Høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda
LUKK

Høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda

Ved Høgskulen i Volda er det ledig fast stilling som høgskuledirektør. Den nye direktøren tek til snarast råd.

Høgskuledirektøren har saman med vald rektor ansvaret for den daglege leiinga av institusjonen og har styret for høgskulen som næraste overordna instans.

Høgskulen i Volda har ei spennande utvikling dei siste åra med mange nye og planlagde studietilbod på alle nivå og på auke i tal tilsette og studentar. Høgskuleområdet er attraktivt og i sterk utvikling både i regi av høgskulen og i samarbeid med andre.

Høgskuledirektøren er øvste leiar for den samla administrative verksemda ved høgskulen, inkludert økonomi- og personalansvar. Vi har om lag 100 høgt kompetente administrativt tilsette i høgskulens fellesadministrasjonen og på avdelingane. Fellesadministrasjonen er samansett av: Studieadministrasjonen, Forskingsadministrasjonen, Biblioteket, Økonomi og eigedom, Personal og dokumentforvaltning, IT og Kommunikasjon. Direktøren skal – saman med leiarane for desse einingane og administrasjonssjefane på avdelingane – syte for ein god og effektiv administrasjon. Viktige oppgåver blir å vere ein pådrivar for digitalisering, prosessforbetring og campusutvikling.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til
Johann Roppen, rektor, tlf 47 28 64 23, e-post: johann.roppen@hivolda.no eller
Karen Lomeland Jacobsen, høgskuledirektør, tlf 99 57 57 44.

Søknadsfrist: 22. august 2022.

Søk på stillingen