy: notatboka mi, utan den hadde det vore uråd å få noko gjort

– Eg hadde med meg foto av historiske og samtidige hendingar som kunne knytast til rasisme på eitt eller anna vis. Nokre gonger var ikkje samanhengen tydeleg, eg hadde til dømes eit foto av ein pride-festival. Kampen mot rasisme og kampen mot det heteronormative samfunnet er ofte nemnd i same andedrag både av dei som står i kampane, og av forskarar. Eg prøvde å finne eit mangfald av inngangar til temaet, seier han.

Elevane vart bedne om å ordne fotografia i kategoriar som dei bestemte sjølve. Så diskuterte dei kvifor dei kategoriserte bileta som dei gjorde. Ville dei til dømes kople antijødisk propaganda frå andre verdskrigen med muslimhets i dagens samfunn?

– Metoden kan vere problematisk fordi ein jo formar stoffet undervegs. Men det set i gang gode diskusjonar, og det liknar arbeidsmetodar elevane er kjende med frå skulekvardagen, seier Hagen.

– Intervju er ei vanskeleg form, det kan fort bli overflatisk dersom elevane først og fremst er opptekne av å finne det rette svaret. Eg ville prøve å kome inn i det tvitydige, det som er vanskeleg å setje ord på.

Er samehets rasisme?

Hagen har lærarmaster og arbeidde i skulen før han kom attende til HVL for å ta doktorgrad. At det vart eit prosjekt om antirasistisk undervising i skulen, heng saman med at regjeringa i 2016 lanserte ein handlingsplan mot antisemittisme. Med planen kom det forskingsmidlar.

– Eg hadde skrive masteroppgåve om undervising om holocaust, der eg intervjua lærarar og studerte lærebøker. Der fann eg mellom anna at ein legg vel så mykje vekt på at historia om holocaust skal ha ein haldningsskapande effekt på elevane, som på at dei skal lære historisk informasjon som namn og datoar. Då handlingsplanen kom, oppfordra rettleiaren min meg om å søke midlar til eit doktorgradsprosjekt, fortel Hagen.

Gruppeintervjua synte at elevane har ei sterk oppfatning av at rasisme er ei alvorleg skulding. Samtidig ber tolkingane deira preg av at dei i stor grad må finne ut av fenomenet på eiga hand, utan å bli utfordra og rettleia i undervisinga.

Tre moment peika seg ut gjennom diskusjonane, fortel Hagen: Elevane oppfattar rasisme som individuelle handlingar, dei oppfattar Noreg som eit post-rasistisk samfunn, og dei er usikre på kva det er som gjer at noko er rasistisk.

– Dei forstår typisk rasisme som kvit mot svart, eller tyskar mot jøde. Samstundes har dei fått med seg at samar blir utsette for diskriminering, men dei får det ikkje heilt til å passe, for samar er jo kvite i elevane sine augo.

Av same grunn tykte elevane det var vanskeleg å snakke om Anders Behring Breivik som rasist, fordi han er ein nordmann som drap andre nordmenn.

– Det passar ikkje inn i forståinga deira av rasisme, og dei vil gjerne at nokon skal kome og fortelje dei kva som er rett, seier Hagen.

– I skuleforsking er ein ofte oppteken av styringsdokument og lærebøker, men eg ville få elevane i tale, seier Fredrik Stenhjem Hagen.

– Rasisme er eit komplekst omgrep som er vanskeleg å fange opp med spørjeundersøkingar. Ein treng kvalitativ forsking for å studere det, seier Fredrik Stenhjem Hagen.

Blinde for strukturar

Heller ikkje eit bilete av «Den nordiske motstandsbevegelsen» på marsj i Kristiansand viste rasisme, meinte elevane. Biletet vart tolka som eit uttrykk for politiske meiningar som måtte forsvarast i lys av ytringsfridomen, men ikkje som rasisme, fordi dei ikkje viste rasistiske handlingar retta mot spesielle personar.

Eitt av fotografia Hagen hadde med seg, synte ein tiggar ikledd burka, noko som opnar for eit mangfald av tolkingar kring samfunnsstrukturar og moglege årsaker til marginalisering.

– Ingen av elevane meinte at det hadde noko som helst med rasisme å gjere. Dei er blinde for at det kan finnast rasistiske strukturar, dei forstår rasisme som noko ein person gjer mot ein annan, fortel han.

I ein artikkel om korleis elevane oppfattar rasismeomgrepet, skildrar han diskusjonane rundt eit bilete av ein plakat med teksten «We want white tenants in our white community». Her tek elevane utgangspunkt i at segregerte nabolag er eit spørsmål om «nøytrale» storleikar som eigedomsprisar, og dermed ikkje kan kategoriserast som rasisme.

– Intervjumaterialet har resultert i tre artiklar, og framleis kan ein gjere meir på det seinare, seier Fredrik Stenhjem Hagen.

