Kan det verkeleg gå mot slutten for teljekantane?
LUKK

Kan det verkeleg gå mot slutten for teljekantane?

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

Publisert 1. april 2022 kl. 15:02

Det er herleg å kunne kritisere teljekantordninga fritt utan å vere ein surpomp. Kva kan vi vinne og tape på ei fjerning?

I mars kom eit ekspertutval med framlegg om å kutte kraftig i teljekantordninga. Ikkje minst vil utvalet fjerne publiseringsindikatoren – ordninga som gjev utteljing for å offentleggjere forsking etter eit nivåsystem. Ho har truleg medført at publiseringa har auka, men har vore djupt kontroversiell. To av motargumenta veg tungt.

Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

For det fyrste kan publiseringspoenga pervertere ved at ein tilpassar seg strategisk. Det gjeld ikkje å publisere den fyldigaste, klokaste artikkelen som det tok mange år å skrive, men den som hadde akkurat nok nytt ved seg til å kome inn i tidsskriftet. Helst på nivå 2 då, sjølvsagt, som tel mest. For det andre har ei ordning som var meint brukt på institusjonsnivå i høgste grad verka på individnivå. Einingar ved universitet har til dømes sett normtal for kor mange publiseringspoeng ein forskar bør sanke på eit år. Eg spør varsamt: Skapar det tillit og styrkar langsiktig tenking?

Utvalet går inn i ein større samanheng, som er om lag slik: Siri Hatlen har leia utvalet som har gjennomgått finansieringa av universitet og høgskular. Utvalet vart sett ned i fjor haust som ei oppfølging av ei stortingsmelding om styring av desse institusjonane. Henrik Asheim (H), dåverande statsråd for forsking og høgare utdanning, prenta inn at målet var «å styre mer i det store og mindre i det små». Det er ikkje det dummaste han har sagt.

Intensjonane om å trappe ned på rapporteringa lever vidare hjå etterfølgjaren. Då Ola Borten Moe (Sp) fekk rapporten av Hatlen, sa han: «Vi vil gi de ansatte på universitetene og høyskolene tillit og tid til å konsentrere seg om kjerneoppgavene sine, som er å drive utdanning og forskning av høy kvalitet. De skal ikke måtte bruke mye tid på rapportering og firkantet byråkrati». Hatlen meiner å observere om lag det same som statsrådane. I dette sitatet frå overleveringa hoppar vi opp på institusjonsnivået: «Mange og detaljerte finansieringsindikatorer gjør at virksomhetene lett blir veldig tilpasset systemet, og derved bruker for mye tid og krefter på det som premieres.»

Utvalet tek altså Asheim på ordet i «å styre i det store». To av verktøya dei vil bruke meir aktivt enn i dag er langtidsplanen for forsking og høgare utdanning og utviklingsavtalar med universitet og høgskular. Korleis oppnå eit differensiert utdanningstilbod som står i samsvar med kva landet treng? Utvalet svarar òg på initiativet om å gjere arbeidslivsrelevans til ein indikator. Les: Skal det gje økonomiske utteljing å utdanne kandidatar som seinare får relevant jobb? Og svaret er nei.

Utvalet vil ikkje fjerne alle indikatorar, og her ligg det an til diskusjon. Dei tilrår at det framleis skal løne seg å «produsere» studiepoeng og uteksaminere doktorgradskandidatar. Det har vorte ei sanning i universitets- og høgskulesektoren at «insentiv verkar», dei får folk og institusjonar til å endre åtferd. Då kan vel den maniske teljinga flytte seg over til det som framleis ifølgje utvalet skal gjelde – nemleg undervising? Utvalet prøver å parere innvendinga på førehand: «Kulturen for vitenskapelig publisering er sterkt innarbeidet, og publikasjoner er sentralt for den individuelle meritteringen uavhengig av finansieringssystemet. Med den høye forskningsproduksjonen i Norge vil et eventuelt noe mindre fokus på kvantitet ikke nødvendigvis være en stor ulempe.»

Borten Moe kunne ikkje på staden slutte seg til tilrådinga om å droppe publiseringspoenga, men var samd i den overordna tenkinga til utvalet. Rapporten skal no på høyring, og statsråden vonar å konkludere til hausten. Inntil då – det er herleg å kunne kritisere teljekantordninga fritt utan å vere ein surpomp. Kva kan vi vinne og tape på ei fjerning?

Til slutt: Det ligg snublande nær å trekkje inn tillitsreforma i offentleg sektor, eitt av valløfta til Ap og Sp. Nokre av stikkorda for den varsla reforma er mindre rapportering, mål- og resultatstyring. Så kan de vere så snille å sjå finansieringa i samanheng med dette, ja i det heile få fart på reforma?

Les også: