– Har rett på signering av fagartiklar
LUKK
Annonse
Annonse

– Har rett på signering av fagartiklar

Av Johanne Landsverk

Publisert 8. februar 2018 kl. 06:55

– Å gøyme bort artiklar verkar berre dumt. Eg er overraska over at slike saker i det heile kjem opp, seier professor Olav Torvund.

Då Forskerforum skreiv om at dei tilsette ved Arkivverket ikkje fekk signere fagartiklar som er publiserte på den nye nettsida, kom det sterke reaksjonar. Først etter at saka kom opp i opphavsrettsutvalet til Forskerforbundet, måtte leiinga gjere retrett. Men då ville ikkje leiinga ha fagartiklar på nettet lenger. Dei kom med forslag om å opprette eit nytt nettforum for signerte fagartiklar og forsking.

«God skikk»

– Eg klarer ikkje å sjå nokon grunn til at Arkivverket ikkje vil ha signerte fagartiklar på nettsidene, seier professor Olav Torvund, som er leiar for opphavsrettsutvalet til Forskerforbundet.

Ifølgje loven har ein artikkelforfattar krav på å bli namngitt, «som god skikk tilseier».

– Dette er ein rett ein ikkje kan fråskrive seg, anna enn i avgrensa tilfelle. Eg ser ingen grunn til at dette kan gjelde fagartiklar på nett, seier Torvund.

Generell informasjon på vegner av institusjonen er vanlegvis ikkje signert, men fagartiklar er noko anna.

– I akademia vil signerte artiklar kunne vere avgjerande for karrieren. Men også for mange andre, som for eksempel journalistar, er det viktig å vise til kven som har skrive ei sak.

– Eg ser ingen grunn til at Arkivverket ikkje vil ha signerte fagartiklar på nettsidene, seier Olav Torvund. Foto: Kjetil Ree/Wikipedia

Merkevarebygging

Torvund seier nokre institusjonar kan bli svært opptekne av å drive merkevarebygging.

– Dei vil profilere institusjonen, og ikkje folka. Men eg kan ikkje forstå at ein institusjon vil at medarbeidarar som skriv artiklar, skal vere anonyme.

Torvund reagerer også på forslaget om å ta bort artiklane og heller opprette eit forum utanfor nettsida med plass for signerte fagartiklar.

– At signerte artiklar bli gøymde bort på denne måten, verkar berre dumt.

Kan signere etter avtale

Kulturminister Trine Skei Grande fekk skriftleg spørsmål i Stortinget frå Kjersti Toppe i Senterpartiet (Sp) om saka. Toppe lurte på kva Grande synest om at fagartiklar på nettsidene i Arkivverket skal vere usignerte, noko dei tilsette meiner er ein hån mot dei som har klassisk arkiv- og historiefagleg bakgrunn. I svaret sitt viser kulturministeren til artikkelen i Forskerforum, der Riksarkivaren seier at fagartiklar som blir publiserte på Arkivverkets nye nettsider, kan underteiknast etter avtale med nettredaktøren.

Ministeren skriv at: «Hensikten med Arkivverkets nye nettsider er først og fremst betjening av brukerhenvendelser, med selvbetjente løsninger og veiledninger». Men ho føyer også til: «Det er viktig at så vel arkivrettet som historierettet forskning publiseres som en del av Arkivverkets formidling.»

Les mer: