Einsidig triumf
LUKK

Einsidig triumf

Av Oddgeir Osland

Publisert 7. september 2017 kl. 18:21

Analytisk sprengkraft med politisk slagside om fattig og rik i Oslo.

Kvifor studere ulikskap, i eit av verdas rikaste og likaste land?

Fakta
<
Vel, eit motiv kunne vere ei interesse for at maktrelasjonar og ulikskap gjennomsyrer alle samfunn vi kjenner, samstundes som maktas grenser og ulikskapens omfang og karakter varierer. Dette er då også eit av sosiologiens leiemotiv heilt frå disiplinens formande periode.Eit anna motiv kunne vere politisk: å skildre og forklare ulikskapens ulike former for å gje politikken eit «kunnskapsgrunnlag», som det heiter i meir kvasinøytrale termar.

Desse to motiva pregar boka Oslo – ulikhetenes by, redigert av Jørn Ljunggren, ph.d. i sosiologi og forskar II ved Institutt for samfunnsforsking. Resultatet er ei overtydande skildring av korleis skiljet mellom Vestkanten (inkludert vestkantøya Nordstrand som snart har fått fastlandssamband gjennom Fjordbyen) og Austkanten langt på veg har vorte reprodusert gjennom 150 år. I ein velredigert antologi vert samanhengen mellom geografisk og sosial ulikskap dokumentert på område etter område, i kapittel etter kapittel: Segregerte busetjingsmønster følgjer statushierarki, med ditto systematisk variasjon i alt frå inntekt, formue, ungdommens skuleprestasjonar, livsstil og helse, til kor lenge menneska der lever liva sine.

Boka dokumenterer og søkjer å forklare kvifor byen er delt etter etniske skiljeliner, der innbyggjarar med norsk bakgrunn gradvis aukar sin representasjon i vest, medan innvandrardelen aukar i aust. Trass i slike etniske endringar har det politiske kartet – med blått fleirtal i vest, raudt i aust – vorte reprodusert også gjennom dei siste femti åra.

Les også: Norsk minoritetspolitikk: «Hver for seg er kapitlene viktige bidrag til en skammelig historie»

Sentralt, og kanskje med sterkast politisk verknadskraft, er analysane som tyder på at særtrekk ved sjølve nabolaget ein veks opp i, har ein sjølvstendig effekt på seinare livssjansar i form av utdanning, arbeid og inntekt. Og truleg har dette samanheng med systematisk varierande kvalitet på skulane som læringsarenaer i ulike bydelar.

Boka er tverrdisiplinær, med vektige bidrag frå fag som historie og statsvitskap. Men mest av alt er ho eit sosiologisk triumftog, tungt og truverdig basert på nøkterne analysar av harde tal frå administrative registerdata. Og reint politisk finn Civita-krinsen, sjølv med sterke røter og vene- og veljargrupper på Oslo vest, her langt mindre å støtte seg på i diskusjonen om byen vår enn venstresidepartia med forankring i aust.

Eit tredje motiv kunne vere å knytte studiet av ulikskap til sosial integrasjon. Her er analysen uforløyst. Vi finn interessante analysar av bustadsegregasjon med tilhøyrande sosial segregasjon, der særleg barn av den økonomiske overklassen lever eit isolert oppvekstliv. Men gylne gettoar og trygdegettoar har det til felles at innbyggjarane lever i monokulturelle sosialiseringsarenaer som svekker vilkåra deira for å sjå og forstå livsvilkåra til menneske med andre ressursar og livsformer. Dette handlar om å kjenne igjen det allment menneskelege som ligg under tilfeldige levesett, her fint skildra i eit dokumentarfotoprosjekt om to jentemiljø på kvar sin kant av byen, Ullern og Groruddalen, gjennom kvardag og fest. Men det handlar også om at konkret kjennskap til og innleving i ulikskapens mange former truleg er ein føresetnad for å utvikle ei politisk dømmekraft som viser utover dei økonomiske og kulturelle interesser ein sjølv er forma av og dermed representerer.

Les også: «En god introduksjon til en kritisk diskursanalyse med vilje til politiske holdninger.»

Eit fjerde motiv kunne vere normativt – eller moralsk om du vil. Ulikskap i livssjansar er eit universelt fenomen, men når og på kva område er det illegitimt, og korleis skal vi tenke systematisk om det? Korleis skal vi tenkje om tilhøvet mellom økonomisk vekst og rettferdig fordeling, i dette tilfellet i ein velferdsby sterkt integrert i den globale kapitalistiske økonomien? Slike tema ville opna for andre paradoks enn det denne boka omhandlar: Dei fleste av innvandrarane som dreg ned levekårstatistikken på austkanten, har truleg langt betre levekår enn dei hadde i det landet dei har forlate. Ser vi velstanden i dag med auga til ein Oslo-borgar i 1960, er nesten alle rike, men nokre er rikare enn andre. Og nesten alle kan kvile seg i velferdsstatens tryggingsnett, mange av dei som fell gjennom, gjer det av grunnar vi – og kanskje dei – knapt forstår. Men slike problemstillingar er boka nesten blotta for.

Det ville sjølvsagt ha vore ei anna bok. Men ei bok som kanskje slo sprekkar i det sterke, om ofte stillteiande, sambandet mellom norsk ulikskapssosiologi og norsk venstreside.

Les fleire bokmeldingar her.