– Henrik Asheim er imponert over kor raskt forskarane omstilte seg. Kva hjelper det?
LUKK
Annonse
Annonse

– Henrik Asheim er imponert over kor raskt forskarane omstilte seg. Kva hjelper det?

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

Publisert 7. juni 2021 kl. 08:46

Frustrasjon over lønsgapet til privat sektor, vart god ammunisjon før lønsoppgjeret i staten. Dersom han berre hadde fungert.

Henrik Asheim har sett forskarane under pandemien. Han har gong på gong sagt at han er imponert over kor raskt dei omstilte seg då koronaen nådde landet. Kva hjelper det? Som statsråd for forsking og høgare utdanning, kan Asheim kan klappe på skuldra, men som statsråd for forsking og høgare utdanning passar han ikkje pengesekken til lønsmottakarane på golvet i akademia. Ja, det finst eit golv der. Alle dei akademiske lausarbeidarane er ekstra utsette – og ekstra ekstra utsette under pandemien. Ein stor del av stipendiatane har vorte kraftig forseinka i arbeidet og veit ikkje korleis dei skal kunne kome i hamn. Heller ikkje gjennom revidert nasjonalbudsjett i mai fekk dei auka løyvingar til å takle utsettingane.

Premissa for lønsoppgjeret i offentleg sektor vart klare i vinter. TBU (Teknisk berekningsutval) reknar ut korleis lønsutviklinga det siste året har vore og stipulerer korleis prisveksten vert i noverande år. Ifølgje TBU auka snittløna i industrien med om lag 2,2 prosent i 2020. Dette var langt meir enn snittet for tilsette i staten (1,7 prosent), og held ein Forsvaret utanfor reknestykket, var lønsauken der på berre 1,5 prosent. Ikkje nok med det: Ramma for lønsoppgjeret i industrien i fjor var på 1,7 prosent. I tråd med den norske frontfagsmodellen skal lønsoppgjeret i industrien over tid gjeve retning for oppgjera i offentleg sektor. Logikken er at norske verksemder skal kunne konkurrere internasjonalt. Dersom norske løningar går opp, vil prisane gå opp, noko som i neste omgang vil drive opp løningane uavhengig av sektor. At offentleg sektor i praksis hadde teke ansvaret på alvor, medan privat sektor – gjennom andre lønstillegg enn dei som var avtalte i hovudoppgjeret – auka snittløna, førte til oppgittheit og sinne blant offentleg tilsette. «Vi våkner til at industrien har spist kake som de har gjemt unna», spissformulerte Forskerforbundet-leiar Guro Elisabeth Lind i Forskerforum.

I opptakten til lønsoppgjera i offentleg sektor, var denne nylege historikken utmerka som ammunisjon for fagrørsla. Men fyrst måtte arbeidstakarane i stat og kommune vente på årets private oppgjer og høyre på den vanlege maninga om moderasjon frå NHO-toppane, i år attpåtil med pandemien som instrument for tøyling av lønsmas: «Tenk på alle permitteringane. Tenk på dei arbeidslause.» TBU stipulerte ein prisvekst i år på 2,8 prosent, og resultatet i privat sektor vart ei ramme på 2,7 prosent, altså ligg det an til ein liten reallønsnedgang, med mindre dei et muffins på bakromet i år òg.

Unio, hovudorganisasjonen til Forskerforbundet, kravde reallønsvekst for alle tilsette i staten, altså minst 2,8 prosent tillegg. «For staten er det viktig å holde seg til frontfagsrammen, som er på 2,7 prosents årslønnsvekst», sa kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) til NRK då brotet var eit faktum i både stat og kommune. Fagforeiningsleiarane kvesste retorikken, og i slutten av mai var det tid for mekling.

Innestengde og koronaklarerte sat partane der med Riksmeklaren, inn i natta, slik ein skal. Flaskene med antibac var lettare tilgjengelege enn ekstra midlar frå staten. Det vart neste ettermiddag før resultatet var klart. Partane var nok nøgde med å unngå streik, men for arbeidstakarane var resultatet lite å feire, så å seie status quo frå kva dei kunne ha oppnådd før det kom til mekling. «Vi er skuffet over at vi ikke nådde lenger, og vi er skuffet over at staten ikke ville strekke seg lenger», sa forbundsleiar Lind til Forskerforum rett etter at avklåringa var på plass. Streiken var ikkje langt unna, og for kommunetilsette gjekk det den vegen. I skrivande stund streikar Unio og Forskerforbundet i kommunesektoren.

Så der står vi – med uløyste problem for mange stipendiatar og ein liten reallønsnedgang i vente. Men skulderklappen? Den er gratis. Den står ved lag.

Forskerforum kjem med neste blad i starten av september. Les Forskerforum.no – og ha god sommar!

Les også: