Kva skjedde eigentleg mellom rektoren og den tidlegare NHO-toppen? I dag kjem granskingsrapporten.
LUKK

Kva skjedde eigentleg mellom rektoren og den tidlegare NHO-toppen? I dag kjem granskingsrapporten.

Av Johanne Landsverk

Publisert 10. mars 2021 kl. 22:32

– Det mest graverande i denne saka er kanskje at Dag Rune Olsen på eiga hand har hatt møte på møte med Tom Knudsen, og at dei to ser ut til å ha laga avtalar fullstendig på utsida av det statlege byråkratiet, seier hovudtillitsvald Steinar Vagstad.

Kva skjedde eigentleg mellom avgåtte UiB-rektor Dag Rune Olsen og tidlegare NHO-topp Tom Knudsen som ville opprette ein praksisportal ved Universitetet i Bergen (UiB) for mange millionar?

Det får vi kanskje svar på i styremøtet ved UiB torsdag føremiddag. Då vil konsulentselskapet PwC levere ein granskingsrapport i den såkalla «Knudsen-saka».

Se framleggelsen direkte her:

Det var Bergens Tidende som først skreiv om saka, der det kom fram at den mangeårige NHO-toppen i Hordaland, Tom Knudsen, i fjor haust hadde forhandlingar med UiB-rektor Olsen om ein avtale som kunne ha sikra han ei toppleiarstilling og over 20 millionar i utbetaling for eit nyoppretta selskap.

Bakgrunnen var Knudsen sin idé om å opprette ein arbeidslivsportal knytt til praksis for studentar som ikkje studerer profesjonsfag. UiB-rektoren skal ha bede Knudsen om å etablere sitt eige selskap, Beste Praksis AS, som rektor ønska at UiB skulle kjøpe.

Økonomiavdelinga sa nei

Ifølgje eit notat til universitetsstyret skriv dåverande UiB-direktør Kjell Bernstrøm at møteverksemda vart intensivert frå mai 2020. «Universitetsdirektøren ble først kjent med saken og forslag til modell i forbindelse med at det ble gjort forberedelser for å signere dokumenter i slutten av juni.»

Økonomiavdelinga konkluderte med at det ikkje var mogleg å realisere forslaget innan gjeldande lovar for statleg verksemd. Ifølgje Bernstrøm kom saka opp att i september i ei litt anna form. Universitetsdirektøren gjentok hovudinnvendingane mot forslaget. Då valde rektor å rådføre seg med Kunnskapsdepartementet, men også der var det innvendingar mot avtaleutkastet som låg føre. Så planen vart skrinlagd.

Khrono har i fleire artiklar skrive om denne saka. Blant anna vart Nina Waaler, prorektor for utdanning ved Oslomet, svært overraska over at UiB aleine bruker pengar på ein arbeidslivsportal når det allereie finst ein nasjonal portal for universitet og høgskular.

Portalen er utvikla av Oslomet i samarbeid med Unit (Direktoratet for ikt og fellestjenester i høgare utdanning), og vart ferdigstilt i juni i år.

Etter at saka vart kjend, bestemte styret ved UiB at saka måtte få ei grundig ekstern gransking. Og no ligg rapporten føre.

– Laga avtalar fullstendig på utsida

Steinar Vagstad, hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved UiB, er spent på kva som vil kome fram i granskingsrapporten:

Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er 734366-661x955.jpg
– Kvalitetssikringa til administrasjonen har kome inn altfor seint, seier Steinar Vagstad. Foto: UiB

– Det mest graverande i denne saka er kanskje at Dag Rune Olsen på eiga hand har hatt møte på møte med Knudsen, og at dei to ser ut til å ha laga avtalar fullstendig på utsida av det statlege byråkratiet. Kvalitetssikringa til administrasjonen har kome inn altfor seint. No vil rapporten vise om denne oppfatninga er rett. Det kan sjølvsagt også kome fram andre ting, seier Vagstad.

Han viser også til ei sak i Bergens Tidende der Olsen og Knudsen mellom anna vart skulda for å føre fylkespolitikarane bak lyset. Ifølgje avisa vart støtte frå LO og NHO brukt som argument for å få millionstøtte fra fylkeskommunen, men ei slik støtte blir avvist av begge organisasjonane.

– Viss dette skulle vise seg å vere tilfellet, er det alvorleg, seier Vagstad.

UiB punga ut og gav Knudsen stilling

Etter at planane om ein praksisportal ikkje vart noko av, måtte UiB punge ut 540 000 kroner til Knudsen sine selskap.

I staden foreslo direktøren i samråd med rektor å opprette ei engasjementstilling ved UiB for Knudsen som då kunne arbeide vidare med ideen, følgje Khrono med ei årslønn på litt over 1,1 millionar kroner. Stillinga skal evaluerast etter seks månader.

Vagstad forventar at rapporten vil kommentere dette:

– Det vil sjå utruleg snålt ut om kontrakten hans ikkje blir avslutta etter seks månader, seier Vagstad.

Dag Rune Olsen gjekk av som rektor 4. januar 2021 av habilitetsgrunnar, fordi han vart tilsett i stillinga som rektor ved UiT– Norges arktiske universitet. Olsen uttalte då til Bergens Tidende at Knudsen-saka ikkje var medverkande til at han trekte seg.

  • Les også: