Farvel til eksellens
LUKK

Farvel til eksellens

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 24. mai 2023

Kvar vart det av styresmaktene sine ambisjonar om at norske forskarar skulle hevde seg i verdstoppen?

Halvveges i gjennomlesinga av nok eit av dei politiske grunnlagsdokumenta som blir produserte av og for kunnskapssektoren i eit bankande køyr, slår det oss: Kvar er det blitt av eksellensen?

Var ikkje hovudbestillinga frå styresmaktene til den norske universitets- og høgskulesektoren no nettopp – så seint som i går, eller i det minste førre veke – å skape verdsleiande forskingsmiljø?

Mindre «fremragende»

Eit raskt søk på «eksellens» i den nyaste langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, som kom i fjor haust, gjev eitt treff. Og det er ein referanse til ein OECD-rapport frå 2017 der Noreg blir tilrådd å «[b]alansere og koble sammen eksellens og relevans for å maksimere den økonomiske og samfunnsmessige virkningen av forskning […]».

Men ved nærare ettertanke har omgrepet «eksellens», som stadig ikkje finst i norske ordbøker, kanskje vore flittigare brukt i forskingsmiljøa enn i byråkratiet. Då vi i staden søkjer på «fremragende» i langtidsplanen, får vi fire treff.

Det same søket i førre langtidsplan (2015) gjev 31 treff.

I utsynsmeldinga (2023): Null treff.

To av dei fire treffa i inneverande langtidsplan gjeld forresten eit avsnitt der regjeringa forklarer kvifor dei har endra ordlyden på eitt av dei tre overordna måla i langtidsplanen, frå «utvikle fagmiljøer av fremragende kvalitet» (2015) til «høy kvalitet og tilgjengelighet i forskning og høyere utdanning» (2022). Ein har ikkje senka ambisjonane, blir lesaren forsikra om, ein har snarare utvida dei til å gjelde heile breidda av forsking og utdanning.

Likevel. Har vi snubla over ei fundamental forskingspolitisk vending?

Har letta på trykket

– Eg forstår bakgrunnen for at du reiser spørsmålet, og det er ei interessant problemstilling, seier Egil Kallerud. Han er spesialrådgjevar ved NIFU, der han særleg har interessert seg for forskingsfinansiering og forskingspolitiske verkemiddel.

– Det står att å sjå om endringane i retorikken får konkrete utslag i budsjetta framover, seier Egil Kallerud. Foto: NIFU

Kallerud trur eksellens-komponenten både i politikken og debatten framleis står sterkt, men kanskje ikkje like sterkt som for nokre år sidan. Han spolar tida tilbake til starten av 00-åra og etableringa av ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF), eit verktøy som skulle fremje vitskapleg kvalitet, og som førte det internasjonale moteordet «excellence» inn i norsk akademia.

– Dette vart drive fram av den tilsvarande utviklinga i EU, som Noreg har lagt seg nær opp til. Då Det europeiske forskingsrådet ERC vart etablert i 2007, var det ei institusjonalisering av eksellens-tenkinga som allereie hadde eit sterkt momentum i Norden, seier han.

Kallerud meiner det sterke trykket på vitskapleg eksellens kan sporast som ein raud tråd gjennom forskingspolitikken heilt fram til for få år sidan.

– Så har nok eksellenstenkinga hamna i ein litt meir defensiv posisjon som kan tidfestast på ulike måtar. I norsk politikk såg vi i den første revisjonen av langtidsplanen for forsking i 2018 at ein hadde som hovudmål å skape verdsleiande forskingsmiljø, men det vart ingen vidare ekspansjon.

Den siste tida har signala om trongare økonomiske tider overdøyvd dei fleste andre signal. Til dømes vart det stor uro i sektoren då Fripro, ordninga for forskarinitiert, framifrå forsking, ei stund såg ut til å forsvinne, men til slutt vart berga for nok eit år i budsjettforhandlingane sist haust.

– Men i Forskingsrådet har nok eksellens-tenkinga stått sterkt også etter at regjeringa de facto gjekk litt vekk frå det. For det må seiast at gjennom 15 år har løyvingane gjennom Forskingsrådet auka kraftig, og trass i bråket om Forskingsrådet det siste året har løyvingane ikkje eigentleg gått ned, dei har berre ikkje halde fram med å vekse. Men no er situasjonen litt ny, så det spørst om ordningar som Fripro og SFF vil vere prioriterte i budsjetta framover. Og den nye langtidsplanen har nokre nye signal, der står meir om breidde og ikkje så mykje om spiss. Så eg er samd i at det har vore ei vending, seier Kallerud.

Nytt syn på kvalitet

Men om eksellensen er på veg ut, kva har då kome inn?

– Kanskje samfunnsutfordringar er blitt meir framtredande, seier rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Margareth Hagen.

– No har vi «missions» og andre apparat som fordrar meir samarbeid og breiare inngang til problemstillingane. For nokre år sidan brukte ein oftare ord som spydspissar og eksellens. Forsking er framleis konkurranse, men eg trur vi no har eit breiare syn på kva kvalitet er. Ein brukte gjerne å måle eksellens anten gjennom konkurranse eller ved gjennombrot. Men det kan vere litt banalt. Pandemien lærte oss at god forsking er samarbeid, både med lokalsamfunn og med internasjonale miljø. Pandemien viste oss det kollektive ved forsking.

– For ti år sidan snakka ein om spydspissar og forskingsfront, no snakkar vi mykje meir om samfunnsrelevans, seier Margareth Hagen. Her frå berekraftskonferansen i år. Foto: UiB

Ho viser til at stillingsutlysingar gjerne framhevar samarbeid og forskingsmiljø. Kanskje har norske institusjonar fått sjølvtillit nok til ikkje å bli blenda av internasjonal eksellens. No må ein ha eit breitt tilfang av kompetanse for å bli tilsett, ein må kunne undervise, og det er krav om norskkunnskapar.

– Vi vil ha tilsette som skal verke i samfunnet. Og kva er forresten kvalitet i forsking? Det er jo eit kjempevanskeleg spørsmål. For meg handlar det også om å ha stabile og sjølvstendige fagmiljø som er i stand til å utvikle eigne metodar og teori og dermed publisere og konkurrere sterkt. Ut av sterk og grunnleggjande forsking veks det eksellens.

– Orda kjem utanfrå

For eit par år sidan sat Kristian Bjørkdahl, førsteamanuensis i retorikk ved Universitetet i Oslo (UiO), med ein søknad til Forskingsrådet. Samstundes sat han i eit fagpanel som skulle vurdere søknader for ein annan finansiør. Dei parallelle prosessane etterlet eit inntrykk av at det faglege innhaldet i søknadane var mindre viktig enn at søknadane inneheldt dei rette orda – så som «impact» (målbar samfunnseffekt av forsking), «societal challenges» (samfunnsutfordringar) og til og med «disruption» (innovasjon så banebrytande at verda knapt er til å kjenne igjen etterpå) – som kunne signalisere tilpassing til det byråkratiske rammeverket for tildeling av midlar.

– Vi burde forske meir på dynamikken i at slike moteord som «excellence» kjem og går, seier Kristian Bjørkdahl. Foto: Erik Norrud

No har forskarar alltid vore flinke til å tilpasse seg dei til kvar tid gjeldande moteorda i utlysingane. Men snakkar vi her berre om ei overflatisk, språkleg tilpassing, eller stikk det djupare?

Bjørkdahl har ikkje noko klart svar på det, men han trur ikkje forskingsmiljøa har funne på moteorda sjølve.

– Eg mistenkjer at mykje av dette språklege spelet, dei nye orda og insentiva som følgjer med, blir genererte hos forskingsbyråkratar, direktorat, Forskingsrådet og sjølvsagt EU: Forskingssektoren er innkapsla i mange fleire direktiv og instruksar enn før, og vi burde forske meir på dei som bestemmer over forskinga. Det meiner eg er ganske viktig. For eg trur forskarar gjerne tenkjer at vi bestemmer over oss sjølve, men så er det eit stort apparat omkring oss som vi ikkje heilt forstår.

Samstundes trur han tilpassinga forskarane gjer, i stor grad er språkleg. Trass i alt kan ein ikkje leggje om heile forskinga si så snart det dukkar opp eit nytt moteord.

– Felles for både «excellence» og «impact» er at ein på ein måte forstår kva dei tyder – at forskinga er veldig god og kan hevde seg internasjonalt, og at forskinga har innverknad på eitt eller anna. Men orda er så store og altomfattande at ein ikkje veit kva dei tyder i ein konkret situasjon.

Det tek han som teikn på at dei kjem frå ein annan stad, utanfor forskinga, og er lada med nokre idear om at forskinga bør trekkast i ei eller anna retning, vekk frå der ein er.

– Mitt inntrykk er at dette i stor grad er eit språkleg spel som vi må gå ut frå at nokon får noko ut av, men kven det er, har eg ikkje kome til botnar i. Men det er tydeleg at det er eitt eller anna i denne sektoren som premierer omgrepsinnovasjon.

Insentiva forsvinn

Då er det lettare å ettergå kva det er som blir premiert i kroner og øre. Då regjeringa nyleg la fram utsynsmeldinga, om framtidas kompetansebehov, var endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskular eitt av momenta. Kunnskapsministeren kunngjorde at ein ville fjerne dei resultatbaserte indikatorane som er knytte til forsking – publisering, inntekter frå EU og andre eksterne inntekter – men halde på og til dels oppjustere indikatorane knytte til utdanning.

Gjennomslag i EU, og særleg ERC, er ofte brukt som mål på eksellens, og fleire av universitetsleiarane uttrykte uro for at EU-insentiva blir borte.

– Å søkje midlar frå ERC krev veldig mykje arbeid og tunge investeringar frå forskingsinstitusjonane, og no må ein altså ta det på eiga kappe dersom det ikkje er ei belønning i andre enden.

Det seier dekan ved Det humanistiske fakultetet ved UiO, Frode Helland.

– Vi veit jo ikkje heilt korleis dette blir i praksis, men eksellens i forsking krev mykje, og no ser det ut til at alle insentiv for å gå i den retninga blir borte. Korkje internasjonalisering eller framifrå forsking blir vektlagd, og då kan det hende at ein med tida får det ein ber om.

Nytte eller nysgjerrigheit

Hellands fakultet har gjort det godt på den europeiske konkurransearenaen: Nettsidene listar opp ikkje mindre enn 13 forskarstipend frå ERC i alle kategoriar, og då det nyleg vart utdelt midlar gjennom mobilitetsordninga Marie Skłodowska-Curie Actions, hamna halvparten av dei 18 prosjekta til UiO hos HF-fakultetet. Han er ikkje så uroa på vegner av eigen institusjon, men fryktar at endringane i insentiva på lengre sikt kan få konsekvensar for norsk forsking som heilskap.

– Når ein fjernar insentiva for forsking, så trur eg ikkje ein forstår kor mykje tid og ressursar som trengst for å halde seg på det nivået der vi er no, seier Frode Helland. Foto: NTB

– Det verkar som ein snakkar med litt fleire tunger, men eg merkar ei veldig stor vekt på nytte og effektivitet og økonomisk gevinst, på produktivitet og konkurransedyktig næringsliv. Det er vanskeleg å tenkje seg at det er gode grunnrasjonale for å utvikle eit godt forskingssystem. Kunnskapsutvikling blir jo driven av nysgjerrigheit.

Når forskingsminister Ola Borten Moe etter kvart skal presentere den gjennomgangen av heile forskingssystemet som han har lova (eller truga med, alt etter som), håpar Helland at det vil kome ein kraftinnsats for den grunnforskinga som berre har eksellens som kriterium.

– Det trengst i alle land. Slik sett var det urovekkande at prosessane Borten Moe sette i gang i Forskingsrådet, ei stund såg ut til å føre til at Fripro fall heilt vekk. No vart jo det korrigert, men vi får sjå korleis det blir framover, seier han.

Relevans gjennom eksellens

I ein artikkel i Historisk tidsskrift i fjor haust tok NIFU-forskar Vera Schwach for seg synet styresmaktene har på vitskapleg kvalitet, gjennom forskingsmeldingar og langtidsplanar frå 1945 til i dag. Ho konkluderer med at kvalitet og samfunnsrelevans heile tida har følgt kvarandre, men at balansen mellom dei har endra seg: Forenkla tenkte ein lenge at relevans ville gje kvalitet, men dei siste tjue åra har premissen vore at eksellens vil gje relevans. Etter at EU introduserte sine målretta samfunnsoppdrag («missions») i 2020, som no har fått etterlikningar i den nye norske langtidsplanen, kan vi vere inne i ein ny fase, der vitskapleg kvalitet framleis er viktig, men ikkje altoverskyggjande.

Egil Kallerud deler oppfatninga. Han peikar på at norsk og europeisk forskingspolitikk har vore tett integrert på 2000-talet, der pengar som vart tilgjengelege gjennom ERC, passa godt med dei allereie eksisterande SFF- og Fripro-ordningane.

– Og framleis står ERC sterkt, men det er kanskje ikkje der den forskingspolitiske utviklinga skjer, den er nok i staden blitt dreia meir mot samfunnsoppdrag. Det har fått ekstra tyngde med «missions», som Noreg førebels har følgt opp på ein litt puslete måte – men på debattnivå har det kanskje slått inn og teke litt av luven frå eksellens-tanken, seier han.

Samtidig snakkar kunnskapsministeren vel så mykje om næringslivet som om samfunnsutfordringar, tykkjer han. Målet om å få næringslivet sin FoU-del opp på 2 prosent av BNP står sterkt.

– Den siste langtidsplanen var dominert av forsking og utvikling for næringslivet, anten grunngjevinga var konkurransekraft eller samfunnsutfordringar. Så er det sjølvsagt overlapp der, for det er gjennom næringsliv ein skal få omstilling.

Må lage eigne ordningar

Og så er det studentane då, dei som skal ut og fylle næringslivet sine kompetansebehov. Då utsynsmeldinga kom, var fleire UH-leiarar raskt ute og karakteriserte henne som ei rein utdanningsmelding. Men å setje utdanning og framifrå forsking opp mot kvarandre er ikkje ein god idé, meiner UiB-rektor Hagen.

– Eg trur jo ikkje mindre vekt på forsking gagnar utdanningskvaliteten, og det er godt kjent at eg er mellom dei som tykkjer fjerning av finansieringsindikatorane for forsking er uheldig. Det er eit større fokus på undervising enn før, men utdanning og forsking heng saman, seier ho.

Med uvissa kring ordningane som skal løne framifrå forsking, og med signala om strammare økonomi, må institusjonane rekne med å prioritere hardare sjølve. Hagen planlegg å setje ned eit budsjettfordelingsutval som mellom anna skal sjå på om ein kan gi insentiv til forsking.

Frode Helland ved UiO fortel at utteljinga til HF-fakultetet i det eksellens-orienterte ERC kjem av ein kombinasjon av vitskapleg tilsette som er viljuge til å bruke ekstremt mykje tid og krefter på å kvalifisere seg og lage søknader, og at ein stiller administrative ressursar til rådvelde for søkjarane og dei som får prosjekt.

– Dette må vi no rekne med å ta på marginane (finansiere frå eit eventuelt driftsoverskot, journ. anm.), eller det må subsidierast av studiedelen av verksemda. Dersom vi får behalde den institusjonelle autonomien framover, treng ikkje dette vere farleg, for då kan dei som har ein kultur for eksellens, velje å premiere det. Om departementet skal detaljstyre, blir det derimot ei anna skål. Signala er ikkje heilt klare i så måte, seier han.

Lage eigne ord?

Men så var det innhaldet i orda, då. Eksellens, kva er no eigentleg det? Og dersom forskarar sjølve skulle ta styringa på ordbruken i staden for å tilpasse seg stadig nye moteord som blir påførte dei utanfrå, kva ord ville då gjelde?

– Hos oss har vi diskutert ordet «forskingspraksis», seier Bjørkdahl, retorikaren.

– Det har eg sansen for. Det peikar mot det konkrete ein gjer som forskar, og alle har det, så det er generelt på same måten som «impact» er det – berre meir konkret. Det er formbart, for ingenting ved praksis tilseier at det alltid må vere som det er no. Og det kan brukast både til å skilje mellom fag og til å hente inspirasjon frå andre. Det kan også opne for samtalar om kva vi skal gjere meir og mindre av. Så eg trur også byråkratar og forskingspolitikarar kan få noko ut av det.

Enquete: Har den forskingspolitiske språkbruken noko å seie i din kvardag?

Harald Linga, forskingsleiar i Sintef og direktør for Swipa Senter for vitskapleg innovasjon (Subsurface Well Integrity Plugging and Abandonment)

«Eksellens» er spesielt viktig i søknadsprosessar, det er eit viktig sjekkpunkt for evaluering. Når det gjeld samfunnsrelevans, har vi eit tydeleg mål: plugging av oljebrønnar. Dei må pluggast trygt og sikkert og med null lekkasje, for all framtid. Ein snakkar om kostnader på 800 milliardar kroner for plugging av dei brønnane vi har i dag, og dersom vi kan bidra til å redusere kostnadane med 50 prosent, har vi eit forretningsgrunnlag som få andre senter kan skilte med. Så samfunnsoppdraget vårt er veldig tydeleg. Då må vi få fram vitskaplege resultat som kan brukast vidare i industrien, så industriforståing er like viktig som akademisk eksellens. Eg har ikkje merka særleg endring i språkbruken omkring dette.

Unn Falkeid, professor ved Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk, Universitetet i Oslo

Innanfor humaniora har det vore sterkt fokus på eksellens og internasjonal publisering på høgt nivå, og det har ført til resultat. Eg opplever no at vi har ein heilt annan fagleg sjølvtillit, mykje sterkare enn for berre ti år sidan. Yngre forskarar veit at dei er forventa å delta på den internasjonale scena. Naturlegvis har vi også eit samfunnsansvar. Humaniora forvaltar viktige tradisjonar, og forskinga vår må formidlast for at ho skal ha relevans. Einsidig satsing anten på berre eksellens og internasjonalitet eller fullt og heilt på samfunnsrelevans, kan føre til fagleg isolasjon. Vi må handtere begge delar, noko humaniora stort sett meistrar godt, etter mitt skjønn.

Irene Aasen Andersen, førstelektor ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap, Høgskulen på Vestlandet

Vi må heile tida passe på å forankre både søknader og andre typar tekstar i det siste som står i offentlege dokument, så det er noko eg tenkjer mykje på. Vi må svare direkte på insentiva i utlysingstekstar, til dømes. Av og til ser vi at tekstane inneheld trendord, men dei konkrete insentiva er veldig viktige. Då vi for nokre år sidan planla eit samarbeidsprosjekt mellom HVL og spesialisthelsetenesta, vart krava i utlysingsteksten ein motivasjon til å utvide prosjektet til å dekkje utdanningsinstitusjonar i alle dei nordiske landa. Så eg er veldig oppteken av at signal om til dømes berekraft eller samarbeid må kome ovanfrå i form av insentiv eller påbod. Først når dei blir sjekkpunkt som alle må oppfylle, blir det endring.