Instituttleder ved kjemisk institutt

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instituttleiar

Ved Kjemisk institutt er det frå 1. januar 2020 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar for fire år. Vi søkjer ein engasjert leiar som kan vidareutvikle og leie den totale aktiviteten til instituttet innan forsking, utdanning, innovasjon og formidling. Instituttleiaren inngår i fakultetet si leiargruppe.

Om instituttet

Fakultetet bidrar til ny og grunnleggjande vitskapleg innsikt og til ei god framtid for menneske, miljø og samfunn. Kjemisk institutt står spesielt sentralt i utforminga og realiseringa av fakultetet sine høge ambisjonar innan profilområdet Energiomstilling samt utviklingsområda Molekylær livsvitskap og Nanovitskap. Instituttet leverer forsking på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå i samarbeid med nasjonale og utanlandske partnarar. Kjemisk institutt er vertskap for den nasjonale NMR-plattformen, NNP.

Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå innan kjemi og bidreg sterkt til studieprogramma i nanoteknologi og -vitskap, energi, prosess- og petroleumsteknologi, lærarutdanninga, farmasi og medisinsk teknologi. Den internasjonale orienteringa av utdanninga viser seg ved at BSc-studiet i kjemi har EuroBachelor -godkjenning, og at instituttet tilbyr ein europeisk joint master degree i analytisk kjemi.

Instituttet har vel 70 tilsette og disponerer om lag 70 millionar kronar over universitetet sitt grunnbudsjett i 2019, i tillegg til ein ekstern portefølje på om lag 24 millionar kronar.

Nærare opplysningar om Kjemisk institutt kan ein finne på instituttet si heimeside.

Om stillinga

Det vil vere ei viktig oppgåve for instituttleiar å bidra til å posisjonere kjemifaget ved institusjonen slik at Universitetet i Bergen styrker si rolle innan dette feltet, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Som del av dette, er det ei viktig oppgåve å leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering. 

Instituttleiar eit overordna ansvar for den samla verksemda ved instituttet og resultatansvar for forsking, utdanning, formidling og innovasjon samt overordna personal-, HMS- og budsjettansvar. Instituttleiar rapporterer til dekan, inngår i fakultetet si leiargruppe og leiar instituttrådet.

Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å

  • leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet og god balanse mellom  utdanning, forsking, formidling og innovasjon, i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen.
  • representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid.
  • bidra til utviklinga av fakultetet.
  • stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering.
  • skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø.
  • leggje til rette for at prosessar er baserte på medverknad.
  • sørgje for tenlege infrastruktur, tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda.
  • sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar.

Vi søkjer ein instituttleiar som

  • har gode leiareigenskapar, dokumenterte resultat frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiing.
  • er ein internasjonalt anerkjent forskar med professorkompetanse innan eitt av fagområda ved instituttet.
  • har evne til å sette mål og arbeide strategisk for instituttet.

I tillegg vert det lagt vekt på

  • god forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom.
  • ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog.
  • gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit internt og eksternt.
  • leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475)
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Det vert stilt ressursar til rådvelde for at instituttleiaren kan oppretthalde eigen forskingsaktivitet

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få frå dekan Helge K. Dahle, telefon +47 55 58 48 56 / e-post helge.dahle@uib.no, eller fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 55 58 81 98 / e-post Elisabeth.Lysebo@uib.no.

Alle spørsmål blir handsama konfidensielt.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stillinga i meir enn to åremålsperiodar.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Send søknad, CV, attestar og vitnemål elektronisk ved å klikke på knappen merkt ”SØK STILLINGA” på denne sida.

Søknadsfrist: 16. juni 2019

SØK STILLINGA