Forvirrande om Romarriket
LUKK
Annonse
Annonse

BOKMELDING

Forvirrande om Romarriket

Av Lars Nyre

Publisert 7. desember 2012 kl. 09:17

Kan ein kopla leiarskap i Romarriket til moderne leiingsforsking og psykologi?

forvirrande-om-romarriket

Fakta
<

Boka tek for seg måten leiarskap vart utøvd på i Romarriket, og ynskjer å kopla dette til moderne leiingsforsking og psykologi. Forfattarane er alle tre tilknytte BI, og driv seminarverksemd gjennom firmaet B&E.

Dei meiner at ei god historie er eit maktmiddel, og at leiarane i gamle dagar kanskje var flinkare til å engasjera gjennom forteljing. Roma Victrix tyder «det sigrande Roma», og boka skildrar leiarskapet til sterke menn i Romarriket frå 80-talet til 30-talet før Kristus. Dette er ein spennande periode, då Sulla, Cicero, Julius Cæsar, Pompeius, Octavian og mange andre kjempa om makta. Desse skikkelsane hadde ulike verdisyn, handlemåtar og strategiar som boka forsøker å skildra.

Her er det meininga at boka skal gje lærdom og innsikt for dagens leiarar. Dersom dei lærer seg å fortelja gode historier, kan dei engasjera staben til felles innsats, og slik også bygga verdiar internt i verksemda.

Leiingsteorien er det svakaste trekket ved boka. Me får høyra engasjerande historier frå Romarriket, men får ikkje forklart korleis ein reint praktisk skal kunna fortelja liknande historier i det 21. hundreåret. Sidan romartida har det dessutan vore både modernisering, digitalisering og globalisering utan at forfattarane legg vekt på slikt.

Boka utforskar mange forteljeteknikkar på ein original måte. Kvart kapittel tek for seg éin person og er skriven i ein passande sjanger. Cicero sitt oppgjer med Catilina vert skriven som dreieboka til ein TV-dokumentar, drapet på Cæsar som ei krimhistorie, og livet til Pompeius vert skildra som ein tragedie (han tapte kampen med Cæsar og vart drepen på flukt). Liva til desse mennene var så dramatisk at historia nesten fortel seg sjølv, og det er tidvis ein fryd å lesa.

Både forfattar og forlag skulle tatt nokre klarare val.
 

Men alt i alt er Roma Victrix for rotete både i utsjånad og struktur. I form er dette ei såkalla coffee table-bok som må lesast på ei bordplate, og ho har store firefarga sider med illustrasjonar i tillegg til den løpande teksten. Lesaren vert stadig lokka til å kvila blikket på dei fantastiske maleria, statuane og bygningsruinane som er smakfullt reproduserte. Sjølv om det er vakkert, så bryt dette opp flyten i boka, og hovudteksten vert nesten borte i alt mylderet.

Både forfattar og forlag skulle tatt nokre klarare val. For det fyrste skulle det enten vore ei praktbok med meir forklaring og analyse av alle dei vakre illustrasjonane, eller ei meir fagleg bok med forsiktig bruk av illustrasjonar. For det andre skulle boka hatt eitt tema, i staden for tre som no. Den handlar om både leiingsstrategi, antikk historie og forteljeteknikk. Denne haglbørse-strategien gjer at ingen av temaa kjem ordentleg i fokus.

Roma Victrix kostar 698 kr, og det er ganske dyrt. Men eg tippar at boka kjem til å selja godt i marknaden for julebøker. Ei fargerik bok om Romarriket er den perfekte gåva til staben og gode kundar. Uansett kva grunn dei hadde, så gjorde forfattarane ein fagleg feil ved å presentera eit så interessant tema i ei så forvirrande form.