Forstår UiB-leiinga at dei tilsette heng etter i lønnsutviklinga?
LUKK

Forstår UiB-leiinga at dei tilsette heng etter i lønnsutviklinga?

Av Steinar Vagstad, Forskerforbundet ved UiB

Publisert 19. mars 2018 kl. 09:06

– Ved UiB skjer det relativt lite lønnsvekst utanom det som kjem ut av dei sentrale lønnsforhandlingane, for resten av staten er dette annleis, skriv Steinar Vagstad, leiar i Forskerforbundet ved UiB.

I eit oppslag i Forskerforum (15.3) har universitetsdirektør Kjell Bernstrøm kommentert mitt innlegg i På Høyden (9.3) om manglande lønnsutvikling ved UiB. Bernstrøm kan sjølvsagt ha blitt feilsitert, men dei tre tinga han er sitert på liknar på ting som han har gitt uttrykk for tidlegare, så eg legg til grunn at han er korrekt sitert. Her kjem dei tre sitata, med mine kommentarar:

”Lønnsdannelsen skjer jo i de sentrale lønnsforhandlingene. De lokale lønnsforhandlingene er relativt marginale, og rammen for lokale oppgjør er gitt sentralt.”

– Reknestykket er verkeleg ikkje komplisert, skriv Steinar Vagstad, leiar i Forskerforbundet ved UiB. Foto: UiB

Det som er rett er at mykje av lønnsdanninga skjer i dei sentrale lønnsforhandlingane, og at ramma for lokale oppgjer ofte er gitt sentralt – ein del statlege verksemder legg til eigne pengar i potten til lokale forhandlingar. Når tala frå UiBs eige lønnsregister viser at tilsette ved UiB har svakare lønnsutvikling enn gjennomsnittet i staten, så betyr dette at ein del av lønnsdanninga skjer på andre måtar enn det Bernstrøm beskriv. Dette er kjerna i mitt argument: ved UiB skjer det relativt lite lønnsvekst utanom det som kjem ut av dei sentrale lønnsforhandlingane, for resten av staten er dette annleis. Nettopp derfor blir vi hengande etter, kvart år.

”I alle de årene han [Vagstad] referer til er hele lønns- og prisvekstkompensasjonen fordelt ut.”

Her meiner nok Bernstrøm at UiB har brukt dei tildelte pengane på lønn. Dette er sikkert riktig, men det er ikkje relevant for kor stor lønnsveksten blir. Om UiB bruker 80 millionar kroner som var tiltenkt lønnsvekst på å tilsette fleire folk (eller på andre ting for den del), så blir ”hele lønns- og prisvekstkompensasjonen fordelt ut”, men dei tilsette blir hengande etter i lønnsutviklinga.

Han [Bernstrøm] sier også store deler av lønnsveksten skjer ved at ansatte skifter stilling. For eksempel har førsteamanuensiser som er blitt professorer i løpet av perioden betydelig høyere lønnsvekst enn det som framkommer i denne undersøkelsen. Bernstrøm savner dette i Vagstads regnestykke.”

Det eg har rekna på er utviklinga i gjennomsnittslønn ved UiB, og samanlikna denne med utviklinga i gjennomsnittslønn i resten av samfunnet. Reknestykket er verkeleg ikkje komplisert. Det er same metode andre (for eksempel SSB) bruker når dei reknar ut gjennomsnittslønn og lønnsvekst i ulike næringar, yrker og sektorar frå år til år. Bak gjennomsnittet finn vi naturleg nok folk som har hatt betre lønnsutvikling enn gjennomsnittet – for eksempel fordi dei har fått stillingsopprykk eller ny jobb – og andre som har hatt dårlegare lønnsutvikling. Og gjennomsnittet består av litt ulike personar på ulike tidspunkt: nokre arbeidstakarar sluttar, medan andre kjem til. Det kan vere greit å minne om at karriereutvikling i form av opprykk og jobbskifte ikkje er noko som berre skjer ved UiB, men noko som skjer i alle sektorar og alle verksemder – ein blir ikkje oberst i hæren eller seniorrådgjevar i eit departement som nyutdanna, for å ta eit par eksempel frå staten. Det er uklart for meg kva Bernstrøm saknar i reknestykket.

Eg vil presisere at å bruke 80 millionar av budsjettets lønnskompensasjon på andre ting enn lønnsvekst ikkje er ulovleg. Men det er provoserande at rektor Olsen (som er besynderleg stille i denne saka) og universitetsdirektør Bernstrøm ikkje eingong vil innrømme kva dei gjer. Og det er deprimerande viss grunnen er at dei ikkje forstår det – det er ikkje vanskeleg å rekne ut gjennomsnittleg lønnsvekst når ein har eit komplett lønnsregister. Viss de ikkje trur på mine utrekningar kan de jo kontrollrekne sjølv?

  • Les saka: