«I år er arrangementa i samband med fadderveka viktigare enn nokon sinne»

«I år er arrangementa i samband med fadderveka viktigare enn nokon sinne»

Av Caroline Erviksæter, leiar Forskerforbundet Student og masterstudent

Publisert 15. august 2020

Fadderveka høyrer studiestarten til, skriv leiar Caroline Erviksæter i Forskerforbundet Student.

I år er arrangementa i samband med fadderveka viktigare enn nokon sinne. Det norske folk har heldt avstand til kvarande sidan i mars, og mange har ufrivillig vore utan sosial kontakt på same måte som før.

Caroline Erviksæter

Fadderveke arrangørane og utdanningsinstitusjonane har planlagt arrangement og sosialt samvær med alle nye studentar. Det har vore nøye planlegging med omsyn til regelverket for tiltak, for å hindre Covid 19 smitte.

At nokon av studentane ikkje føl regleverket må ikkje skuldas arrangørane. Uansett om det er studentar eller godt vaksne på ferietur som ikkje føl reglane, er dette eit eige ansvar som kvar enkelt har.

For å få den beste starten på studietida er det viktig å knyte kontakt og venskapsband mellom nye og etablerte studentar, kontaktar og band som er viktig for å fullføre studiane. Det er avgjerande for å unngå at nokon kan falle utanfor, også for den psykiske helsa til kvar enkelt.

Det er difor viktig at tradisjonen med fadderveka vert oppretthalden. Studentar må skjerpe seg å følgje til ei kvar tid gjeldande reglar rundt smittevern slik at ein unngår slike episodar som ein har sett i media i den siste tida. Det er fult mogeleg å oppretthalde sosial kontakt dersom ein tenkjer smittevern. Vask hendene – hold 1 meters avstand. Ha spriten på hendene å ikkje i magen.

  • Les også: