– Forsking på energiteknologi blir sentralt
LUKK

- Forsking på energiteknologi blir sentralt

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 31. mars 2016 kl. 10:27

I desember forplikta Noreg seg til å doble forskingsinnsatsen på berekraftig energiteknologi innan fem år. No spørst det korleis ambisjonane skal setjast ut i livet.

--forsking-p--energiteknologi-blir-sentralt


– Etter klimaforliket er det utvikla sterke forskingsmiljø innanfor rein energi, seier Fridtjof Unander.

Fakta
<

Då verdssamfunnet vart samd med seg sjølv om ein ny klimaavtale i Paris i desember i fjor, låg det i korta at forsking ville måtte spele ei enno meir sentral rolle enn før, men akkurat korleis forskingsmiljøa kan svare på utfordringa, er eit spørsmål med mange moglege svar. Eitt av dei mest konkrete startpunkta er «Mission Innovation», eit initiativ som Noreg har slutta seg til saman med 19 andre land. Kvart av dei 20 landa har som målsetting å doble investeringane i forsking og innovasjon innanfor rein energi i løpet av fem år. Meininga er å forsere utviklinga og tvinge fram dei systemendringane som i dag ikkje går så fort som dei må, skal verda nå klimamålsettingane i Paris-avtalen. Folkerike land som India, Kina og Brasil er med på initiativet

Frå politikk til teknologi

Men kva dette konkret vil seie for norske forskingsmiljø, er framleis under utgreiing. Det fortel direktør i Forskingsrådets divisjon for energi, ressursar og miljø, Fridtjof Unander.

– I motsetnad til sjølve klimaforhandlingane, der mykje skjer nedanfrå og opp ved at kvart land bestemmer kva dei kan bidra med, så starta Mission Innovation med ein avtale på toppnivå, og no må vi finne ut korleis initiativet skal implementerast i praksis, seier han.

– Med Mission Innovation som eitt av dei viktigaste resultata av Paris-møtet, er forsking og teknologiutvikling verkeleg sett på den internasjonale klima-agendaen. Tidlegare har klimaforhandlingane handla mest om å få på plass avtalar som regulerer utslepp, medan utvikling av teknologi for å løyse klimaproblema ikkje har vore i sentrum. Det gjev ikkje minst eit viktig signal til næringslivet, i og med dei enorme marknadsmoglegheitene som ny klimateknologi opnar for.

Byggjer på klimaforliket

Forskerforum har tidlegare skrive om korleis klimaspørsmålet er blitt relevant på stadig fleire fagområde dei siste åra. Med Mission Innovation blir det sett eit spesielt søkjelys på å identifisere og løyse dei spesifikke teknologiutfordringane som hindrar verda i å omstille seg til utsleppsfrie energisystem. I Noreg er det Olje- og energidepartementet (OED) som har ansvaret for å følgje opp initiativet, og Forskingsrådet er saman med departementet involvert i arbeidet med å lage mekanismar for å sikre god koordinering på tvers av landa.

– Ei dobling innan fem år – kor mykje pengar snakkar vi om?

– Då må ein først avgjere kor mykje som blir investert allereie, og det kjem an på korleis ein tel. I våre budsjett utgjorde forsking på miljøvenleg energi kring 800 millionar kroner i 2015, seier Unander.

– Men vi har gode røynsler frå budsjettveksten som kom på dette området etter det første klimaforliket på Stortinget i 2008. Då vart innsatsen innanfor fornybar energi og CO2-handtering auka med 300 millionar kroner to gonger, og det har mellom anna finansiert ordninga med forskingssentera for miljøvenleg energi. Denne budsjettveksten var viktig for å utvikle sterke forskingsmiljø på dette området – som igjen sikrar kompetanse som næringslivet kan nytte seg av.

Må ha noko å fare med

I tillegg til regjeringane i dei 20 landa, har ei rekkje internasjonale investorar, med Bill Gates i spissen, lova å stille opp med risikokapital for å sikre at rein energiteknologi blir levedyktig i marknaden så fort som råd. Leiarskap frå næringslivet er ein sentral del av Mission Innovation-initiativet. Unander fortel at Forskingsrådet opplevde ein sterk auke i forskingsinnsatsen hos næringslivet etter klimaforliket, og trur ikkje det vil mangle gode søknader til dei ekstra millionane som no vil kome.

Medan det er OED som har siste ord når det gjeld korleis den norske innsatsen skal setjast ut i livet, meiner Unander at Forskingsrådet allereie har gode ordningar å kanalisere midlane gjennom, ikkje minst ENERGIX-programmet som finansierer forsking på berekraftig omstilling av energisystemet innanfor alle fagområde og som også har mobilisering av næringslivet som ei kjerneoppgåve.

– Det er ingen tvil om at forsking på energiteknologi kjem til å bli svært viktig i lys av Paris-avtalen, og det internasjonale perspektivet er viktig. Det medfører store potensielle marknader, men då må ein også ha noko å fare med, seier Unander.