Filosofisk arkitektur
LUKK

BOKMELDING

Filosofisk arkitektur

Av Av Oddgeir Osland

Publisert 5. desember 2011 kl. 12:08

Er det mogleg å etablere ein filosofisk syntese som omhandlar alle dei viktigaste sidene ved tilværet og alle kunnskapsformer?

filosofisk-arkitektur

Fakta
<

 

Kanskje kan vi skilje mellom to typar filosofar. Den første typen er arkitektane, som byggjer store filosofiske byggverk som rommar erkjenningsteori, logikk, politisk filosofi, moralfilosofi, estetikk og så bortetter, og søkjer å integrere desse i ein overordna, koherent syntese. Blant dei store arkitektane er Aristoteles og Kant. Den andre typen, fiskarane, har eit avgrensa, konkret mål: å belyse ei konkret problemstilling. Blant dei store fiskarane er Isaiah Berlin, som skreiv konsentrerte essay som bora i eit emne («fridom» eller Tolstoj) med vidtrekkande implikasjonar, og med ein krystallklar skrivestil som når fram til lesarar med varierande forkunnskapar, fordi teksten både er «enkel» og intensjonsdjup. Andre store fiskarar er Machiavelli og Amartya Sen.

I den siste boka si har Dag Østerberg – som gjennom ein mannsalder har formidla (særleg kontinental) sosiologi og filosofi i norsk språkdrakt, og gjennomført eigne analysar på eit breitt spekter (som sosiomaterielle analysar av Oslo, studiar av kunstmusikkfeltet og sosialfilosofiske essay) – som prosjekt å presentere hovudlinene og grunnomgrepa i ein filosofisk syntese som «omhandler alle tilværelsens viktige sider».

I universet av moglege kandidatar til ein slik syntese har han valt særleg å basere seg på Ernst Cassirer og Jean-Paul Sartre. Vi får ikkje presentert desse to filosofiane en bloc, men stegvis, som ledd i dei sentrale emna i Østerbergs prosjekt. Prosjektet startar med relasjonslogikk og den analytiske forrangen til indre relasjon (som mellom omgrepet og fenomenet), før Østerberg byggjer opp argumentasjonen medvits- og handlingsteoretisk med omgrep om intensjonalitet og subjekt, og skilnaden mellom Sartre og kantianske teoriar om transcendentale vilkår for erkjenning. Argumentasjonen er prega av dialog med sentrale, men ikkje heilt lett tilgjengelege filosofar som Heidegger, Bergson og Merleau-Ponty, og av kritiske ekskursar mot konkurrerande posisjonar som analytisk filosofi og John Rawls – sistnemnde under vignetten «desituert etikk».

Denne strukturen krev mykje av lesarar som har avgrensa forkunnskapar (som underteikna, som har Sartres Erfaringer med De andre ståande ulesen i bokhylla, ved sida av utlesne bøker av Camus), og ei kritisk vurdering av argumentasjonen krev fagfilosofisk skolering som denne meldaren ikkje har. Men den som kan lese sakte, vil finne at Østerbergs presentasjon er tilstrekkeleg til å både forstå argumentasjonen hans og bli kjend med sentrale omgrep og posisjonar i filosofien han omtalar.

Den andre delen av boka vert innleidd med Cassirers tolking av matematikk og matematisk naturvitskap, og søkjer å vise korleis til dømes kvantefysikk er konstituert av matematisk tenking. I den vidare framstillinga tek Østerberg for seg biologiske vitskapar (som darwinisme og epigenetikk), historievitskap, rettsteori og sosiologiske forståingsformer. Alle desse områda kan forståast som (med Østerbergs omformulering av Sartre) sosiomaterielle handlingsfelt, og analyserast ut ifrå distinkte logikkar. Men til skilnad frå dei matematiske naturvitskapane kan ein ikkje i samfunnsvitskapane søkje mot lovmessigheiter: Dess fleire lovmessigheiter, dess mindre fridom.

Jammen trur eg at Østerberg har større gyldigheitspretensjonar enn Habermas.

Slik skiftar også perspektivet i boka, og Sartres filosofi – som har som utgangspunkt at mennesket er eit fritt veljande vesen, men situert i sosiomaterielle handlingsfelt som rettar trykkande krav mot det – får større plass. Perspektivet skiftar, men det vert også meir uklart. I dei delane som meir direkte inngår i denne meldaren sitt kunnskapsfelt, som sosiologi og statsvitskap, og dei delane som er lett forståelege, som musikkfeltets historie og andre konkretiseringar som skal vise korleis den nye filosofiske syntesen kan gje ei livsåskoding for vår tid, er implikasjonane og konsekvensane av filosofien uklar – i det minste for denne lesaren.

Slik avdekker boka ei problemstilling som knapt vert drøfta, men som kanskje rokkar ved grunnmuren i Østerbergs prosjekt: om, eller i kva forstand, det er mogleg å etablere ein filosofisk syntese som omhandlar alle dei viktigaste sidene ved tilværet og alle kunnskapsformer. Denne boka er nok ein syntese i den svake tydinga som Østerberg formulerte det i boka Sosialfilosofi i 1982: å analysere på ein «tenksom måte». Det er også ein syntese av Cassirers og Sartres filosofi. Men i ein sterk versjon inneber det å syntetisere å etablere ein samanhengande, konsistent filosofi, som rommar ulike forståingsformer utan å redusere forståings- og forklaringskrafta deira, samstundes som den indre samanhengen mellom omgrep og forståingsformer styrker analysane på dei ulike delområda dei omhandlar. Det finst nok vellukka, om enn omstridde, moderne døme på slike syntesar – som filosofien til Habermas. Og ikkje veit eg, men jammen trur eg, at Østerberg har større gyldigheitspretensjonar enn Habermas.