Usynleg identitet

Reint uavhengig av kva elevane tenkjer om det, har rasismeomgrepet utvikla seg med tida. Frå å handle om eit gruppehierarki basert på ideen om biologiske skilnader mellom menneske, har omgrepet byrja inkludere kultur og religion, som gjerne blir omtala som like grunnleggjande og uforanderlege eigenskapar ved menneske som hudfarge. Diskusjonane i klasseromma viste at elevane er klar over at rasisme kan handle om både «rase» og kultur, men utan at dette gjer omgrepet klarare for dei.

– Dei forstår til dømes ikkje kva det eigentleg vil seie å vere jødisk, dei veit lite om historisk antisemittisme. Dei oppfattar det å vere jøde som ein identitet som kanskje var lett å kjenne att under krigen, men ikkje i dag, seier Hagen.

Elevane hadde vanskeleg for å forstå kvifor nokon skulle vilja forfølge eller diskriminere sjølv ikkje-religiøse jødar, for kva er det vel då som skil dei frå andre menneske?

– Det er vanskeleg for dei å overføre kunnskap om holocaust til rasisme i dag. Holocaust synest så ekstremt, så massivt, med så mange menneske involvert, at det ikkje er mogleg for dei å sjå likskapsdrag med dagens situasjon. Dei har vanskeleg for å skjøne at tyske soldatar kunne delta i det med mindre dei frykta for sine eigne liv, seier Hagen.

Lite rettleiing

Det gjer at han er i tvil om undervising om holocaust har potensial til å fungere som «vaksine» mot antisemittisme og rasisme i dagens samfunn, slik han meiner det eksisterer ei forventing om. Men at elevane er opptekne av rasisme, er tydeleg.

– Dei har gjerne anten opplevd det sjølve, eller kjenner nokon som har opplevd det. Men inntrykket mitt er at dei diskuterer mykje seg imellom, og får lite rettleiing av lærarane, seier han.

Ifølgje formålsparagrafen i opplæringslova, som vart oppdatert i 2009, skal skulen motarbeide alle former for diskriminering. Men kva det vil seie i praksis, er ikkje gitt. I 2010 avslørte NRK at antijødiske haldningar var utbreidde mellom muslimske skuleelevar i Oslo. Då oppnemnde Kunnskapsdepartementet ei arbeidsgruppe som skulle kome med framlegg til korleis skulen kunne motarbeide antisemittisme og rasisme. Rapporten frå gruppa, Det kan skje igjen (2011), er den mest konkrete operasjonaliseringa vi har av den nye føremålsparagrafen, hevdar Hagen.

I rapporten heiter det at rasisme er eit særskilt fenomen som skil seg frå andre former for diskriminering, og at skulen skal motarbeide rasisme gjennom haldningsskapande arbeid. Samstundes viser tidlegare forsking at lærarar ofte vegrar seg for å gå djupt inn i kontroversielle tema i klasserommet.

– Den etablerte lesinga av rapporten Det kan skje igjen er at elevane skal setjast i stand til å motarbeide rasisme i den offentlege samtalen. Gruppeintervjua tyder på at det kan hende dei ikkje får tilstrekkeleg rettleiing til det, meiner Hagen.

Trur Noreg er post-rasistisk

For elevane hadde ei tydeleg oppfatning av at dagens Noreg er eit samfunn som har gjort seg ferdig med rasisme.

– I den grad rasisme skjer i dag, så meiner dei at det er eit normbrot, som kjem av at dei involverte ikkje veit betre.

Hagen trur undervisinga om antirasisme har mykje å vinne på å ikkje vike unna dei kontroversielle diskusjonane i klasserommet.

– Elevane har jo desse diskusjonane uansett, så det ville vere bra å våge å ha dei i klasserommet sjølv om dei kan vere ubehagelege, i staden for å berre formidle overflatiske ting som at vi alle må vere vener. Niandeklassingane eg snakka med, har ikkje perfekt teoretisk forståing av kva rasisme er, men dei er i ein prosess med å bli vaksne, og det blir reflektert i diskusjonane og omgrepsforståinga deira.

Den neste artikkelen i prosjektet hans byggjer på det same materialet, men går djupare inn i korleis elevane forstår motivasjonen til dei som deltok i gjennomføringa av holocaust.

– Det er eit veldig fruktbart materiale som ein kan analysere frå ulike vinklar. Det er ikkje vanskeleg å få elevane i tale, og det er gjort lite forsking på majoritetselevar tidlegare. Rasisme er eit komplekst omgrep som er vanskeleg å fange opp med spørjeundersøkingar. Ein treng kvalitativ forsking for å studere det, seier han.

I gruppeintervjua med skuleelevane har Fredrik Stenhjem Hagen brukt fotografi som samtalestartar.

Høgskulen på Vestlandet vart etablert gjennom samanslåingar i 2017. Fredrik Stenhjem Hagen tilhøyrer første generasjon eigenproduserte stipendiatar.

Les også

Kvart år arrangerer Raudekrossen kurs på Finse i leiing av søk- og redningsaksjonar i vinterfjellet. Her leitar deltakarar etter ein person i eit snøskred. Foto: Heiko Junge / NTB