Kritiserer NIBIOs styreleiar
LUKK
Annonse
Annonse

Kritiserer NIBIOs styreleiar

Av Forskerforum

Publisert 16. august 2016 kl. 10:28

Tidlegare direktør Alvhild Hedstein i NIBIO kjente seg overkøyrd av styreleiaren og landbruksministeren. Det var grunnen til at ho slutta på dagen, hevdar ho.

På forsommaren vedtok styret i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) å leggje ned forskingsaktiviteten på Kvithamar i Stjørdal og i staden byggje opp ny aktivitet i Steinkjer. Vedtaket vart gjort fordi nedlegging av aktiviteten på Kvithamar var ein av føresetnadene då Landbruks- og matdepartementet (LMD) avgjorde å etablere NIBIO gjennom fusjon av tre landbruksfaglege forskingsinstitutt.

Styrevedtaket førte til at dåverande direktør i NIBIO, Alvhild Hedstein, gjekk av på dagen. I dag fortel ho til Klassekampen at ho fekk nok då styreleiar Victor D. Norman, som først hadde arbeidd saman med henne om å få departementet til å endre meining, snudde og gav etter for presset frå departementet.

– Landbruksdepartementet driver en uakseptabel detaljstyring av forskningsinstitusjonen. For meg var begeret fullt da styrelederen snudde og presset gjennom vedtak om avvikling av Kvithamar og oppbygging i Steinkjer uten noen forbehold, og uten den økonomiske inndekning han selv hadde bedt om, seier Hedstein til Klassekampen.

Styreleiar Victor Norman seier til Klassekampen at han beklagar at Hedstein gjekk av, men då landbruks- og matminister Jon Georg Dale i eit møte gjorde det klart for han at departementet som eigar av NIBIO forventa at avgjerda om nedlegging av Kvithamar skulle følgjast opp, hadde ikkje styret anna val.

– Dette måtte jeg som styreleder forholde meg til. Alternativet var at styret gikk av. Men siden styret kjente til vedtaket om å avvikle Kvithamar da vi tiltrådte sommeren 2015, var det ikke grunnlag for å trekke seg, seier han til Klassekampen.

Eitt av måla med å etablere NIBIO, var at instituttet skal levere kunnskap om landbruksutvikling i eit klimaperspektiv, og vere ein drivkraft i den «grøne omstillinga». Men dei faglege vurderingane som er gjort, peikar på at nedlegging av Kvithamar vil føre til det motsette. Hedstein fortel til Klassekampen at ho var innstilt på å følgje opp vedtaket frå LMD om å styrke aktiviteten i Steinkjer, men at det kunne gjerast utan å leggje ned forskingsfelta på Kvithamar.

– En oppbygging i Steinkjer kan gjøres uavhengig av aktiviteten på Kvithamar, og Kvithamar er viktig også inntektsmessig for hele Nibios jord- og plantekulturforskning. Men vi kom ingen vei, selv om vi på bestilling fra departementet laget konsekvensutredning som viste at avvikling av Kvithamar ikke kunne anbefales, verken faglig eller økonomisk. Denne har statsråden unnlatt å kommentere da han i juni svarte på et spørsmål om saken til Stortinget, seier Hedstein.

Stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag Ingvild Kjerkol (A) stilte etter Hedsteins avgang spørsmål til landbruks- og matminister Jon Georg Dale om kvifor det var så viktig for regjeringa å leggje ned aktivteten på Kvithamar.  Matministeren har ikkje kommentert faglege vureringar av nedleggingsvedtaket, og vil heller ikkje kommentere saka i Klassekampen, men viser til styreleiar Victor Norman.