Heimekontor: Fullt møblert for tilsette ved Oslomet
LUKK

Heimekontor: Fullt møblert for tilsette ved Oslomet

Av Johanne Landsverk

Publisert 1. september 2020 kl. 22:39

– Det er på høg tid å få heimekontorordninga inn i ordna former, meiner Forskerforbundet. Ved Oslomet får alle som vil, levert nye kontormøblar på døra.

– Det første eg gjorde i haust, var å be om meir utstyr, både stor skjerm, tastatur og kamera. Ved IT-avdelinga har dei vore veldig serviceinnstilte, og det gjekk raskt å få dette på plass, seier Elisabeth Gording Stang, jussprofessor ved Oslomet. Heile våren dreiv ho undervisning og forsking bøygd over den vesle pc-en sin i ein krok på soverommet.

– Det kunne ikkje fortsetje slik. For to veker sidan bestilte eg også ny stol og regulerbart arbeidsbord, seier Stang.

Heimekontor som hovudregel

Med koronasmittefaren hengande over oss, er heimekontor blitt den nye normalen for mange tilsette i akademia. Ved Oslomet er hovudregelen at dei tilsette framleis skal arbeide heimanfrå. Svært mange er avhengige av kollektivtransport til jobben, og for å ikkje belaste kollektivtrafikken i Oslo, skal heimekontoret vere den primære arbeidsstaden. I førre veke vart det difor bestemt at alle som ønskjer det, skal få arbeidsstol og hev- og senkbare bord på heimekontoret, i tillegg til skjermar og anna teknisk utstyr.

– Vi prøver å legge til rette for alle tilsette, seier Asbjørn Seim, direktør i Divisjon for digitalisering og infrastruktur. Han seier det framleis er mogleg å kome på kontoret.  

– Dei som har for liten plass til å jobbe heime, må vere på kontoret. Men berre halvparten kan vere til stades samtidig, seier han.

Kven betaler husforsikringa?

Erik Dahlgren, som er hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved Oslomet, seier det har vore ein grei dialog med arbeidsgjevaren om nødvendig utstyr.

– Då koronakrisa kom i vinter, skjønte vi raskt at folk måtte få frakta heim både skjermar, hovudtelefonar og anna teknisk utstyr for å kunne gjennomføre arbeidsdagen. Arbeidsgjevar var med på notane med ein gong.

Universitetet har avtale med eit flyttebyrå, og utstyret blir køyrt heim til dei som ikkje kan hente sjølv.

Pål Andresen i firmaet Relokator flyttar møblar heim til tilsette ved Oslomet. I dag skal han levere ein pult til eit heimekontor på Grünerløkka. Foto: Jørgen Svarstad

Dahlgren seier det ikkje har vore diskutert andre former for kompensasjon.

– Men heimekontor kan også føre til andre utgifter, blant anna om det oppstår skader på arbeidsgjevarens utstyr. Eg kjenner til ein som hadde fått med seg heim ein defekt ladar, noko som førte til at det begynte å brenne i huset. Då kan ein jo spørje kven som skal betale forsikringa.

– Må diskutere kompensasjon

Guro Lind, leiar i Forskerforbundet, er oppteken av å få heimekontorordning inn i ordna former.

– Om arbeidsgjevar meiner at arbeidstakarane er pliktige til å stille heimane sine til disposisjon, må vi ha ein diskusjon om korleis ordninga skal innførast og kompenserast.  Arbeidsgjevarane må ta inn over seg at arbeidsmiljølova gjeld også for heimekontor. Dette vart hoppa litt bukk over på vårparten, då arbeidstakarane gjorde sitt beste for å ting til å gå rundt.

– Arbeidsmiljølova gjeld også på heimekontoret, seier Guro Lind. Foto: Aksel Kjær Vidnes

Lind meiner det er på høg tid å løfte fram ein overordna diskusjon om kompensasjon.

– Vi veit at mange har glede av heimekontorordninga og fleksibiliteten dette gjev i kvardagen. Men når koronasituasjonen har ført til at svært mange framleis jobbar heime, må dette inn i ordna forhold. Mange bur i store byar, kanskje jobbar dei på mellombels kontraktar med ei lønn som ikkje strekker til på bustadmarknaden. For denne gruppa kan heimekontor vere ekstra utfordrande, særleg om ein også har familie på liten plass og skal drive digital undervising heimanfrå. 

– Plikt til å ta vare på arbeidstakarane

Ho viser til at ved nokre institusjonar har tilsette fått beskjed frå arbeidsgjevaren om at det er ønskeleg å arbeide heimanfrå.

– Det ein kan slå fast, er at arbeidsgjevar har plikt til å ta vare på arbeidstakarane og det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet også på heimekontoret, seier Lind.

– Arbeidsgjevar må skaffe alt av utstyr og sørgje for at det er mogleg å oppretthalde formelle og uformelle møteflater. Og dei tilsette må få nok tid til å løyse alle arbeidsoppgåvene og å utvikle digital kompetanse. Her er det viktig at partane lokalt snakkar saman for å finne gode løysingar, seier ho.

UiO vurderer individuelt

Universitetet i Oslo (UiO) har ei ordning der heimekontor blir avklart mellom den tilsette og nærmaste leiar. Smittevernreglar og ønsket om å redusere talet på reisande i kollektivtrafikken står sentralt i vurderinga av om dei tilsette skal jobbe heimanfrå eller være til stades på arbeidsplassen.

– Vi ønsker at arbeidsforholda skal vere trygge og forsvarlege for dei tilsette. Det er også viktig å balansere dei individuelle ønska til kvar enkelt opp mot verksemda sine behov for å ha tilsette fysisk til stades, skriv personaldirektør Irene Sandlie til Forskerforum.   
Men i motsetnad til ved Oslomet blir det ved UiO gjort ei individuell vurdering av kva behov for ergonomisk utstyr eller IT-utstyr til heimekontor som er nødvendig å få dekt.

– Dette blir gjort i dialog mellom den tilsette og næraste leiar. Vi har også tilrettelagt for at tilsette kan låne med seg utstyr frå kontoret heim.

– Sårbart med heimekontor

Elisabeth Stang ved Oslomet synest dei psykologiske og helsemessige sidene med heimekontor er dei tøffaste.

– Eg blir sliten av alle møta på skjermen, og eg blir sliten av å ikkje møte studentane «live». Gleda over å undervise er ikkje den same på Zoom. Så sjølv om ein får aldri så mykje utstyr, må ein vere merksam på langtidsverknader og slitasje.

Ho er også oppteken av at skiljet mellom jobb og privatliv blir utviska.

– Vi forskarar er vane med å jobbe heimanfrå. Dette er heilt greitt for kortare periodar i ein normalsituasjon der resten av familien er ute av huset. Men om ein har heimekontor og opplever krevjande ting i privatlivet, er ein ekstra utsett. I ein slik situasjon kan det vere ei avlastning å kome bort frå heimen og gå på jobb. Det er noko sårbart med heimekontorsituasjonen som ikkje har vore snakka om, seier ho.

No ventar Stang på at flyttebyrået kjem på døra med dei nye møblane.

– Eg har ikkje eit eige rom i huset til kontor. Så for å vere ærleg, må eg nok ommøblere og kanskje selje ein sofa!

  • Les også: