Forskingstida som dukka opp
LUKK

Forskingstida som dukka opp

Av Johanne Landsverk

Publisert 9. april 2019 kl. 15:30

Gjøvik-professor søkte ny jobb ved NTNU for å få meir forskingstid. Då viste det seg at han hadde betre vilkår frå før.

FNytilsette professorar og førsteamanuensar ved NTNU får lik tid til forsking og undervisning når andre oppgåver er trekte frå. Dette har ført til at NTNU-tilsette med mindre forskingstid søkjer på utlyste stillingar. Gjøvik-professor Ivar Farup ved Institutt for datateknologi og informatikk ved NTNU er ein av dei.

– Då Høgskulen i Gjøvik (HiG) gjekk inn i NTNU, overtok universitetet alle avtalar og også arbeidskontraktane våre. Eg prøvde å finne ut av kva reglar for forskingstid som ville gjelde for oss, men det greidde eg ikkje å finne ut av. Eg fekk berre høyre at vi som vart innlemma i NTNU, skulle ha dei same vilkåra som vi hadde før, seier han.

– Ville ha ny kontrakt

Farup søkte difor ei stilling som var lyst ut internt på Gjøvik, som var ganske lik den stillinga han allereie hadde.

– Dette gjorde eg for å få ein ny kontrakt, der det ikkje var tvil om kva eg har rett på når det gjeld tid til FoU (forsking og utvikling, journ. anm.). Men etter at eg hadde søkt den nye stillinga, vart det fart i sakene ved fakultetet for å finne ut kva som stod i gamle kontraktar, fortel han.

Det dukka blant anna opp eit formelt dokument på HiG frå 2010.

– Der står det at professorar skal ha 45 prosent tid til forsking, og tilsette i førstestillingar skal ha 35–40 prosent. Det viste seg altså at eg på papiret hadde vel så gode vilkår for forsking som det som er standarden ved NTNU. Så då trekte eg søknaden, seier Farup.

Har hatt rett på meir

Han fortel at det som var praktisert på Gjøvik før fusjonen, var medarbeidarsamtalar med forhandlingar om FoU-tid frå år til år.

– Eg har aldri fått så mykje forskingstid som 45 prosent, men det har eg tydelegvis hatt rett på.

Farup seier at både instituttet og Fakultet for informasjonsteknologi og elektronikk ved NTNU har stadfesta at dei formelle vilkåra han hadde før fusjonen, framleis gjeld.

– Så denne konkrete saka bør vere interessant for alle i professor- og førsteamanuensisstillingar på Gjøvik som har gamle kontraktar frå før fusjonen ved NTNU, meiner han.

  • Les også: