Forskerforbundet og Unio har tapt på frontfagsmodellen. Det vil dei ha slutt på i vårens lønsoppgjer.
LUKK

Forskerforbundet og Unio har tapt på frontfagsmodellen. Det vil dei ha slutt på i vårens lønsoppgjer.

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

Publisert 10. mars 2022 kl. 12:04

Uansett strategi og samarbeidspartnarar, ammunisjonen som ligg i at høgt utdanna offentleg tilsette har tapt over tid, må brukast for alt han er verd.

Eit nyhendeinnslag på NRK TV i midten av februar tek oss rett inn i problemstillinga: «Alt før lønsforhandlingane startar er to av dei største fagforeiningane usamde om nivået på vårens oppgjer. Unio åtvarar mot manglande rekruttering til læraryrket og sjukepleiarar som sluttar dersom løna ikkje vert heva. LO meiner desse gruppene må stå solidarisk med industriarbeidarane.»

Introduksjonen er eit resultat av godt journalistisk handverk. Komprimert og klår. Konflikten er på plass. Tidleg i innslaget ser vi bilete av industri, av toppar som Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum. Vi er i det beståande, det stabile og frontfagsmodellen – ordninga som inneber at løna i privat sektor legg føringar for kor store tillegg offentleg tilsette kan få. Men så kjem Ragnhild Lied i Unio og øydelegg idyllen. Leiaren for hovudorganisasjonen til Forskerforbundet seier at offentleg sektor treng ei høgare ramme. Ifølgje Lied og Unio er utfordringane at rekrutteringa til læraryrket sviktar og at mange sjukepleiarar sluttar i jobben.

Då spør NRK: «På kva måte er det rettferdig at høgtutdanna og ganske godt lønte sjukepleiarar og lærarar skal få meir i lønsvekst enn til dømes reinhaldarar på sjukehus?» No står vi fritt til å sjå for oss dei som har vaska og sprita som galne under korona. «Løn er eit viktig verkemiddel for å rekruttere og behalde arbeidstakarar. Derfor er vi nøydde til å bruke det no», seier Lied.

Og der har vi Peggy Hessen Følsvik, med eit umiskjenneleg LO-sus av moralsk harme, grepa arbeidsfolk og knyttneven i bordet. LO-leiaren prøver å parkere Unio: «For oss er det viktig å løfte alle grupper, og det greier vi med frontfagsmodellen. (…) For oss er det heilt klart at frontfagsmodellen skal setje rammene for resten av arbeidslivet.»

I motsetnad til Lied og Unio har ho òg med seg ein alliert. Ja, han går i dress, Ole Erik Almlid, men NHO-leiaren er på lag i denne saka: «Vi må sikre at privat sektor har auka konkurransekraft, ikkje svekka. Alle må vere lojale til frontfaget.»

Innslaget fortel mykje om kvifor det nok ein gong vert eit vanskeleg oppgjer for Forskerforbundet. Det viser kor sterke interesser, som òg er legitime, ein konkurrerer med. Eg trur ikkje den gjennomsnittlege forskaren unnar verken sjukepleiaren eller reinhaldaren ei dårleg lønsutvikling.

Lerretet NRK spende opp er reelt. Men det finst fleire lerret å spenne opp, i det minste nye element å tilføre. Så lat meg starte i ein annan ende: lønsutviklinga til høgt utdanna i staten. Det er kjent frå før at den har vore svak over tid. I februar kom førebelse tal frå TBU (Teknisk beregningsutvalg) som endåtil viser at statstilsette fekk ein reallønsnedgang i fjor.

Frustrasjonen var stor i Unio og Forskerforbundet etter det førre lønsoppgjeret i staten. Nok ein gong nådde ein ikkje opp i konkurransen om pengane. Lågtlønsprofilen, som Unios allierte i LO og YS var tente med, gav ikkje utteljing for dei høgare utdanna. Hadde det ikkje vore pandemi, er tipset mitt at det hadde vorte streik. Eg trur raslinga med streikesabelen i år er reell.

Kva skal så Forskerforbundet gjere for å nå opp denne gongen? Korleis ta innersvingen på frontfagskameratane i LO og NHO? Korleis vinne folket no som ein pandemi opplagt har gjeve sympati med yrkesgrupper som lærarar og sjukepleiarar, som i to år etter beste evne har prøvd å dukke unna hostekuler frå elevar og pasientar?

Forskerforbundet prøver å kome på offensiven. Som Forskerforum.no har omtalt i fleire saker sonderer Unio med Akademikerne om eit mogeleg samarbeid i lønsforhandlingane. Dei har til sams at dei organiserer høgare utdanna grupper enn Unios vanlege forbundsfeller i LO og YS.Uansett strategi og samarbeidspartnarar, ammunisjonen som ligg i at høgt utdanna offentleg tilsette har tapt over tid, må brukast for alt han er verd.

Trengst meir argumentasjon? Ja, då kan ein seie: «Kom igjen. Vi byggjer landet.»

  • Les også: